MS «Uranus» (1925)

norsk motorskip

Skoltegrunnskaien i Bergen i 1925. «Uranus» ligg til høgre, delvis skjult bak hamnebygget.
Karriere  Noreg
Namn: MS «Uranus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Trosvik Verksted i Brevik
Byggekostnad: 602 225 kr[1]
Verftsnummer: 12
Jomfrutur: juni 1925
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LHRO - LFCT
Lagnad: Forliste 1948
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 935 brt, 527 nrt
Daudvekt: 1 095 tdw.
Lengd: 192,5 fot (58,7 m)
Breidd: 30,2 fot (9,2 m)
Djupgang: 20,4 fot (6,2 m)
Installert effekt : BHK 500 NHK 137
Framdrift: 4-sylindra 2-takts dieselmotor (A/B Atlas Diesel, Stockholm)
Fart: 10 knop
Passasjerar: 6 passasjerar

MS «Uranus» (kallesignal LHRO - LFCT) var eit dampskip bygt i 1925 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Uranus er ein av planetane i solsystemet. Dette var det tredje av fire skip kalla «Uranus» i BDS-flåten.

Historie endre

Skipet vart bygt ved Trosvik Verksted i Brevik og kosta kring 600 000 kroner[1] då det vart levert i juni 1925.[2] Den første prøveturen vart utført 19. juni 1925. Skipet gjekk inn i godsruta mellom Oslo og Kirkenes med kring 50 anløpsstader.[3] «Uranus» kom til Bergen første gongen 26. juni på veg nordover.[4]

10. oktober 1927 grunnstøytte «Uranus» på veg inn Oslofjorden, og vart liggande eit døgn på grunna før det ved flo sjø kom flott att.[5] Skipet fekk ingen skadar og var raskt i rute att.

Vinteren 1930-1931 var «Uranus» igjen på ei grunne. Det skjedde på reise ut frå Svolvær mellom Vakenet og Kjeøyland. «Uranus» gav fire støyt i fløyta for å markere at det var på veg ut den reglementerte leia, men då dei var komen inn i sundet, oppdaga dei eit motgåande skip midt i sundet. I følgje hamnereglementet skulle skip utafor sundet venta til utgåande fartøy var passert, men det skjedde ikkje her. Det motgåande skipet var Det Vesterålske Dampskibsselskab sitt DS «Hassel». For å unngå kollisjon, valde «Uranus» å manøvrere unna og kom då så nær Vakenet at dei rørte grunna der. Det var mørkt og noko dårleg sikt med sørvestleg kuling då dette skjedde.[6] «Uranus» fekk skadar for 13 000 kroner og BDS gjekk til søksmål mot VDS. I Lofoten sjørett vart BDS tilkjent ein tredjedel av beløpet frå VDS.[7]

I november 1933 var «Uranus» nok ein gong på grunn. Det skjedde då det var på veg sørover frå Tromsø og var komen like sørom Finnkåna på Helgeland, nord for Sandnessjøen. Skipet fekk botnskade og måtte i slipp for å få reparert skadane.[8]

16. mars 1940 fekk «Uranus» ein skade under lossing ved Vaksdal og vart dei første dagane i april 1940 lagt i dokk i Bergen for å reparere skaden.[9] Dermed var skipet i Bergen då tyskarane invaderte Noreg nokre dagar seinare, 9. april 1940. Skipet hamna slik i heimeflåten, og i starten av krigen gjekk skipet fortsatt i godsruta si.[10] 19. juli 1940 skal skipet ha blitt angripe av allierte fly, og det same skjedde igjen 26. mai 1942. I tillegg gjekk skipet på grunn 17. august 1941 og 31. desember 1941. Ingen av desse hendingane førte til større skadar.[10]

Grunnstøytinga 31. desember 1941 står omtalt i avisene. Skipet grunnstøytte ved Kvasheim sør for Obrestad fyr i dårleg sikt. Dykkarar undersøkte skipet i Stavanger, og nokre naglar var blitt sprengt, men det var elles lite skade.[11]

Ein gong seint i 1942 eller tidleg i 1943 fekk «Uranus» ein motorskade då veivakslingen var brekt av. Skipet vart då taksert til ein verdi av 920 000 kroner i skadelidd tilstand.[12] På grunn av mangel på drivstoff mot slutten av krigen, låg «Uranus» ofte i opplag.[10]

I mai 1945 kom skipet attende i fast fart att og var blant dei første skipa som førte forsyningar frå Oslo til Nord-Noreg etter den tyske kapitulasjonen.[10]

5. juli 1948 grunnstøytte «Uranus» på Svartskjær i Stoksund i tåke på reise Bergen til Tromsø med stykkgods. Skipet stod på grunn og det vart gjort forsøk på å berge skipet med hjelp av bergingsfartøyet DS «Parat». Dagen etter sokk derimot «Uranus» og vart liggande på 50–60 meters djupne.[13] Det meste av lasta, som hovudsakleg bestod av mjølvarer, vart berga før skipet sokk.[14] Skipet vart totalt havarert.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 935 brt, 527 nrt og lasteevna var 1 095 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 593 , der 286 m³ var kjølerom. Hovudmaskinen var ein 4-sylindra 2-takts dieselmotor frå Atlas Diesel i Stockholm. Oppgjeven yting var 500 bHk (bremsande hestekrefter) og 137 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[1] Skipet hadde lugar til seks passasjerar.

I 1930 vart det sett inn straumlinjeror.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «M/S Uranus». Sjøhistorie.no. Henta 6. juni 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 48. Henta 6. juni 2020. 
  3. «B.D.S. nye motorskib». Bergen: Bergens Tidende. 19. juni 1925. s. 7. Henta 6. juni 2020. 
  4. «Bergenskes Uranus i Bergen for første gang». Bergen: Bergens Tidende. 26. juni 1925. s. 7. Henta 21. juni 2020. 
  5. ««Uranus» kom flot i natt». Bergen: Bergens Tidende. 11. oktober 1927. s. 1. Henta 21. juni 2020. 
  6. «Fra sjøretten». Bergen: Bergens Tidende. 23. februar 1931. s. 5. Henta 21. juni 2020. 
  7. «Sjørettssak mellom B.D.S. og V.D.S.». Bergen: Bergens Tidende. 19. september 1932. s. 3. Henta 21. juni 2020. 
  8. ««Uranus» under havarireparasjon». Bergen: Bergens Tidende. 17. november 1933. s. 5. Henta 21. juni 2020. 
  9. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 4. april 1940. s. 5. Henta 21. juni 2020. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 «M/S Uranus». USA: Warsailors.com. Henta 21. juni 2020. 
  11. «Bergenskes motorskip «Uranus» har vært på grunn». Bergen: Bergens Tidende. 7. januar 1942. s. 2. Henta 21. juni 2020. 
  12. «Skadetakst over Bergenskes «Uranus»». Bergen: Bergens Tidende. 13. februar 1943. s. 3. Henta 21. juni 2020. 
  13. «Blir «Uranus» vrak?». Bergen: Bergens Tidende. 6. juli 1948. s. 2. Henta 21. juni 2020. 
  14. ««Uranus» last uskadd». Bergen: Bergens Tidende. 7. juli 1948. s. 4. Henta 21. juni 2020.