McCulloch Motors Corporation
McCulloch Motors Corporation er eit nordamerikansk dotterselskap til Husqvarna Group, som produserer motorsager, grasklipparar og minitraktorar.
McCulloch Motors Corporation | |||
| |||
Bransje | Hortikultur | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1943 | ||
Morselskap | Husqvarna Group | ||
Hovudkontor | USA, Tucson[1] | ||
Produkt | motorsag | ||
Grunnleggjar(ar) | Robert P. McCulloch | ||
Nettstad | http://www.mccullochpower.com |
Soge
endreFøretaket vart stifta på 1930-talet, av Robert P. McCulloch, som tok til å produsera små totakts bensinmotorar i Milwaukee i Wisconsin i USA[2] I 1943 selde han føretaket sitt til Borg-Warner. Eit halvår etterpå stifta han McCulloc Avioinics, og tok til å produsera generatorar og motorar for treningsdroner. I 1956 flytta føretaket til større lokalar i Los Angeles i California. Etter krigen, fram til 1947, vart det produsert motorsagmotorar for Reed-Prentice, men i 1947 hadde McCulloch utvikla si eiga tomannssag. Ho kom på marknaden i 1948, og vart fyrst kalla 1225A, men etter ei stund vart namnet endra til 5-49, som stod for 5 hk, 49 pund (22.2 kg)[2]. Denne saga hadde vridbart sverd, slik at ho kunne nyttast både til felling og kapping. Ho hadde dessutan sentrifugalkopling, noko som var svært moderne på denne tida. I motsetnad til andre Nord-Amerikanske motordagprodusentar produserte McCulloch sine eigne forgassarar. I 1950 kom dei med ein forbetra modell, 7-55, som var utstyrt med automatisk kjedesmøring. McCulloch heldt fram med å produsera tomannssager heilt fram til 1971.
Den fyrste einmannssaga, modell 3-25, kom på marknaden i 1949. Det vart nytta støypedelar av aluminium og magnesium, og saga hadde ein masse på berre 11,3 kg. Denne saga hadde membranforgassar, så ho fungerte like godt når ho vart lagt på sida for felling. I 1953 kom modell 47 og i 1953 kom den noko kraftigare 4-30. Sagene til McCulloch var svært moderne og vart godt mottekne, noko som førte til at McCulloch vart ein av dei viktigaste motorsagprodusentane i Nord-Amrika. Det vart òg starta ei avdeling i Europa.
I 1974 vart McCulloch oppkjøpt av Black and Decker, som i 1984 selde føretaket vidare. I samband med ein konkurs vart føretaket splitta opp; Husqvarna kjøpte den europeiske avdelinga og Taiwan-firmaet Jenn Feng kjøpte den nordamerikanske avdelinga. I 2008 kjøpte Husqvarna denne avdelinga[3], og McCulloch vart eit dotterselskap under Husqvarna.
Referansar
endre- ↑ https://www.mcculloch.com/int/discover/history/; vitjingsdato: 24. september 2020.
- ↑ 2,0 2,1 Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publishing, 2006.
- ↑ Sweden's Husqvarna buys Taiwan outdoor assets Arkivert 2015-06-30 ved Wayback Machine., Reuters, 17/3-2008.