MS «Crux» (1944)
Karriere | USA |
---|---|
Klasse og type: | C-1A |
Namn: | MS «Cape Faro» |
Eigar: | U.S.War Shipping Administration |
Verft: | Pennsylvania Shipyard Inc. i Beaumont i Texas i USA |
Verftsnummer: | 296 |
Sjøsett: | 27. februar 1944 |
Jomfrutur: | 29. april 1944 |
Heimehamn: | Beaumont i Texas |
IMO-nummer: | 6344771 |
Generelle mål | |
Type: | Lasteskip |
Tonnasje: | 5 231 brt, 3 028 nrt |
Daudvekt: | 7 900 tdw. |
Lengd: | 412,3 fot (125,7 m) |
Breidd: | 60,1 fot (18,3 m) |
Djupgang: | 24,9 fot (7,6 m) |
Installert effekt : | BHK 4150 NHK 770 |
Framdrift: | Nordberg dieselmotor |
Fart: | 13.5 |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Cape Faro» |
Eigar: | Sjøfartsdirektoratet |
Kjøpt: | Desember 1946 for USD 912 859 |
Heimehamn: | Oslo |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Crux» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Verft: | Pennsylvania Shipyard Inc., Beaumont, TX, USA |
Kjøpt: | 20. februar 1947 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LMFY |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Crux» |
Eigar: | Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab |
Kjøpt: | Juni 1951 for 11 mill. kr.[1] |
Heimehamn: | Trondheim |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Grey Master» |
Eigar: | Skibs A/S Golden West |
Kjøpt: | Mars 1954 for 33 000 GBP[1] |
Heimehamn: | Oslo |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Siredal» |
Eigar: | A/S Odderø, A/S Helgøy, A/S Norsk Rutefart, A/S Kinn, A/S Oksøy |
Kjøpt: | Mai 1960 |
Omdøypt: | «Sunfalcon» i mai 1963 |
Heimehamn: | Kristiansand |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Sunfalcon» |
Eigar: | I/S M/S Sunfalcon |
Kjøpt: | 1966 |
Heimehamn: | Kristiansand |
Karriere | Noreg |
Namn: |
MS «Concordia Falco»(1968) MS «Sol Tulla» (1968) MS «Scandia Falcon» (1968) |
Eigar: | Skips A/S Soltun & Co |
Kjøpt: | Februar 1968 |
Heimehamn: | Skudeneshavn |
Lagnad: | Opphogd 1972 |
MS «Cape Faro», seinare MS «Crux» var eit motorskip bygt i 1944 som lasteskip for U.S. War Shipping Administration.
I desember 1946 var skipet eitt av mange som vart kjøpt av den norske staten, og det vart overteke av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i februar 1947. Hos BDS fekk det namnet «Crux». Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Crux er det latinske namnet på stjernebiletet Sørkrossen. Det var det andre BDS-skipet med dette namnet etter MS «Crux», som krigsforliste i 1940.
Skipet vart sett inn i Syd-Amerikalinjen fram til tidleg i 1950-åra då det vart selt, og segla under fleire norske reiarlag under ulike namn fram til det vart opphogd i Taiwan i 1972.
Historie
endreSkipet vart bygt ved Pennsylvania Shipyard Inc. i Beaumont i Texas i USA.[2] Det vart kjølstrekt 13. desember 1943, sjøsett 27. februar 1944 og levert 29. april 1944.[1] Gudmor var Mrs. John Mc. Gregor.[1]
I desember 1946 vart skipet selt for nesten éin million amerikanske dollar til Den norske staten under Skipsfartsdirektoratet i Oslo og i februar 1947 vart det selt vidare til Det Bergenske Dampskibsselskab i Bergen. BDS gav det namnet «Crux» og det gjekk inn i Syd-Amerikalinjen. Det norske mannskapet vart flydd over til USA i puljer for å ta over skipet. 14. mars 1947 segla det ut frå Beaumont mot Rio de Janeiro via Trinidad. På denne første turen var det òg innom Bahia Blanca og Buenos Aires i mai, og segla tidleg i juni frå Buenos Aires mot Bergen via Tenerife. 26. juni 1947 var «Crux» i Bergen og Noreg for første gongen med ei last av mellom anna 60 tonn hudar, barkestoff og 1300 tonn fôrmjøl.[3] Etter anløp i Oslo, Drammen og Brevik gjekk det attende mot Sør-Amerika, der det nådde fram i september. Under denne turen var mannskapet på «Crux» ei av ei rekkje som gjennomførte ein sit down-streik i protest mot nye skattereglar for sjøfolk etter andre verdskrigen.[4] I heile 1948 gjekk det i linja til Sør-Amerika, før det første halvdel av 1949 gjekk på timecharter for Black Diamond Line mellom New York og Antwerpen/Rotterdam. I slutten av juli gjekk det inn att i Sør-Amerikalinja.
