Mangalitsasvin
Mangalitsasvin er ein svinerase frå Sentral-/Søraust-Europa. Grisane er kjenneteikna av krusete hår som liknar ull. Dei kan ha ulike hårfargar, som mørk overside og lys underside og bein, heilt lyse eller raudfarga. Huda er mørk. Grisungane er ofte stripete, som villsvinungar. Mangalitsa er utbreidd i søraustlege Europa, og er vanlegast i Ungarn.
Historie
endreMangalitsasvin oppstod i Austerrike-Ungarn gjennom kryssingar av fleire lokale grisetypar – sumadia og syrmiansvin frå Serbia og Kroatia og tre gamle ungarske typar (bakonyi, szalontai og alföldi) – og målretta avl. Resultatet blei ein rundvoren, feittrik gris med krøllhår. Namnet mangalica tyder 'rulle-' eller 'sylinderforma', og kan koma frå serbokroatisk mangala svinija, 'velfødd gris' eller mangulica, mangulac, 'lettfeita'.
Mangalitsa blei oppført som ein eigen rase i 1927 av det ungarske feittgrisavslaget (Mangalicatenyésztok Országos Egyesülete). Under andre verdskrigen blei hald av grisen svært utbreidd, men utover på 1900-talet gjekk talet på grisar ned på grunn av endra dyrehaldsmetodar og etterspurnad etter magrare svinekjøt. Mangalitsa fanst nesten berre på enkelte småbruk og i dyrehagar. I 1973 blei grisen verna av ungarske styresmakter. Frå 1990-åra voks interessen for kjøtet att. Produksjon og eksport tok seg opp att, etter at rasen hadde vore nær utrydding.
I 1943 var det rundt 30 000 registrerte dyr i Ungarn. Talet på grisar minka kraftig til det var under 200 avlspurker registrerte i landet ved slutten av 1970-åra. Ved slutten av 2000 var det registrert 1049 purker (811 lyse, 126 raude og 112 svartrygga) av mangalitsa i Ungarn. Det blir også halde mangalitsagrisar i land som Austerrike og Tyskland. Grisane er blitt eksportert til ulike land for oppdrett, til dømes til Storbritannia, der dei er registrerte av British Pig Association, til USA og til Danmark.
Eigenskapar
endreGrisen er hardfør og kan klara seg ute året rundt. Både hårdekket og det tjukke feittlaget gjer at han toler sterk kulde. Kullstorleiken er naturleg, slik at hoene kan fø opp alle ungane sine utan ekstra lys eller varme. Mangalitsa trivst godt med å finna sin eigen mat i skog eller gras, og blir elles typisk fôra med korn, mais eller graskar.
Grisen produserer mykje feitt og lite magert kjøt, og bruker lang tid på å nå slaktevekt samanlikna med moderne grisetypar – rundt 12 månader, 2 månader meir enn det vanlege for moderne. Dei produserer også mindre kjøt enn moderne griserasar, men inneheld ein mindre del metta og ein større del umetta feitt og oljesyre. Kjøtet blir rekna som særs godt på smak.
Bruk
endreMangalitsagris blir hovudsakleg brukt til å laga pølser som salami, men det store feittinnhaldet gjer at det også eigner seg til vellagra skinke, som etter spansk tradisjon.
Kjelder
endre- «Mangalitsasvin» (2009, 14. februar), Store norske leksikon. Henta 20. juli 2013.
- Pig Case Study Hungary 1 Arkivert 2013-05-16 ved Wayback Machine. (PDF); Pig Case Study Hungary 2 Arkivert 2013-05-16 ved Wayback Machine. (PDF), Animal Welfare Aspects of Good Agricultural Practice: pig production] - ciwf.org/gap Compassion in World Farming - ciwf.org
- The Woolly Mangalica Pig, dartagnan.com
- History Arkivert 2015-06-26 ved Wayback Machine., mangalitzainternational.org
- Dr. Radnóczi László, OMMI, Hungary, The Hungarian Mangalica Arkivert 2012-02-10 ved Wayback Machine., agroservice.hu
- History of the Mangalitsa Pig Arkivert 2013-05-27 ved Wayback Machine., puremangalitsa.com
- History, mangalitsawoolypigs.com
- Welcome to Mosefund, mosefund.com
- Jacques H. Trienekens, Brigitte Petersen, Nel Wognum, Dietert Brinkmann, European Pork Chains: Diversity and Quality Challenges in Consumer-Oriented Production and Distribution, Wageningen Academic Pub, 2009
- mangalitsasvin[daud lenkje], Norsk Landbruksordbok (1979), wiki.umb.no
- Morten Thomsen, «Uldgrisene er kommet til Danmark» Arkivert 2009-01-31 ved Wayback Machine., landbrugsavisen.dk (14. januar 2009)