Morten
mannsnamn
(Omdirigert frå Maarten)
Morten, Mårten, Maarten og Morthen er mannsnamn avleidd av Martin, som har kjelde i det latinske namnet Martinus. Morten er ein dansk stavemåte medan Mårten er svensk.
11. november er namnedag for Morten i Noreg og for Mårten i Sverige.
Opphav
endreNamnet viser opphavleg til den romerske krigsguden Mars, men det var som helgennamn det spreidde seg over den kristne verda i ulike variantar. Den heilage Martinius, seinare Martin av Tours, var ein helgen som blei forbunden med gjæser. Mortensmessa den 11. november er ein gammal høgtidsdag som blei feira til minne om han.
Bruk
endreNamnet er kjent i Noreg frå 1400-talet. I tida 1955–1970 har Morten vore blant dei mest populære døypenamna i landet.
Kjende namneberarar
endre- Morten Mortensen (1816–1910), norsk stortingsmann
- Morten Lambrechts (1824–1900), norsk stortingsmann
- Mårten Eskil Winge {1825–1896}, svensk kunstnar
- Morten Müller (1828–1911), norsk kunstmålar
- Morten Olsson Lundberg (1834–1889), norsk stortingsmann
- Morten Svendsen (1877–1959), norsk komponist
- Morten Borgersen (f. 1950), norsk teatersjef
- Morten Krogvold (f. 1950), norsk fotograf
- Morten Smelror (f. 1958), norsk paleontolog
- Morten «Diesel» Dahl (f. 1959), norsk musikar og MC-entusiast
- Morten Harket (f. 1959), norsk musikar
- Morten Harry Olsen (f. 1960), norsk forfattar
- Mårten Palme (f. 1961), svensk økonom
- Morten Abel (f. 1962), norsk musikar
- Morten Sandøy (f. 1964), norsk journalist
- Morten Ørsal Johansen (f. 1964), norsk politikar (FrP)
- Morten Høglund (f. 1965), norsk politikar (FrP)
- Morten Dramstad (f. 1967), norsk ingeniør og gründer
- Morten Tyldum (f. 1967), norsk filmregissør
- Morten Øen (f. 1969), norsk lyrikar
- Morten Berre (f. 1975), norsk fotballspelar
- Morten Ask (f. 1980), norsk ishockeyspelar
- Morten Moldskred (f. 1980), norsk fotballspelar
- Morten Solem (f. 1980), norsk skihoppar
- Morten Ågheim (f. 1980), norsk skihoppar
- Morten Gamst Pedersen (f. 1981), norsk fotballspelar
- Morten Hetland (f. 1989), norsk forfattar