18. januar 1950 braut det ut brann i lasta i rom nummer 2 på «Crux» då det var 325 km utafor kysten av Portugal på veg mot Danmark og Noreg med stykkgods og korn.[5] Mannskapet fekk kontroll over elden, men tok skipet inn til Lisboa for potensiell etterslokking.[6] Lasta bestod mellom anna av oljekaker.[7]
I juni 1950 gjekk skipet inn i timecharter for Wilh. Wilhelmsen dei neste ni månadane med turar til India og Burma via Suezkanalen. I juni 1951 vart skipet selt til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab for 11 millionar kroner[1]. Skipet skulle derimot halde fram å gå for BDS dei neste tre åra på såkalla bare-boat-charter, og fortsette slik i linja til Sør-Amerika fram til 1954.[8] Då det kom attende frå India for Wilhelmsen gjekk det til Stavanger for overhaling og den neste turen etter dette gjekk til Murmansk og så til Gdynia i Polen i september-oktober 1951. Først i oktober gjekk skipet på ny inn i Sør-Amerikalinja.
I juni 1951 var det ei sak i Danmark der den danske tungvektsmeisteren i boksing, Tommy Skovgaard, måtte i retten for å ha gjeve tre av mannskapet på «Crux» juling. Dei skal ha sete på restauranten Lunden i Århus då ein rusa Skovgaard kom inn og slo sigaren ut av munnen på ein av dei. Då sjømannen ikkje reagerte skal Skovgaard ha blitt rasande og byrja å sloss med dei tre nordmennene.[9] 26. november 1953 beslagla Tollvesenet 200 liter liter sprit og 30 000 sigarettar ombord på «Crux» i Oslo. Smuglarvarene vart mellom anna funnen under lasta i rom nr. 5, og tre av mannskapet tilstod seinare. To av dei vart arresterte.[10]
I mars 1954 vart det selt til Skibs A/S Golden West (J.H. Andresen & Tidemand Tobakfabrikk) i Oslo for 33 000 britiske pund[1], og vart omdøypt «Grey Master». Dei første turane gjekk det mellom USA og Sør-Amerika.
I mai 1960 vart det selt til ei rekkje reiarlag i Kristiansand, A/S Odderø, A/S Helgøy, A/S Norsk Rutefart, A/S Kinn og A/S Oksøy (A.I. Langfeldt & Co) for 4,35 millionar kroner[1] og det fekk namnet «Siredal». I mai 1963 vart det omdøypt på grunn av timecharter Saquenay til «Sunfalcon». I 1966 vart skipet overført til I/S M/S Sunfalcon (A.I.Langfeldt & Co) i Kristiansand for 2,25 millionar kroner.[1]
Skipet vart i februar 1968 selt til Skips A/S Soltun & Co (Johs. Solstad) i Skudeneshavn for 1,45 millionar kroner[1] og fekk det nye namnet «Concordia Falco». I august same året vart det omdøypt «Sol Tulla», før det same månad fekk namnet «Scandia Falcon». Dette namnet hadde det fram til det vart selt i januar 1972 til Taiwan for 235 000 amerikanske dollar[1] for opphogging. Skipet ankom Kaohsiung og Zui Feng Steel & Iron Works den 21. januar 1972.
Skipet
endreTonnasjen til skipet var ved levering 5 231 brt, 3 028 nrt og lasteevna var 7 900 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 12 506 m³. Hovudmaskinen var to stykk 6-sylindra 2-takts dieselmotorar, levert av Nordberg Manufacturing Co. i Milwaukee. Oppgjeven yting var 4 150 bHk (bremsande hestekrefter) og 770 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 13,5 knop.[2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 «1951 MS CRUX (TRH110195101)». Skipshistorie.net. Henta 24. april 2021.
- ↑ 2,0 2,1 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 24. april 2021.
- ↑ «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 25. juni 1947. s. 2. Henta 24. april 2021.
- ↑ «Stigende misnøye blant sjøfolkene med den nye skatteordning». Bergen: Bergens Tidende. 3. oktober 1947. s. 1. Henta 24. april 2021.
- ↑ «Bergenskes «Crux» har brann i lasten». Bergen: Bergens Tidende. 18. januar 1950. s. 1. Henta 24. april 2021.
- ↑ ««Crux» til Lisboa for etterslokking». Bergen: Bergens Tidende. 19. januar 1950. s. 3. Henta 24. april 2021.
- ↑ ««Crux» igjen på farten». Bergen: Bergens Tidende. 1. februar 1950. s. 2. Henta 24. april 2021.
- ↑ «BDS kontraherer to 6800 tonnere i England». Bergen: Bergens Tidende. 19. juni 1951. s. 1. Henta 24. april 2021.
- ↑ «Dansk tungvekter mishandler 3 norske sjøfolk». Bergen: Bergens Tidende. 23. juni 1952. s. 5. Henta 24. april 2021.
- ↑ «Tre av «Crux»s mannskap har tilstått». Bergen: Bergens Tidende. 2. desember 1953. s. 8. Henta 24. april 2021.
- Mange av ruteskildringane er henta frå søk i arkivet til Bergens Tidende under små, korte notisar kalla «Skipsetterretninger».