Junior Eurovision Song Contest 2017

Junior Eurovision Song Contest 2017 (JESC 2017) var den 15. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Olympiapalasset i Tbilisi,Georgia.[4][5] Dette var fyrste gongen Georgia arrangerte tevlinga.[4] Finalen vart arrangert 26. november 2017.[1]

Junior Eurovision Song Contest 2017
Shine Bright
Dato
Finalen 26. november 2017[1]
Vertskap
Stad Olympiapalasset i Tbilisi, Georgia[2]
Programleiar Helen Kalandadze
Lizi Japaridze[3]
Deltakarar
Deltakarland 16[2]
Attende Portugal
Trekte seg Bulgaria
Israel
Kart
Vinnar
Land Russland
Song «Krylja»
Artist Polina Bogusevitsj
Junior Eurovision Song Contest
Junior Eurovision Song Contest 2016 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Junior Eurovision Song Contest 2018

Seksten land deltok i årets Junior Eurovision Song Contest. Portugal venda tilbake til tevlinga, etter å ha sist delteke i tevlinga i 2007.[2]

Russland vann tevlinga for andre gong, med songen «Krylja», sungen av Polina Bogusevitsj.[6]

FormatEndra

Visuell designEndra

Temaet og slagordet for tevlinga, «Shine Bright», vart presentert 12. mai 2017 under ei pressekonferanse under Eurovision Song Contest 2017 i Kiev. Logoen er ei flerfarga, stilisert sol som representerer ein "eksplosjon" av uttrykk; Jon Ola Sand forklarte at temaet reflekterte målet for Junior Eurovision Song Contest, som er å gje unge «ein augeblikk til å skine og ein mogelegheit til å vise deira fulle potensiale som unge artistar».[7]

ProgramleiararEndra

3. oktober 2017 vart Helen Kalandadze og Lizi Japaridze presentert som programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2017. Kalandadze er kjend i Georgia som songar, og har tidlegare delteke i songtevlingar. I 2013, vann ho songkonkurransen Your Face Sound Familiar. Kalandadze har også tevla i Eurovision Song Contest. I 2010, var ho ei av bakgrunnssongarane til den georgiske songaren Sopho Nizharadze, som sang låta «Shine». Lizi Japaridze, også kjend som Lizi Pop, har tidligare delteke i Junior Eurovision Song Contest, då ho representerte Georgia i Junior Eurovision Song Contest i Junior Eurovision Song Contest 2014 med låta «Happy Day» og enda på ein 11.-plass. I 2015, las ho opp poenga frå Georgia i Junior Eurovision Song Contest. Japaridze vil vere den fyrste programleiaren som har deltatt i Junior Eurovision Song Contest. Ho vil også vere den yngste programleiaren i Junior Eurovision Song Contest si historie.[3]

RøystgjevingEndra

9. august 2017 presenterte EBU ei endring i forbindelse med røystgjevinga. Som i dei føregåande åra har kvart land ei jurygruppe, som er samansatte av profesjonelle innanfor musikkindustrien og barn, som vil gje 1-8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittbidrag. Etter at sjåarane ikkje fikk moglegheiten til å røyste under fjorårets konkurranse, vil sjåarane i år igjen få moglegheiten til å røyste. Sjåarane vil for fyrste gang i tevlinga si historie kun røysta via røystgjeving på internett. Frå og med kl. 18:00 24. november til sundag 26. november 2017 kl. 15:59, som vil sei eitt minutt før sendinga startar, har alle som vil moglegheiten til å røyste på sine favorittar. Under sjølve sendinga, vil internettrøystinga starte etter at det siste bidraget har blitt visa fram. Sjårane har då 15 minutt på seg til å røyste på sine favorittbidrag igjen. Røystene som ble gjevne under sjølve sendinga, vert da slått saman med røystene som vart gjevne før sendingea. Stemmene vert deretter gjort om til poeng. Antall poeng vert bestemt ut i frå kor mange prosent av røystene dei har motteke. For eksempel: Viss eit land mottar 20 % av røystene, vil landet få 20 % av de tilgjengelege poengene. Røystinga frå sjåarane tell for 50 % av resultatet, mens dei resterande 50 % av resultatet vert bestemt av dei nasjonale juryane.

Deltakande landEndra

# Land[2] Artist Song Språk Plass Poeng
01   Kypros Nikól Nikoláou «I Wanna Be a Star» Gresk og engelsk 16 45
02   Polen Alicja Rega «Mój dom» Polsk 8 138
03   Nederland FOURCE «Love Me» Nederlandsk og engelsk 4 156
04   Armenia Misha «Boomerang» Armensk og engelsk 6 148
05   Kviterussland Helena Meraai «Ja samaja» Russisk 5 149
06   Portugal Mariana Venâncio «YouTuber» Portugisisk 14 54
07   Irland Muireann McDonnell «Súile Glasa» Irsk 15 54
08   Makedonia Mina Blažev «Dancing Through Life» Makedonsk og engelsk 12 69
09   Georgia Grigol Kipshidze «Voice of the Heart» Georgisk 2 185
10   Albania Ana Kodra «Don't Touch My Tree» Albansk og engelsk 13 67
11   Ukraina Anastasija Bahinska «Ne zupynjaj» Ukrainsk og engelsk 7 147
12   Malta Gianluca Cilia «Dawra Tond» Engelsk og maltesisk 9 107
13   Russland Polina Bogusevitsj «Krylja» Russisk og engelsk 1 188
14   Serbia Irina Brodić og Jana Paunović «Ceo svet je naš» Serbisk 10 92
15   Australia Isabella Clarke «Speak Up!» Engelsk 3 172
16   Italia Maria Iside Fiore «Scelgo (My Choice)» Italiensk og engelsk 11 86

RøystegjevingEndra

Deltakarland Poenggjevande land
Totalt INR                                
  Kypros 45 40 2 1 2
  Polen 138 61 1 10 6 4 5 12 7 2 8 3 6 5 1 6 1
  Nederland 156 112 5 4 10 6 1 4 4 5 5
  Armenia 148 56 12 10 8 8 2 10 10 10 7 10 2 3
  Kviterussland 149 69 6 5 2 7 10 1 5 5 5 2 12 8 4 8
  Portugal 54 45 2 4 3
  Irland 54 42 3 3 1 1 4
  Makedonia 69 41 1 3 3 1 1 4 6 5 3 1
  Georgia 185 42 3 12 7 12 12 7 10 10 12 12 10 12 8 10 6
  Albania 67 35 8 7 3 2 4 8
  Ukraina 147 67 7 6 5 8 5 4 3 6 8 2 4 3 12 7
  Malta 107 81 6 2 1 5 12
  Russland 188 66 10 8 8 4 10 12 5 12 12 7 5 8 7 12 2
  Serbia 92 44 3 4 2 6 8 3 4 7 2 2 7
  Australia 172 79 2 7 12 5 7 6 8 4 7 1 8 3 7 6 10
  Italia 86 49 4 1 3 6 6 1 6 10
  • INR: Poeng frå røystegjevinga på internett.

12 poeng frå dei nasjonale juryaneEndra

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
6   Georgia Albania, Armenia, Kviterussland, Polen, Russland, Ukraina
4   Russland Australia, Georgia, Makedonia, Portugal
1   Armenia Kypros
  Australia Nederland
  Kviterussland Malta
  Malta Italia
  Polen Irland
  Ukraina Serbia

Sjå ògEndra

FotnotarEndra