Matthias de Zordo

Matthias de Zordo (fødd 21. februar 1988) er ein tysk friidrettsutøvar frå Bad Kreuznach, som tevlar i spydkast. Han vart verdsmeister i øvinga i 2011 i Daegu, året i førevegen fekk han EM-sølv. Zordo har kasta spydet 88,36 m som lengst, og vart tysk meister i 2010 og 2011. Han har sidan 2007 tevla for SV Saar 05 Saarbrücken.

Matthias de Zordo

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 21. februar 1988 (36 år)
Bad Kreuznach
Yrke spydkastar, friidrettsutøvar
Språk tysk
Høgd 190 centimeter
Nettstad http://www.matthiasdezordo.de/
Matthias de Zordo på Commons

Aktiv endre

Zordo vart i 2007 europameister for juniorar i Hengelo med eit kast på 78,59 m, hans årsbeste og personlege var åtte centimeter lenger. I 2008-sesongen forbetra han sin personlege rekord til 82,51 m. Så langt kasta han ikkje i 2009, då han som best noterte 80, 15 m. Han fekk sølv i den tyske meisterskapen i spydkast, bakom Mark Frank.

24. mai 2010 sette Zordo ny personleg rekord med 83,09 m. To veker seinare la han på til 84,38 m og viste han høyrde heime i verdseliten. Seinare i juni 2010 overraska han med å vinne spydtevlinga i europameisterskapen for lag i Bergen, der han med 83,80 m slo verdmeisteren Andreas Thorkildsen. I juli vann han sin fyrste tyske meisterskap. Den 31. juli gav han Thorkildsen hard kamp om spyd-gullet under EM i friidrett 2010 i Barcelona, Zordo tok sølvmedaljen etter ei spanande tevling med nemnde Thorkildsen. Zordo kasta heile 87,81 meter, tre meter over hans tidlegare bestenotering.

I 2011-sesongen vann Zordo den tyske meisterskapen i spydkast i Kassel, før han den 3. september, under verdsmeisterskapen i Daegu i Sør-Korea, sigra over den regjerande meisteren Andreas Thorkildsen. To veker seinare sette han ny personleg rekord med 88,36 m då han finalen i «Diamond League» i Brussel. Han vann stemnet og gjekk også forbi Thorkildsen i samandraget for «Diamond League»-stemna for 2011.

Zordo var plaga av skader heile 2012-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre