Nord-Makedonia i Junior Eurovision Song Contest

Nord-Makedonia debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark, med songen «Ti ne me poznavaš», framført på makedonsk av Marija og Viktorija. Nord-Makedonia har delteke i tevlinga elleve gongar; i perioden 2003 til 2011, 2013 og 2015. Bidraga vart valde gjennom den nasjonale finalen Junior Eurosong, arrangert av den makedonske kringkastaren Makedonska radio televizija. Sidan 2013 har bidraga vore valde internt av den makedonske kringkastaren.

Nord-Makedonia

Offisielt Republikken Nord-Makedonia

Makedonska Radio Televizija
Uttakingar
Nasjonalt 9
Internt 8
Deltaking
Debutår 2003
Deltakingar 17
Beste resultat
Finalen 5 (2007 og 2008)
Verste resultat
Finalen Sist (2006, 2013 og 2015)
Poeng
Totalt 1 041

Fram til og med 2018, heitte landet Republikken Makedonia, men i Junior Eurovision-samanheng gjekk landet under namnet F.Y.R. Macedonia, grunna namnetvisten med nabolandet Hellas.

Namnendring

endre

I februar 2019 endra landet namn frå "Republikken Makedonia" (Republika Makedonija) til "Republikken Nord-Makedonia" (Republika Severna Makedonija). Hellas hadde ikkje godtatt at landet hadde namnet "Makedonia" fordi Makedonia i Hellas er eit område nord i Hellas, og Hellas meinte at Makedonia er eit gresk namn.[1] Som eit kompromiss vart republikken Makedonia i 1993 anerkjend av Dei sameinte nasjonane under namnet Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia (makedonsk Πоранешна Југословенска Република Македонија, Poranesjna Jugoslovenska Republika Makedonija). I 2019 inngjekk Hellas og Nord-Makedonia eit kompromiss som innebar at Hellas anerkjente landet mot at det tok namnet "Nord-Makedonia".[2]

Bidraga i Junior Eurovision Song Contest

endre
År Artist Song Språk Poeng Plass
  2003 Marija og Viktorija «Ti ne me poznavaš» Makedonsk 19 12
  2004 Martina Siljanovska «Zabava» Makedonsk 64 7
  2005 Denis Dimoski «Rodendeski baknež» Makedonsk 68 8
  2006 Zana Aliu «Vljubena» Makedonsk 14 15
  2007 Rosica Kulakova og Dimitar Stojmenovski «Ding ding dong» Makedonsk 111 5
  2008 Bobi Andonov «Prati mi SMS» Makedonsk 93 5
  2009 Sara Markovska «Za ljubovta» Makedonsk 31 12
  2010 Anja Veterova «Eooo, Eooo» Makedonsk 38 12
  2011 Dorijan Dlaka «Zimi ovoj frak» Makedonsk 31 12
  2013 Barbara Popović «Ohrid i muzika» Makedonsk 19 12
  2015 Ivana Petkovska og Magdalena Aleksovska «Pletenka» Makedonsk 26 17
  2016 Martija Stanojkovikj «Love Will Lead Our Way» Makedonsk, engelsk 41 12
  2017 Mina Blažev «Dancing Through Life» Makedonsk, engelsk 69 12
  2018 Marija Spasovska «Doma» Makedonsk 99 12
  2019 Mila Moskov «Fire» Makedonsk, engelsk 150 6
  2021 Dajte muzika «Green Forces» Makedonsk, engelsk 114 9
  2022 Lara med Jovan og Irina «Zjivotot e pred mene» Makedonsk og engelsk 54 14
  2023 Tamara Grujeska

Røystehistorikk

endre

Nord-Makedonia har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Serbia 100
2   Russland 77
3   Armenia 72
4   Kviterussland 70
5   Georgia 69

Nord-Makedonia har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Serbia 66
2   Albania 51
3   Malta 46
4   Nederland 43
5   Russland 39

Galleri

endre

Sjå òg

endre

Fotnotar

endre
  1. «FYROM Name Issue». Det greske utenriksdepartementet. Arkivert frå originalen 26. desember 2016. Henta 18. desember 2016. 
  2. «Announcement of the Government of the Republic of North Macedonia for entry into force of the Final Agreement, Constitutional Amendments and Constitutional Law for Implementation of Amendments». Влада на Република Северна Македонија (på makedonsk). 12. februar 2019. Henta 15. februar 2019. 

Kjelder

endre