For andre tydingar av oppslagsordet, sjå politikaren Magne Johansen.

Magne Johansen (fødd 18. januar 1965) i Trondheim er ein norsk tidlegare skihoppar. Han var med på det norske laget som vann VM-sølv i lagkonkurransen i stor bakke i Lahti i 1989. Frå noregsmeisterskapane fekk han med seg fire sølvmedaljar, alle i normalbakken, samt ein bronsemedalje.

Magne Johansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1965 (59 år)
Trondheim
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1992

Karriere

endre

Johansen debuterte i verdscupen i Lahti i mars 1987. Han slo ikkje heilt gjennom i internasjonale renn, ein fjerdeplass i St. Moritz i 1992 var hans beste plassering. Nasjonalt overraska han med å vinne sølvet under NM i normalbakken i 1988, berre overgått av Erik Johnsen. Dei beste sesongane hans var frå 1989 til -92. Under VM i Lahti fekk han ikkje hoppe i nokon av dei individuelle tevlingane, men var med på laget som vann VM-sølvet bak Finland. Clas Brede Bråthen, Ole Gunnar Fidjestøl og Jon Inge Kjørum var dei andre på laget. Beste individuelle VM-plassering var ein 13. plass under skiflygings-VM i Harrachov i 1992, same sesongen vart han nummer 18 i storbakken under OL i Albertville. Johansen var aktiv på toppnivå frå 1987 til 1993. Han tevla for Leknes SK, Meldal IL og Byåsen IL, og var med i treningsgruppa til Trønderhopp.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

endre

Han la opp i 1993.

Bakgrunnsstoff

endre