Eurovision Song Contest 2002

Eurovision Song Contest 2002 var den 47. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av organisasjonen EBU. Konkurransen bestod av ein finale som blei arrangert laurdag 25. mai 2002 i Saku Suurhall i Tallinn i Estland. Arrangør var Eesti Televisioon, og programleiarar var Annely Peebo og Marko Matvere. Dette var fyrste gongen konkurransen ble arrangert av eit av landa som kom inn i konkurransen etter at Berlinmuren fall. EBU sette talet på deltakarland til 24 land, og vinnaren blei Latvia med «I Wanna», framført av Marie N. Dette var den fyrste sigeren til Latvia i Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest 2002
Offisiell tittel
47. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 25. mai 2002
Vertskap
Stad
Saku Suurhall i Tallinn i Estland
Programleiar(ar)
Annely Peebo
Marko Matvere
Kringkastar(ar)
Eesti Televisioon (ETV)
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
23
Attende
Austerrike
Belgia
Finland
Kypros
Makedonia
Romania
Sveits
Trekte seg
Portugal
Ikkje med
Island
Irland
Nederland
Noreg
Polen
Kart
Røysting
Vinnar
Latvia med «I Wanna» av Marie N
Eurovision Song Contest
København 2001 Riga 2003

Noreg deltok ikkje på grunn av den dårlege plasseringa i København året før. Dette var fyrste gongen sidan 1970 at Norge ikkje deltok, og hittil einaste gongen landet ufriviljug måtte stå over ei utgåve av konkurransen. Malta kom på andreplass, mens Storbritannia og vertslandet Estland enda på delt tredjeplass. Danmark kom sist, og dette er den einaste sisteplassen til Danmark i konkurransen til no.

Bakgrunn endre

 
Saku Suurhall i Tallinn.

Etter sigeren med songen «Everybody» i 2001, var Estland og kringkastaren ETV vertar for fyrste gong. Sett bort frå Jugoslavia i 1990, var Estland det fyrste av dei tidlegare austblokklanda til å arrangere Eurovision Song Contest.[1] Lenge var det usikkert om Estland ville ha råd til å arrangere konkurransen, men den estiske kringkastaren fekk til slutt sikra økonomien i arrangementet ved hjelp av ekstra midlar frå regjeringa.[1][2]

ETV la Eurovision Song Contest 2022 til hovudstaden Tallinn og arenaen Saku Suurhall med plass til rundt 10 000 tilskodarar. Til å handtere sendinga henta ETV inn fagfolk og ekspertise frå utlandet. Blant dei var to nordmenn: tv-regissør Marius Bratten og regiassistent Reidunn Nørstelien.[3][4] Bratten jobba på denne tida for svenske SVT, og hadde også hatt regien for konkurransen i 2000. Programleiarar var mezzosopranen Annely Peebo og skodespelaren Marko Matvere.

Opphavleg skulle 22 land delta i konkurransen: Dei 15 beste frå det føregåande året, pluss dei sju landa som hadde blitt ekskluderte frå 2001-utgåva på grunn av dårlege plasseringar året før. Men den europeiske kringkastingsunionen auka talet på deltakarland til 24 og gav dimed Israel og Portugal moglegheita til å delta. Portugal avslo, og plassen blei i staden tilboden Latvia, som seinare gjekk hen og vann konkurransen.[1][5]

Dei fem dårlegaste plasserte landa frå 2001 måtte stå over konkurransen dette året: Island, Irland, Nederland, Polen og Noreg, som mista sin fyrste finale på 32 år.

Sendinga endre

For fyrste gong hadde konkurransen sitt eige tema – «A Modern Fairytale» ('eit moderne eventyr'). Sidan då har alle konkurransar hatt eit eige slagord. Eventyrtemaet gjekk igjen gjennom heile konkurransen, blant anna i postkortfilmane som blei vist mellom songane.

Sendinga opna med ein kortfilm frå Tallinn, der fjorårsvinnarane Tanel Padar og Dave Benton dukka opp. Etter filmen fortsette sendinga frå Saku Suurhall, og Padar og Benton kom på scena og song vinnarbidraget «Everybody». Deretter kom programleiarane Annely Peebo og Marko Matvere på scena og ønskte velkommen på engelsk og fransk. Under introduksjonen blei det også vist direktebilete frå Eurovision-festar på torget i Tallinn, i London, på Reperbahn i Hamburg og Granada i Spania.

Deretter starta konkurransen, og rekkjefølgja var avgjord ved loddtrekking. Kypros starta, mens Litauen avslutta. Blant deltakarane var det fleire minneverdige framsyningar. Dei greske deltakarane stilte i romdrakter, Slovenia sende tre dragartistar utkledde som flyvertinner, mens Sergio frå Belgia leverte ei særs energirik framføring. Den tyske deltakaren Corinna May var blind, og skulle eigentleg ha delteke for Tyskland i 1999, men blei diskvalifisert fordi songen hadde vore offentleggjord tidlegare.[6] Dette året var ho tilbake som favoritt med songen «I Can't Live Without Music»,[7] men det tyske bidraget blei berre nummer 21 av 24 bidrag.

Etter at songane var framførte, blei det som vanleg vist ein kortreprise av deltakaren idet telefonavrøystinga start. Åra i forvegen hadde songar med seint startnummer generelt fått fleire telefonrøyster enn songar med tidlege startnummer. For å motverke fordelen av å opptre mot slutten, «snudde» arrangørane dette året kortreprisen. Ein byrja reprisen med song 24 og avslutta med song 1. Dette for at også songane med tidleg startnummer skulle vere friskt i minnet til sjåarane.

 
Spanske Rosa var blant favorittane dette året.

På førehand var Tyskland, Storbritannia, Sverige og Frankrike dei største favorittane til å vinne konkurransen. I Spania var det også enorm merksemd rundt landets deltakar, Rosa López. Ho hadde vunne talentkonkurransen Operación Triunfo, eit Idol-liknande tv-konsept. Programmet og Rosa hadde blitt svært populære i Spania, og forventningane til bidraget «Europe's Living a Celebration» var skyhøge før Eurovision Song Contest. Spania enda til slutt på ein sjuandeplass, men finalen blei sett av heile 14 millionar spanske tv-sjåarar – det høgaste talet nokon gong.[8]

Men i likskap med fjoråret, innfridde ikkje favorittane. I staden utvikla avrøystinga seg overraskande til ein duell mellom Malta og Latvia. Konkurransen blei til slutt vunnen av Marie N frå Latvia med songen «I Wanna». I likskap med «Everybody», som vann konkurransen året før, blei «I Wanna» fort gløymd etter konkurransen. Faktisk dukka songen ikkje opp på nokre av singellistene i Vest-Europa – unntaket var belgiske Flandern, der han dukka opp på utfordrarlista til den offisielle topp 50-lista.[9] «I Wanna» er dimed truleg ein av dei minst suksessfulle vinnarlåtane i Eurovision-historien.[10][11] Men Marie N fikk ein relativt suksessrik karriere i Latvia, og året etter var ho programleiar for Eurovision Song Contest i Riga.[10]

Storbritannia fekk sitt beste resultat på fire år, takka vere Jessica Garlick og songen «Come Back», som enda på delt tredjeplass saman med vertslandet Estland. Det skulle gå 20 år før Storbritannia slo denne plasseringa, då Sam Ryder blei nummer to med «Space Man» i Torino i 2022.[12]

Noreg måtte stå over endre

For fyrste gong sidan 1970 deltok ikkje Noreg i Eurovision Song Contest. Årsaka var sisteplassen året før med «On My Own» og Haldor Lægreid. Berre dei 17 beste landa frå 2001 fekk delta, og Noreg måtte difor stå utanfor konkurransen i 2002. Dette var fyrste gongen sidan debuten at Noreg ufriviljug stod utanfor konkurransen. Heller ikkje i 1970 deltok Noreg, men då boikotta NRK finalen i protest mot forma på konkurransen.[13]

Sjølv om Noreg ikkje deltok, blei finalen likevel send på NRK1 med Jostein Pedersen som kommentator.[4] Sendinga på NRK1 blei følgd av 970 000 sjåarar, noko som var ein nedgang på rundt ein halv million sjåarar frå året før.[14] Dei norske sjåarane fekk heller ikkje røyste i finalen, sidan det berre var deltakarlanda som hadde røysterett. Noreg var tilbake i konkurransen igjen i 2003.

Avrøystinga endre

Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar. Ifølgje konkurransereglane måtte alle land bruke telefonavrøysting eller ein kombinasjon av jury og telefonavrøysting, om eit land ønskte det. Det var berre lov å røyste tre gongar frå kvar telefon.[15] I særskilde tilfelle der telefonavrøysting ikkje var teknisk gjennomførbart, kunne ein jury brukast i staden. Dette gjorde Makedonia, Romania, Russland, Tyrkia og Bosnia-Hercegovina. I tillegg brukte Kypros, Hellas, Spania, Kroatia, Finland, Malta, Slovenia og Litauen ei 50/50-blanding av telefonrøyster og juryrøyster. Landa som brukte telefonavrøysting, hadde i tillegg ein reservejury på åtte personar som skulle brukast om telefonavrøystinga svikta, eller plutseleg ikkje kunne gjennomførast. Sjåarane fekk ti minutt på seg til å røyste. Overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz frå EBU.

Hendingar endre

Påstander om bytte av røyster endre

Ifølgje konkurransereglane dette året kunne landa bruke telefonavrøysting eller ein 50/50-kombinasjon av telefonrøyster og juryrøyster.[15] Kypros, Hellas, Spania, Kroatia, Finland, Malta, Slovenia og Litauen valde å bruka ein 50/50-kombinasjon. I tillegg hadde Makedonia, Romania, Russland, Tyrkia og Bosnia-Hercegovina berre jury, siden den tekniske infrastrukturen i dei landa ikkje kunne handtere ei så omfattande telefonavrøysting som dette.

Regelverket sa at berre dei 15 beste landa dette året ville få plass i konkurransen i 2003. Dimed hadde landa ein ekstramotivasjon for å sikre seg nok poeng til å kvalifisere seg til neste års konkurranse. I kjølvatnet av avrøystinga dette året kom ei rekkje skuldingar om jury-juks. Fleire delegasjonar hevda at dei hadde blitt kontakta av andre land med tilbod om å bytte juryrøyster. Blant anna skal Frankrike ha blitt kontakta av Kypros som ønskte å bytte røyster. Det til trass for at Frankrike brukte telefonavrøysting og var kvalifisert til neste års finale uansett kor mange poeng landet fekk. Frankrike er nemlig eit av dei «fem store» landa som alltid er kvalifisert til finalen. Då Frankrike avviste tilbodet frå den kypriotiske delegasjonen, skal Kypros ha blitt så sinte at dei ikkje gav Frankrike ei einaste røyst.[16]

Den norske Eurovision-eksperten Kato M. Hansen meinte enkelte land hadde juksa i mange år, og at nokon av dei hadde klart å få nok røyster til å kvalifisere seg til konkurransen året etter: «Mange av jukselandene har åpenbart klart det. Du ser det tydelig når du studerer resultatene nøyere», sa Hansen til Dagbladet.[16]

Ifølgje Dagbladet laga EBU ein rapport som viste kor sannsynleg det var at Kypros, Hellas, Kroatia, Russland, Makedonia, Malta og Romania har inngått ein avtale om å «byte» poeng.[17] Påstandane blei aldri stadfesta eller bevist, men dei fekk uansett følgjer for konkurransereglane åra framover. Til konkurransen i 2003 fjerna EBU moglegheita for å bruke ein 50/50-kombinasjon av telefonrøyster og juryar – heretter måtte alle land bruke telefonavrøysting åleine. I tillegg skulle eit uavhengig teleselskap overvake telefonavrøystinga i kvart land, og ein notarius publicus eller politi skulle overvake at avrøystinga gjekk riktig for seg. EBU varsla også eigne umeldte kontrollar for å stoppe moglegheita for røystebytting.[18]

Dragartist-bråk i Slovenia endre

 
Dei slovenske deltakarane i Sestre var dragartistar, noko som skapte debatt.

Dei slovenske deltakarane i gruppa Sestre skapte mykje debatt i Slovenia etter å ha vunne den nasjonale finalen i februar. Hovudårsaka var at dei tre mennene i gruppa alle var dragartistar og stilte på scena utkledde som flyvertinner. Kostyma og framføringa møtte motstand i Slovenia og sparka i gong ein debatt om homofile i det katolske landet. Ein slovensk psykiater meinte motstanden mot Sestre i stor grad skuldast den «utbreidde homofobien» i landet.[19]

Stridane nådde også EU og Europaparlamentet. Slovenia var på denne tida på veg til å bli EU-medlem, men debatten omkring Sestre fekk EU-representantar til å spørje om landet eigentleg var klar for medlemskap i unionen. «Eg blei veldig sjokkert då eg fekk vite at det nok ein gong er debatt i Slovenia omkring seksuelle minoritetar. At temaet homofile rettar dukkar opp stadfestar for oss at Slovenia kanskje enno ikkje er klar for EU-medlemskap», sa Lousewies van der Laan i Europaparlamentets komité for offentlege og sivile rettar til slovensk tv.[19]

Trass all debatten i heimlandet valde Sestre likevel å delta i Eurovision Song Contest, der dei enda på ein trettandeplass. To år seinare blei også Slovenia medlem av EU.

Kommentatorar ut mot Israel endre

Etter finalen hevda israelske myndigheiter at kommentatorane i Sverige og Belgia hadde oppfordra sjåarane til ikkje å røyste på Israel. Årsaka skuldast trulig at Israel nettopp hadde gjenokkupert delar av Vestbreidda som følgje av eit aukande tal palestinske åtak mot Israel.[20] Ifølgje israelske medium skal dei belgiske kommentatorane ha sagt: «vi får håpe Israel ikkje vinn. Dette er ikkje tida for at Israel skal stå vertskap for Eurovision Song Contest». Den eine av dei svenske kommentatorane skal vidare ha sagt at han ville gitt Israel «null poeng».[21]

Deltakarar endre

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[22] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen finst i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Sang Språk Plass Poeng
01   Kypros One «Gimme» Engelsk 6 85
02   Storbritannia Jessica Garlick «Come Back» Engelsk 3 111
03   Austerrike Manuel Ortega «Say a Word» Engelsk 18 26
04   Hellas Mikhális Rakindzís «S.A.G.A.P.O.» Engelsk 17 27
05   Spania Rosa «Europe's Living a Celebration» Spansk, engelsk 7 81
06   Kroatia Vesna Pisarović «Everything I Want» Engelsk 11 44
07   Russland Prime Minister «Northern Girl» Engelsk 10 55
08   Estland Sahlene «Runaway» Engelsk 3 111
09   Makedonia Karolina Gotsjeva «Od nas zavisi» (Од нас зависи) Makedonsk 19 25
10   Israel Sarit Hadad «Light a Candle» Hebraisk, engelsk 12 37
11   Sveits Francine Jordi «Dans le jardin de mon âme» Fransk 22 15
12   Sverige Afro-Dite «Never Let It Go» Engelsk 8 72
13   Finland Laura «Addicted to You» Engelsk 20 24
14   Danmark Malene Mortensen «Tell Me Who You Are» Engelsk 24 7
15   Bosnia-Hercegovina Maja Tatić «Na jastuku za dvoje» Serbisk, engelsk 13 33
16   Belgia Sergio & The Ladies «Sister» Engelsk 13 33
17   Frankrike Sandrine François «Il faut du temps» Fransk 5 104
18   Tyskland Corinna May «I Can't Live Without Music» Engelsk 21 17
19   Tyrkia Buket Bengisu «Leylaklar Soldu Kalbinde» Tyrkisk, engelsk 16 29
20   Malta Ira Losco «7th Wonder» Engelsk 2 164
21   Romania Monica Anghel og Marcel Pavel «Tell Me Why» Engelsk 9 71
22   Slovenia Sestre «Samo ljubezen» Slovensk 13 33
23   Latvia Marie N «I Wanna» Engelsk 1 176
24   Litauen Aivaras «Happy You» Engelsk 23 12

Artistar som hadde delteke tidlegare endre

Artist Land Deltok i Merknader
Konstantínos Khristofórou (del av One)   Kypros 1996
Monica Anghel   Romania 1996 Deltok i kvalifiseringsrunden


Poengtavle endre

Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[23]

██ Jury██ Jury og telefonavrøysting██ Telefonavrøysting

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
                                               
  Kypros 3 12 6 10 6 4 1 4 3 12 8 4 8 4 85 6
  Storbritannia 12 7 6 4 5 6 2 8 6 7 6 1 8 2 10 8 5 8 111 3
  Austerrike 1 1 7 5 12 26 18
  Hellas 12 1 8 6 27 17
  Spania 7 2 4 6 6 12 7 6 12 12 7 81 7
  Kroatia 6 6 5 5 5 2 3 12 44 11
  Russland 5 2 10 1 3 8 10 10 6 55 10
  Estland 7 3 5 3 6 2 12 10 8 10 4 4 8 2 2 6 12 7 111 3
  Makedonia 3 4 1 5 12 25 19
  Israel 5 1 5 1 2 10 5 5 3 37 12
  Sveits 5 3 2 3 1 1 15 22
  Sverige 1 4 1 8 3 7 10 12 1 4 7 4 10 72 8
  Finland 2 5 1 10 3 3 24 20
  Danmark 4 1 1 1 7 24
  Bosnia-Hercegovina 7 3 7 3 6 2 3 2 33 13
  Belgia 4 1 7 3 4 2 10 2 33 13
  Frankrike 10 3 8 3 7 10 8 12 5 8 10 6 4 3 2 5 104 5
  Tyskland 1 2 2 1 3 3 4 1 17 21
  Tyrkia 4 3 8 7 7 29 16
  Malta 10 12 8 6 10 12 5 7 10 10 4 4 2 12 4 7 6 10 5 10 7 3 164 2
  Romania 8 8 5 12 12 8 4 1 7 6 71 9
  Slovenia 6 2 7 8 2 2 1 5 33 13
  Latvia 4 8 10 10 12 2 10 12 7 12 8 5 6 7 5 8 8 12 6 7 5 12 176 1
  Litauen 4 2 6 12 23

12 poeng endre

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som blei gjevne under avrøystinga.

Tal Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
5
  Latvia Estland, Israel, Litauen, Spania, Tyskland
3
  Malta Danmark, Kroatia, Storbritannia
  Spania Belgia, Frankrike, Sveits
2
  Kypros Hellas, Malta
  Estland Latvia, Sverige
  Romania Makedonia, Russland
1
  Austerrike Tyrkia
  Kroatia Slovenia
  Frankrike Finland
  Makedonia Romania
  Hellas Kypros
  Sverige Bosnia-Hercegovina
  Storbritannia Austerrike

Kommentatorar og poengopplesarar endre

Poengopplesarar endre

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå sitt land på engelsk eller fransk over satellitt.[24] Under er talspersonane i same rekkjefølgje som under avrøystinga.

  1.   Kypros – Melani Steliou
  2.   Storbritannia – Colin Berry
  3.   Austerrike – Dodo Roscic
  4.   Hellas – Aléxis Kostálas[25]
  5.   Spania – Anne Igartiburu
  6.   Kroatia – Duško Ćurlić[26]
  7.   Russland – Arina Sjarapova
  8.   Estland – Ilomai «Elektra» Küttim
  9.   Makedonia – Biljana Debarlieva[27]
  10.   Israel – Michal Zo'aretz
  11.   Sveits – Diana Jörg
  12.   Sverige – Kristin Kaspersen
  13.   Finland – Marion Rung
  14.   Danmark – Signe Svendsen
  15.   Bosnia-Hercegovina – Segmedina Srna
  16.   Belgia – Geena Lisa Peeters
  17.   Frankrike – Marie Myriam
  18.   Tyskland – Axel Bulthaupt
  19.   Tyrkia – Meltem Ersan Yazgan
  20.   Malta – Yvette Portelli[28]
  21.   Romania – Leonard Miron
  22.   Slovenia – Nuša Derenda
  23.   Latvia – Ēriks Niedra
  24.   Litauen – Loreta Tarozaitė


Kommentatorar og sendingar endre

Dei fleste landa som overførte finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar og sendingar under Eurovision Song Contest 2002:[29]

Kommentatorer og sendinger i deltakerlanda
Land Kringkaster Kanal Kommentator
  Belgia RTBF RTBF La Une[30] Jean-Pierre Hautier[31]
VRT VRT TV1[32] André Vermeulen og Bart Peeters[33]
  Bosnia-Hercegovina BHRT BHTV1 Ismeta Dervoz-Krvavac
  Danmark DR DR1 Keld Heick[34]
  Estland Eesti Televisioon ETV Marko Reikop[35]
Eesti Raadio Raadio 2 Vello Rand
  Finland Yle Yle TV2 Maria Guzenina og Asko Murtomäki[36]
Yle FST Ukjend[37]
Yle Radio Suomi Iris Mattila og Tarja Närhi[38]
  Frankrike France Télévisions France 3 Marc-Olivier Fogiel og Dave[31]
Radio France France Bleu Sébastien Cauet
  Hellas ERT ET1 Dafni Bokota[39]
ERA 1 Jórgos Mitropoulos
  Israel IBA Kanal 1 Ingen kommentator
  Kroatia HRT HRT 1 Ante Batinović[40]
  Kypros RIK RIK 1 Evi Papamikhail[41]
  Latvia LTV LTV1 Kārlis Streips
  Litauen LRT LRT Darius Užkuraitis
  Makedonia MRT MTV 1 Milanka Rasjik
  Malta Public Broadcasting Services|PBS]] TVM John Bundy
  Romania TVR TVR1 Andreea Demirgian
  Russland ORT ORT 1 Jurij Aksiuta og Jelena Batinova
VGTRK Russlands stemme Vadim Dolgatsjov
  Slovenia RTVSLO SLO1 Andrea F
  Spania TVE La Primera José Luis Uribarri[42]
RNE Radio 1 Nieves Herrero
  Storbritannia BBC BBC One Terry Wogan
BBC Radio 2 Ken Bruce
  Sveits SF DRS SF2 Sandra Studer
TSR TSR 1 Phil Mundwiller
TSI TSI 1 Claudio Lazzarino og Jonathan Tedesco
  Sverige SVT SVT1 Claes Åkesson og Christer Björkman[43]
SR SR P3 Carolina Norén og Björn Kjellman[44]
  Tyrkia TRT TRT 1 Bülend Özveren
TRT Radyo 3 Ümit Tunçağ
  Tyskland ARD Das Erste Peter Urban[45]
Deutschlandfunk Thomas Mohr
  Austerrike ORF ORF 1 Andi Knoll[46]
FM4 Stermann & Grissemann[47]
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
Land Kringkastar Kanal Kommentator
  Australia SBS SBS TV Terry Wogan[48]
  Kviterussland BTRC Belarus 1 Ukjend[49]
  Island RÚV Sjónvarpið Logi Bergmann Eiðsson[50]
Rás 2 Ukjend[51]
  Irland RTÉ Network Two Marty Whelan[52]
  Jugoslavia RTS RTS2 Mladen Popović[53]
  Nederland NOS Nederland 2 Willem van Beusekom[54]
Radio 3FM Hijlco Span
  Noreg NRK NRK1 Jostein Pedersen[55]
  Polen TVP TVP1 Artur Orzech[56]
  Portugal RTP RTP1 Eládio Clímaco[57]
  Ukraina NTU Fyrste nasjonale Pavlo Sjylko og Marija Orlova, sendt 20 timar etter sendestart[58]

Andre utmerkingar endre

I tillegg til det offisielle vinnartrofeet, blei det delt ut fleire prisar og utmerkingar i samband med konkurransen. Blant dei var den offisielle Marcel Bezençon Awards og den fan-baserte Barbara Dex Award.

Marcel Bezençon Awards endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er Marcel Bezençon Awards.

Marcel Bezençon Awards blei fyrst delt ut under årets konkurranse, og er ei utmerking til dei beste songane i finalen. Prisen blei oppretta av {{ikkjeraud|Christer Björkman]] og Richard Herrey. Utmerkinga er kalla opp etter skaparen av Eurovision Song Contest, Marcel Bezençon, og delast ut i tre kategorier: presseprisen, artistprisen og fanprisen. Fanprisen blei røysta fram av medlemmar av OGAE-klubbene. Prisane blei offentleggjorde like før finalen.[59]

Kategori Land Song Artist Låtskrivarar
Artistprisen   Sverige «Never Let It Go» Afro-Dite Marcos Ubeda
Fanprisen   Finland «Addicted to You» Laura Voutilainen Maki Kolehmainen, Janina Frostell, Tracy Lipp
Presseprisen   Frankrike «Il faut du temps» Sandrine François Rick Allison, Patrick Bruel, Marie-Florence Gros

Barbara Dex Award endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er Barbara Dex Award.

Barbara Dex Award var ein uoffisiell og humoristisk fan-pris som blei delt ut årleg fram til 2021 av den belgiske nettsida songfestival.be. Utmerkinga blei tildelt den verst kledde artisten, ut frå røystene til fans og vitjande på sida. Prisen var kalla opp etter den belgiske artisten Barbara Dex, som i eit eigesydd plagg kom på sisteplass i 1993.[60] Under er vinnaren som blei røysta fram av fansen i 2002:

Land Artist Song
  Hellas Mikhális Rakindzís «S.A.G.A.P.O.»

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Eurovision Song Contest Tallinn 2002». eurovision.tv. 2017. Henta 25. august 2017. 
  2. «Ikke råd til Grand Prix-fest». Dagbladet.no (på norsk). 13. mai 2001. Henta 21. november 2017. 
  3. ««Norsk» GP fra Estland». Dagbladet.no (på norsk). 18. april 2002. Henta 21. november 2017. 
  4. 4,0 4,1 «Spenning i Tallinn». arkiv.nrk.no (på norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 21. november 2017. 
  5. «The end of a decade: Tallinn 2002». eurovision.tv. 23. desember 2009. Henta 21. november 2017. 
  6. «Corinnas revansj». Dagbladet.no (på norsk). 24. mai 2002. Henta 21. november 2017. 
  7. «Blind GP-favoritt». Dagbladet.no (på norsk). 25. mai 2002. Henta 21. november 2017. 
  8. «Eurovision Spain: Rosa returns to Eurovision! - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). 6. februar 2015. Henta 21. november 2017. 
  9. Hung, Steffen. «Marie N – I Wanna». ultratop.be. Henta 26. februar 2017. 
  10. 10,0 10,1 Jon O'Brien (13. mai 2016). «21st Century Eurovision winners: Where are they now?». Metro.co.uk. Henta 26. februar 2017. «I Wanna, is reportedly the smallest Eurovision hit ever» 
  11. «Worst Eurovision Winners Ever». The Eurovision Times. Henta 26. februar 2017. 
  12. Fitzpatrick, Katie (14. mai 2022). «UK 'so proud' of Sam Ryder as he earns best Eurovision result in 20 years». Manchester Evening News (på engelsk). Henta 14. august 2022. 
  13. «Norge ikke med i Melodi Grand Prix neste år». Aftenposten. 1. november 1969. s. 1 og 20. 
  14. Trulsen, Ola Nymo (26. mai 2015). «Høyeste Eurovision-seertall siden 2010». NRK (på norsk). Henta 20. november 2017. 
  15. 15,0 15,1 «Rules of Eurovision Song Contest 2002» (PDF). Myledbury. Henta 9. november 2014. 
  16. 16,0 16,1 «Grand Prix-juks». Dagbladet.no (på norsk). 5. mai 2003. Henta 26. august 2017. 
  17. Rau, Oliver (6. mai 2003). «Eurovision Cheating at the Eurovision Song Contest 2002?». ESCToday.com (på engelsk). Henta 26. august 2017. 
  18. Tollgerdt, Panas, Johan, Dan (4. mai 2003). «Länder fuskar i schlager-EM». Aftonbladet. Henta 26. august 2017. 
  19. 19,0 19,1 «Transvestite Sisters stir Eurovision storm». BBC News (på engelsk). 5. mars 2002. Henta 21. november 2017. 
  20. Leraand, Dag (8. juni 2017). «Midtøsten-konflikten». Store norske leksikon (på norsk). Henta 21. november 2017. 
  21. Ringby, Daniel (29. november 2002). «Eurovision Israeli government investigates ESC». ESCToday (på engelsk). Henta 14. august 2022. 
  22. «Final of Tallinn 2002 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 14. august 2022. 
  23. «Eurovision Song Contest 2002 – Scoreboard». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 27. august 2017. Henta 26. august 2017. 
  24. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022. 
  25. «Εκφωνητές της ΕΡΤ για τις ψήφους της Ελλάδας στην EUROVISION – side 3». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 11. september 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  26. «• Pogledaj temu - SPOKESPERSONS». Forum.hrt.hr. 29. februar 2008. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 25. august 2017. 
  27. «ESCforum.net». ESCforum.net. Henta 9. august 2012. 
  28. Marc Calleja Bayliss (9. mai 2011). «Breaking News: And the Spokesperson Is». ESCflashmalta. Arkivert frå originalen 19. mars 2012. 
  29. «Eurovision Song Contest 2002 – full cast». imdb.com. Henta 25. august 2017. 
  30. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  31. 31,0 31,1 Christian Masson. «2002 – Tallinn». Songcontest.free.fr. Henta 9. august 2012. 
  32. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  33. «Bart Peeters co-commentator op songfestival : showbizz». Mijnnieuws.skynetblogs.be. Arkivert frå originalen |archive-url= requires |archive-date= (hjelp). Henta 9. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2. april 2012. Henta 25. august 2017. 
  34. «Danske kommentatorer og pointsoplæsere». Esconnet.dk. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 21. april 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 25. august 2017. 
