Magnificat av Bach
Magnificat i D-dur, BWV 243, er ein magnificat komponert av Johann Sebastian Bach.
BWV 243 Magnificat av Johann Sebastian Bach | |
Sjanger | Koral |
---|---|
Periode | Barokken |
Komponert | 1728-1731 |
Urframføring | 2. juni 1733 |
Publiseringsdato | 1828 |
Typisk lengd | 27:52 |
Satsar/akter | 12 |
Toneart | D-dur |
Han vart komponert i Leipzig i 1728-1731 for pinsen den 2. juni 1733. Bach vart utnemnd til musikkdirektør i Leipzig og kantor ved Tomaskyrkja i mai 1723. I desember hadde han alt komponert 30 kantatar og på juledag presenterte koret hans tre nyskrivne verk, Christen, ätzet diesen Tag BWV 63, Sanctus i C for morgontenesta og ein Magnificat i Ess-dur for aftansongen. Det siste av desse tre stykka danna grunnlaget for Magnificat i D-dur og har blitt eit av dei mest kjende korverka til Bach.[1]
Teksten er henta frå Evangeliet etter Lukas 1: 46-55.
Temaet er basert på salmen «Meine Seele erhebet den Herren» (Tysk Magnificat). Den tidlegare kjende kjelda til denne melodien kjem frå regionen Soest i 1532.
Instrumentering og struktur Endra
Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to tverrfløyter, to oboar, to oboar d'amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo (+ fiolonsell, violone, fagott), samt fem songsolistar (sopran 1 og 2, alt, tenor, bass) og femdelt kor (SSATB).
Det består av tolv satsar:
- Magnificat anima mea Dominus
- Et exultavit spiritus meus
- Quia respexit humilitatem
- Omnes generationes
- Quia fecit mihi magna
- Et misericordia
- Fecit potentiam
- Deposuit potentes de sede
- Esurientes implevit bonis
- Suscepit Israel suum
- Sicut locus est ad patres nostros
- Gloria Patri
- Sicut erat in principio
Kjelder Endra
- «Magnificat in D major BWV 243». Bach-kantater. Henta 21. april 2010.
- ↑ Virginia Sublett. «Magnificat, for 5 voices, 5-part chorus, orchestra & continuo in D major, BWV 243 (BC E14)». Allmusic. Henta 21. april 2010.
Bakgrunnsstoff Endra
- BWV 243 på bach-cantatas.com