Manakinar

familie av sporvefuglar

Manakinar, Pipridae, er ein familie med omkring 56 artar av små sporvefuglar, ordenen Passeriformes. Familien har utbreiing i topisk Amerika.

Manakinar
Blåkronemanakin, Lepidothrix coronata Illustrasjon John Gerrard Keulemans, 1906, Public domain
Blåkronemanakin, Lepidothrix coronata
Illustrasjon John Gerrard Keulemans, 1906, Public domain
Utbreiing
Omtrentleg utbreiingsområde for manakinar
Omtrentleg utbreiingsområde for manakinar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Infraorden: Tyrannida
Familie: Manakinar Pipridae
Rafinesque, 1815

Skildring

endre

Manakinar varierer i storleik frå 7 til 15 cm og i vekt 8 til 30 g. I slekta Tyranneutes finn vi dei minste artane. Manakinar er kompakte fuglar med kort hale, breie og avrunda venger, og store hovud. Nebba er korte og har eit breitt gap. Hoer og eittårige hannar har matt grøn fjørdrakt. Dei fleste artane har hekkedrakt, hannane som oftast svart drakt med flotte fargeflekkar, og nokre artar har lange dekorative halefjør, kronfjør eller utståande strupefjør. Hos enkelte artar har umodne hannar på to til fire år ei særeigen fjørdrakt.

Syrinxen er karakteristisk hos manakinar og skil manakinar frå dei næraste slektningane, kotingaer og tyrannar. Syrinxen er så distinktiv for grupper og slekter av manakinar at til og med artar kan bli identifisert av syrinxen aleine, i motsetnad til artar av songfuglfamiliar. Lydane er fløytetonar, trillar, og summing.

Utbreiing, habitat, og diett

endre

Vi finn manakinar frå det sørlege Mexico ned til Nord-Argentina, Paraguay, og det sørlege Brasil, dessutan på Trinidad og Tobago. Dei er svært arboreale fuglar, finst nesten utelukkande i skog og skogsterreng. Dei fleste artane lever i fuktig tropisk lågland, med få artar i tørr skog og elveskog. Nokre artar i høglandet gjer vertikale fugletrekk. Føda er små frukter, bær og i mindre grad insekt. Dei kan plukke frukt i flukt, difor trur ein dei kan ha utvikla seg frå instektetande fuglar. Somme tider dannar dei fleirartsflokkar for matauk.

Forplanting

endre

Mange manakinartar har spektakulære ritual i paringsleiken, som er særleg omstendelege hos slektene Pipra og Chiroxiphia. Medlemmene av slektene Machaeropterus og Manacus har spesielle vengfjør som dei nyttar til å lage summelydar og klappelydar. Reiret er skålforma og ligg generelt lågt i terrenget. Hoane utfører ruging i 18 til 21 dagar, og sørgjer for føde til ungane i 13 – 15. Hjelmmanakin dannar stabile par, men bidraget frå hannen er avgrensa til å forsvare territoriet. Normalt er det er to egg i kvart kull, dei er mattgule eller skittenkvite med brune markeringar.

Artslista

endre
 
Hjelmmanakin, Antilophia galeata
Foto: Dario Sanches
 
Gullhovudmanakin, Ceratopipra erythrocephala
Foto: Flickr-brukar Mike's Bird
 
Kvitskjeggmanakin, Manacus manacus (hannfugl)
Foto: Flickr-brukar Mike's Bird
 
Blåmanakin, Chiroxiphia caudata, juvenil
Foto: Hector Bottai
 
Tepuimanakin, Lepidothrix suavissima
Illustrasjon John Gerrard Keulemans, 1882, Public domain
 
Corapipo leucorrhoa, eng: White-bibbed Manakin
Joseph Wolf, 1863, Public domain

Manakinar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Tyranneutes

  • Dvergtyrakin, Tyranneutes stolzmanni, Dwarf Tyrant-Manakin, Hellmayr, 1906, (LC)
  • Pygmétyrakin, Tyranneutes virescens, Tiny Tyrant-Manakin, Pelzeln, 1868, (LC)

Slekt Neopelma

  • Lysbuktyrakin, Neopelma pallescens, Pale-bellied Tyrant-Manakin, Lafresnaye, 1853, (LC)
  • Safrankronetyrakin, Neopelma chrysocephalum, Saffron-crested Tyrant-Manakin, Pelzeln, 1868, (LC)
  • Tupinambatyrakin, Neopelma aurifrons, Wied's Tyrant-Manakin, zu Wied-Neuwied, 1831, (VU)
  • Gullkronetyrakin, Neopelma chrysolophum, Serra do Mar Tyrant-Manakin, Pinto, 1944, (LC)
  • Svovelbuktyrakin, Neopelma sulphureiventer, Sulphur-bellied Tyrant-Manakin, Hellmayr, 1903, (LC)

Slekt Chloropipo

  • Gulmanakin, Chloropipo flavicapilla, Yellow-headed Manakin, Sclater, 1852, (VU)
  • Bekmanakin, Chloropipo unicolor, Jet Manakin, Taczanowski, 1884, (LC)

Slekt Antilophia

  • Keisarmanakin, Antilophia bokermanni, Araripe Manakin, Coelho & Silva, 1998, (CR)
  • Hjelmmanakin, Antilophia galeata, Helmeted Manakin, Lichtenstein, 1823, (LC)

