Opna hovudmenyen

Marie Laurencin (31. oktober 18838. juni 1956) var ein fransk målar og grafikar. Ho var ein viktig figur i avantgarden i Paris, og var ein av kubistane knytt til kunstnargruppa Section d'Or.

Marie Laurencin
Marie Laurencin 1949.jpg
Fødd 31. oktober 1883
10. arrondissement
Død

8. juni 1956
Paris

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar, grafiker, scenograf, illustratør

Innhaldsliste

BiografiEndra

 
Marie Laurencin ca. 1912.

Laurencin var fødd i Paris, der ho blei oppdratt av mora og budde mesteparten av livet. Som attenåring studerte ho porselenmåling i Sèvres. Deretter vende ho tilbake til Paris og fortsette kunststudia ved Académie Humbert, der ho endra fokus til oljemåleri.

Laurencin debuterte som lyrikar under løyndenamnet Louise Lalanne. Ho kom tidleg i kontakt med kubistane, og blei elev av Kees van Dongen.[1]

Ho var medlem både av krinsen rundt Pablo Picasso og blant kubistar knytt til Section d'Or, som Jean Metzinger, Albert Gleizes, Robert Delaunay, Henri le Fauconnier og Francis Picabia, og stilde ut saman med dei ved Salon des Indépendants (1910-1911) og Salon d'Automne (1911-1912).

Ho hadde eit forhold til diktaren Guillaume Apollinaire, og er ofte blitt omtalt som ein muse for han. Ho var også knytt til salongen til den kjende amerikanske og lesbiske forfattaren Natalie Clifford Barney. Sjølv hadde Laurencin heteroseksuelle og lesbiske forhold.[2]

Under første verdskrigen drog Laurencin i eksil frå Frankrike til Spania ettersome ekteskapet hennar med den tyskfødde baron Otto von Waëtjen automatisk fråtok henne fransk statsborgarskap. Paret budde deretter ei tid i Düsseldorf. Etter at dei skilde seg 1920, vende ho tilbake til Paris. Her hadde ho økonomisk suksess som kunstnar fram til den store depresjonen på 1930-talet. På denne tida tok ho arbeid som kunstlærar ved ein privatskule.

Ho budde i Paris livet ut.

VerkEndra

Laurencin måla med olje og akvarell. Ho skildra særleg den mondene kvinna i ein forfina pastellkoloritt.[1] Ho utvikla ein sprø, raffinert og personleg stil, framfor alt i bilde av barn og ungjenter.[3]

I tillegg til måleri laga ho også sceneutkast og kostymeteikningar, illustrerte bøker og laga grafiske blad.[4]

EttermæleEndra

Laurencin er relativt lite kjend og utstild i Frankrike, men er derimot svært omtykt i Japan. I 1983, på kunstnaren sin hundreårsdag, opna Musée Marie Laurencin i Nagano prefektur i Japan. Museet huser meir enn 500 av verka hennar, og eit arkiv. I 2913 blei det halde ei Laurencin-utstilling i Paris som gjorde henne kjend for eit større fransk publikum.

Marie Laurencin er omtalt i den populære songen «L'Été indien» av Joe Dassin frå 1975.

Laurencin har eit krater på Venus kalla opp etter seg.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Marie Laurencin», Store norske leksikon, 14. februar 2009 
  2. «Laurençin, Marie». glbtq.com. Arkivert frå originalen 2013-09-21. 
  3. Bra Böckers lexikon, 1977
  4. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 16, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1933, s. 1039. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Marie Laurencin