Mick Hill
Mick Hill, fullt namn Michael Christopher Hill, (fødd 22. oktober 1964) er ein britisk tidlegare spydkastar frå Leeds som vann bronsemedaljen i øvinga under VM 1993 og sølvmedaljen under EM 1998.
Mick Hill | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 22. oktober 1964 (60 år) Leeds |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Aktiv
endreI perioden 1986-2002 kvalifiserte Hill seg til finalen i 14 av dei 16 største meisterskapane. Han vann bronsemedaljen under VM 1993 i Stuttgart, trass i moderate 82,96 meter. Hill gjorde sine beste meisterskapskast ved VM 1997 og EM 1998. Ved verdsmeisterskapen i Aten 1997 vart han fjerdemann med sine 86,54 m, 10 cm kortare enn bronsemedaljøren. Året etter forbetra han seg til 86,92 m og sikra sølvmedaljen ved EM i Budapest, slått med neste tre meter av landsmannen Steve Backley, men ein liten halvmeter framom tyske Raymond Hecht og russiske Sergej A. Makarov på dei neste plassane.
Hill sette sin personlege rekord på 86,94 meter i eit stemne i London 13. juli 1993.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1986 i Stuttgart: Nr 8 – 77,34 m
- VM 1987 i Roma: Nr 7 – 79,66 m
- OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa (77,20 m=nr 20)
- EM 1990 i Split: Nr 4 – 82,38 m
- VM 1991 i Tokyo: Nr 5 – 84,12 m
- OL 1992 i Barcelona: Nr 11 – 75,50 m
- VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 82,96 m
- EM 1994 i Helsinki: Nr 6 – 80,66 m
- VM 1995 i Göteborg: Nr 6 – 81,06 m
- OL 1996 i Atlanta: Nr 12 – 78,58 m
- VM 1997 i Aten: Nr 4 – 86,54 m
- EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 86,92 m, bakom Steve Backley
- VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa (80,75 m=nr 14)
- OL 2000 i Sydney: Nr 11 – 81,00 m
- VM 2001 i Edmonton: Nr 12 – 77,81 m
- EM 2002 i München: Nr 10 – 76,12 m
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mick Hill (javelin thrower)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- «Mick Hill» (på engelsk). Olympedia.