Opna hovudmenyen

Magne Lerheim

norsk politikar

Magne Lerheim (14. desember 192913. mars 1994) var ein norsk jurist og embetsmann frå Langevåg, dåverande Borgund kommune, no i Sula kommune i Møre og Romsdal. Han var også politikar for Venstre og Det Nye Folkepartiet, der han var partiformann.

Magne Lerheim
Fødd14. desember 1929
Død13. mars 1994
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Det Liberale Folkepartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedEuropa-colleget

Som jusstudent var han leiar av Studentvenstrelaget i 1952. Han vart cand. jur. i 1957. Han var formann i Unge Venstre frå 1960 til 1962. I 1963 var han statssekretær i kyrkje- og undervisningsdepartementet i den kortliva regjeringa Lyng, i tida 28.08-25.09.1963. Frå 1965 til 1973 var han første varamann på Stortinget for Venstre i Hordaland. Frå 14.02.1966 til 30.04.1967 var han igjen statssekretær, denne gongen i finansdepartementet under Ole Myrvoll i regjeringa Borten. Då Venstre vart splitta i 1972 gjekk han over i Det Nye Folkepartiet. Han vart formann i det nye partiet frå 1973 til 1978.

Han var universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen frå 1977 til 1990.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  • Universitet og samfunn. Festskrift til Magne Lerheim. (Bergen, 1989, Alma Mater Forlag A/S)