Mannfolkarbeid er arbeid som tradisjonelt har vorte utført av mannfolk, som til dømes arbeidd som vert utført med hest, som pløying, horving, tømmerkjøring, å køyra høy, møkk og så vidare. Såing, slått, tresking, tommerhogst, jakt og fiske, slakting, bygging og vøling av hus og anna snikkararbeid er andre døme. Vedhogst var òg mannfolksarbeid og ofte var det kårkallen som sat i skottet og kløyvde ved. Å fora og ta seg av hestane var òg mannfolkarbeid og kvinnfolka skulle helst ikkje visa seg i stallen. Det fanst likevel unntak, ved at ungmøyer kunne verte sette til å skyssa embetsmenn når karane var opptekne med onnearbeid[1]. Ølbrygging hadde ikkje kvinnfolk greie på, så dette var mannfolkarbeid. Det same var tilfelle for brenning, som i eldre tid var lovleg. Kvinnfolka skulle heller ikkje vera med på fiske, men nokre stadar langs kysten var det viktig å «ha godt haill» når ein la ut på fiske. Det var spesielt i Nord-Noreg at denne skikken vart sett på som viktig.

Pløying er eit typisk døme på mannfolkarbeid.
Tømmerfløyting var mannfolkarbeid. Dette biletet er frå Klarälven i Sverige i 1918.
Å driva fiske og fraktefart var typisk mannfolkarbeid.

Å driva handel var òg mannfolkarbeid og mange livnærte seg som hest-, krøter- eller skreppehandlarar. Som det går fram av namnet var yrke som embetsmenn, sysselmenn, fylkesmenn og lensmenn mannfolkarbeid. Andre øvrigheitspersonar, som til dømes prestar, var alltid menn. Å arbeida som lærar og klokkar var òg mannfolkarbeid, som av òg til vart utført som attåtarbeid av gardbrukarar. Handverk som båtbygging, notbøting, skomakararbeid og så vidare var mannfolkarbeid.

Om ein mann utførte kvinnfolkarbeid, som til dømes mjølking eller matlaging vart det rekna som ei stor skam. Fram til midten av 1900-talet var det ikkje uvanleg at kallen stod med hendene i lommene og såg på at kjerringa mjølka.

Kjelder endre

  1. Metcalfe, F., På reise i Norge - Fra Christiania til Vadsø for hundre år siden, J.W. Cappelens forlag, 1967.

Bibliografi endre

  • Feiring, T., Rovde, O. og Tøsse, S., Den norske småbrukaren 1913-1988, Det norske samlaget, 1988.
  • Flatmoen, A., Turist i Gudbrandsdalen på 1800-talet, J.W. Cappelen, 2007.
  • Fykse, S.J., Fjordabonden - Frå stuttorv og sigd til rundballar og reiseliv, Hardangerforlaget, 2003.
  • Kiil, A., Da bøndene seilte - Bygdefarsbrukets historie i norderlandene, Messel forlag, 1993.
  • Krokan, I., Det store hamskiftet i bondesamfunnet, 3. utg., Det norske samlaget, 1982.
  • Leirfall, J., Stormaskina, Det norske samlaget, 1970.
  • Leirfall, J., Bra folk, Det norske samlaget, 1977.
  • Vinje, A.O., Ferdaminne frå sumaren 1860, Det norske samlaget, 1861.
  • Williams, W.M., Til fots i Norge i 1856, J.W. Cappelen, 2005.

Sjå òg endre