Magellanskarv
fugleart
Magellanskarv[1] (Phalacrocorax magellanicus) er ein fugl i skarvefamilien. Fuglen lever langs kysten i det sørlege Sør-Amerika, sørover frå Valdivia i Chile ned til Eldlandet og Kapp Horn samt Falklandsøyane. Om vinteren kan han flyga lenger nord; han har vorte sett i Santiago og på kysten av Uruguay.
Magellanskarv | |
Magellanskarv nær Ushuaia, Argentina Foto: Arthur Chapman. | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av magellanskarv | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sulefuglar Suliformes |
Familie: | Skarvefamilien Phalacrocoracidae |
Slekt: | Leucocarbo |
Art: | Magellanskarv P. magellanicus |
Vitskapleg namn | |
Phalacrocorax magellanicus |
Frå avstand ser fuglen svart ut på ryggen og kvit på magen. Ser ein nærmare, oppdagar ein at den svarte fargen varierer frå oljegrønt til blåaktig og har kvite flekker. Føtene er rosaaktige, og huda rundt augo og nebben er raud. Magellanskarven dykkar etter mat i havet som all anna skarv; vanlegvis et han småfisk. Han hekkar i koloniar som kan variera i storleik frå 5 par til rundt 400.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Rock Shag» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) magellanskarv hos Artsdatabanken
- (en) magellanskarv – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) magellanskarv i Encyclopedia of Life
- (en) magellanskarv i Global Biodiversity Information Facility
- (en) magellanskarv hos ITIS
- (en) magellanskarv hos NCBI
- (en) Kategori:Phalacrocorax magellanicus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Phalacrocorax magellanicus – detaljert informasjon på Wikispecies