  35. «Estonia: Sahlene to be ETV's spokeperson». Arkivert frå originalen 2. september 2011. Henta 7. februar 2016.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2. september 2011. Henta 25. august 2017. 
  36. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 9. august 2012. 
  37. STT (25. mai 2002). «fst 12.45 Tanskan kuninkaallinen...». Helsingin Sanomat (på finsk). Henta 27. november 2022. 
  38. Operaattorit (25. mai 2002). «ylen ykkönen 87,9 MHz / HTV 92,3...». Helsingin Sanomat (på finsk). Henta 27. november 2022. 
  39. «Η Δάφνη Μπόκοτα και η EUROVISION (1987–2004)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 12. september 2012. Henta 10. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp)
  40. «• Pogledaj temu - EUROSONG 2009». Forum.hrt.hr. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 25. august 2017. 
  41. Savvidis, Christos (OGAE Cyprus)
  42. «Uribarri commentator Eurovision 2010» (på spansk). Foro EuroSong Contest. Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 24. juli 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 25. august 2017. 
  43. «Infosajten.com». Infosajten.com. Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 25. august 2017. 
  44. Radio, Sveriges. «Carolina Norén tar rygg på Tusse under årets Eurovision - Kulturnytt i P1». sverigesradio.se (på svensk). Henta 27. november 2022. 
  45. «Dr. Peter Urban kommentiert - Düsseldorf 2011». Duesseldorf2011.de. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 25. august 2017. 
  46. Online, Tiroler[daud lenkje] Tageszeitung. «ESC-Kommentator Andi Knoll: „Heinz Prüller bin ich keiner“ | Tiroler Tageszeitung Online - Nachrichten von jetzt!». Tiroler Tageszeitung Online (på tysk). Arkivert frå originalen 21. august 2017. Henta 21. august 2017. 
  47. «Song Contest mit Stermann & Grissemann». wien.orf.at (på tysk). 1. mai 2012. Henta 27. november 2022. 
  48. Matthews, Alana (12. mai 2022). «Looking back at Australia's Eurovision commentary on SBS». aussievision (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. august 2022. Henta 11. desember 2022. 
  49. «СЕМЬ ДНЕЙ ИСТОРИИ БЕЛОРУССКОГО РОК-Н-РОЛЛА». nestor.minsk.by. Henta 27. november 2022. 
  50. «Dagblaðið Vísir – DV, 25.05.2002». Timarit.is. Henta 9. august 2012. 
  51. Háskólabókasafn, Landsbókasafn Íslands-. «Tímarit.is». timarit.is (på islandsk). Henta 27. november 2022. 
  52. «RTÉ so lonely after loss of Gerry – Marty». 20. mai 2010. Henta 29. mai 2010. «He has been providing commentary for Irish viewers since 2000 and maintains great enthusiasm for the much lampooned contest.» 
  53. «Nostalgični RTV press clipping». rtvforum.net. Arkivert frå originalen 29. september 2015. Henta 2. september 2015.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 29. september 2015. Henta 25. august 2017. 
  54. www.eurovisionartists.nl. «Welkom op de site van Eurovision Artists». Eurovisionartists.nl. Henta 9. august 2012. 
  55. «Alt du trenger å vite om MGP – Melodi Grand Prix – Melodi Grand Prix – NRK». Nrk.no. 27. mai 2003. Henta 9. august 2012. 
  56. «Zobacz temat - Eurowizyjna gra». Eurowizja.Com.Pl. Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 9. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 25. august 2017. 
  57. «Comentadores Do ESC - escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012.  More than one of |tittel= og |title= specified (hjelp); More than one of |arkivdato= og |archivedate= specified (hjelp); More than one of |arkivurl= og |archiveurl= specified (hjelp); More than one of |besøksdato= og |accessdate= specified (hjelp) «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 25. august 2017. 
  58. «Архив (1998-2006)». www.segodnya.ua (på russisk). Henta 27. november 2022. 
  59. «Marcel Bezençon Awards». Eurovision.tv. Henta 9. juli 2022. 
  60. «Eurovision's worst dressed: Who should win the Barbara Dex Award 2017? | wiwibloggs». wiwibloggs (på engelsk). 15. mai 2017. Henta 20. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff endre