Slekt Chiroxiphia

  • Sylhalemanakin, Chiroxiphia lanceolata, Lance-tailed Manakin, Wagler, 1830, (LC)
  • Langhalemanakin, Chiroxiphia linearis, Long-tailed Manakin, Bonaparte, 1838, (LC)
  • Blåryggmanakin, Chiroxiphia pareola, Blue-backed Manakin, Linné, 1766, (LC)
  • Yungasmanakin, Chiroxiphia boliviana, Yungas Manakin, Allen, 1889, (LC)
  • Blåmanakin, Chiroxiphia caudata, Swallow-tailed Manakin, Shaw, 1793, (LC)

Slekt Ilicura

  • Kårdemanakin, Ilicura militaris, Pin-tailed Manakin, Shaw, 1809, (LC)

Slekt Masius

  • Gladiatormanakin, Masius chrysopterus, Golden-winged Manakin, Lafresnaye, 1843, (LC)

Slekt Corapipo

Slekt Xenopipo

  • Olivenmanakin, Xenopipo uniformis, Olive Manakin, Salvin & Godman, 1884, (LC)
  • Svartmanakin, Xenopipo atronitens, Black Manakin, Cabanis, 1847, (LC)

Slekt Cryptopipo

  • Grønmanakin, Cryptopipo holochlora, Green Manakin, Sclater, 1888, (LC)

Slekt Lepidothrix

  • Blåkronemanakin, Lepidothrix coronata, Blue-crowned Manakin, von Spix, 1825, (LC)
  • Snøhettemanakin, Lepidothrix nattereri, Snow-capped Manakin, Sclater, 1865, (LC)
  • Gulkronemanakin, Lepidothrix vilasboasi, Golden-crowned Manakin, Sick, 1959, (VU)
  • Opalkronemanakin, Lepidothrix iris, Opal-crowned Manakin, Schinz, 1851, (VU)
  • Tepuimanakin, Lepidothrix suavissima, Orange-bellied Manakin, Salvin & Godman, 1882, (LC)
  • Kvitpannemanakin, Lepidothrix serena, White-fronted Manakin, Linné, 1766, (LC)
  • Blågumpmanakin, Lepidothrix isidorei, Blue-rumped Manakin, Sclater, 1852, (NT)
  • Asurkronemanakin, Lepidothrix coeruleocapilla, Cerulean-capped Manakin, Tschudi, 1844, (LC)

Slekt Heterocercus

  • Oransjeissemanakin, Heterocercus aurantiivertex, Orange-crowned Manakin, Sclater & Salvin, 1880, (LC)
  • Gulissemanakin, Heterocercus flavivertex, Yellow-crowned Manakin, Pelzeln, 1868, (LC)
  • Flammeissemanakin, Heterocercus linteatus, Flame-crowned Manakin, Strickland, 1850, (LC)

Slekt Manacus

Slekt Pipra

  • Flammemanakin, Pipra aureola, Crimson-hooded Manakin, Linné, 1758, (LC)
  • Trådhalemanakin, Pipra filicauda, Wire-tailed Manakin, von Spix, 1825, (LC)
  • Halebandmanakin, Pipra fasciicauda, Band-tailed Manakin, Hellmayr, 1906, (LC)

Slekt Machaeropterus

  • Bølgjevengmanakin, Machaeropterus deliciosus, Club-winged Manakin, Sclater, 1860, (LC)
  • Raudstripemanakin, Machaeropterus striolatus, Striolated Manakin, Bonaparte, 1838, (LC)
  • Raudtoppmanakin, Machaeropterus eckelberryi, Painted Manakin, Lane, Kratter & O'Neill, 2017
  • Brunstripemanakin, Machaeropterus regulus, Kinglet Manakin, Hahn, 1819, (LC)
  • Eldkronemanakin, Machaeropterus pyrocephalus, Fiery-capped Manakin, Sclater, 1852, (LC)

Slekt Dixiphia

Slekt Ceratopipra

  • Raudduskmanakin, Ceratopipra cornuta, Scarlet-horned Manakin, von Spix, 1825, (LC)
  • Raudhettemanakin, Ceratopipra mentalis, Red-capped Manakin, Sclater, 1857, (LC)
  • Gullhovudmanakin, Ceratopipra erythrocephala, Golden-headed Manakin, Linné, 1758, (LC)
  • Raudhovudmanakin, Ceratopipra rubrocapilla, Red-headed Manakin, Temminck, 1821, (LC)
  • Rundhalemanakin, Ceratopipra chloromeros, Round-tailed Manakin, Tschudi, 1844, (LC)

Slekt Piprites

  • Grånakkepiprit, Piprites chloris, Wing-barred Piprites, Temminck, 1822, (LC)
  • Gråhovudpiprit, Piprites griseiceps, Gray-headed Piprites, Salvin, 1865, (LC)
  • Svartkronepiprit, Piprites pileata, Black-capped Piprites, Temminck, 1822, (VU)

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Manakin frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Prum, Richard O.; Snow, David W. (2003). Manakins, in Perrins, Christopher: The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books, 434–437. ISBN 1-55297-777-3.
  • Lanyon, Scott N. (1991). in Forshaw, Joseph: Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press, 167-168. ISBN 1-85391-186-0.
  • Remsen, J. V., Jr., C. D. Cadena, A. Jaramillo, M. Nores, J. F. Pacheco, M. B. Robbins, T. S. Schulenberg, F. G. Stiles, D. F. Stotz, & K. J. Zimmer. 2007. A classification of the bird species of South America. American Ornithologists' Union. Lest 12. desember 2007.

Referansar

endre
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre