Mikhail Kutuzov

Mikhail Illarionovitsj Golenisjtsjev-Kutuzov (5. september 174516. april 1813) var ein russisk feltmarskalk som ofte har fått æra for å ha redda fedrelandet sitt frå Napoléon Bonaparte sin franske invasjon i 1812.

Mikhail Kutuzov
Kutuzov by Volkov.jpg
Fødd5. september 1745
FødestadSt. Petersburg
Død16. april 1813
DødsstadBolesławiec
Andre namnМихаил Илларионович Голенищев-Кутузов
Ranggeneral field marshal
EiningDen keiserlige russiske hær
KonfliktarDen russisk-tyrkiske krigen i 1768–1774, Den russisk-tyrkiske krigen i 1787–1792, Den russisk-tyrkiske krigen i 1806-1812, Napoleonskrigane, Slaget ved Austerlitz, Slaget ved Borodino, Slaget ved Berezina, slaget ved Riabową Mogiłą, slaget ved Larga, slaget ved Kagul, omleiringa av Bender, den tyrkiske landinga på Krim, slaget ved Kinburn, omleiringa av Otsjakov, omleiringa av Izmail, slaget ved Măcin, slaget ved Dürenstein, slaget ved Rustsjukskogo, slaget ved Donau, slaget ved Tarutino, slaget ved Malojaroslavets, slaget ved Krasnoj, Den sjette koalisjonskrigen
Adelstittelknjaz

Tidleg karriereEndra

Mikhail Illarionovitsj Golenisjtsjev-Kutuzov (oftast forkorta til Kutuzov) blei fødd 16. september 1745 i St. Petersburg og gjekk inn i Den keisarlege russiske hæren i 1759 eller 1760.[1] Hen tente i Polen (1764–1769) og i den russisk-tyrkiske krigen 1768-1774. Han mista eit auge i det siste året av krigen og reiste deretter nokre år i Sentral- og Vest-Europa.

I 1784 blei han generalmajor, i 1787 generalguvernør for Krim og under feltmarskalk Aleksandr Suvorov utmerkt han seg under den russisk-tyrkiske krigen 1787–1792), ved erobringa av Otsjakov, Odessa, Tighina og Ismail, og i slaga ved Rimnik og Mashin. Han var då (1791) generalløytnant, og hadde seinare stillingane som ambassadør i Konstantinopel, generalguvernør for Finland, kommandant for kadett-korpset i St. Petersburg, ambassadør i Berlin og generalguvernør for St. Petersburg.

Napoleonskrigane i EuropaEndra

I 1805 leia han det russiske korpset som skulle hindra Napoléon Bonaparte i å nå Wien, og vann i slaget ved Dürrenstein 11. november 1805.

Før slaga ved Austerlitz prøvde Kutuzov å få dei allierte generalane frå å utkjempa slaget. Han blei likevel overstyrd av austerrikarane, og blei sjølv såra i slaget 2. desember 1805. Frå 1806 til 1811 var Kutuzov generalguvernør av Litauen og Kiev.

Han blei så gjort til sjef for dei russiske styrkane i den russisk-tyrkiske krig (1806-1812). Kutuzov skjøna at soldatane ville trengast i krigen mot Frankrike som var under oppsegling, og sørga for å avslutta krigen mot tyrkarane raskt. Det blei underskrive ein fredsavtale i București den 28. mai 1812 som gav Russland Bessarabia (tilsvarer omtrent dagens Moldova). For denne suksessen blei han utnemnd til fyrste (князь).

Napoleons angrep på Russland (1812)Endra

 
Kutuzov med staben sin i Fili. Kutuzov heilt til venstre.
A. D. Kivsjenko , Krigsrådet i Fili (1889)

Då Napoléon Bonaparte invaderte Russland i juni 1812 bestemte krigsminister Michael Andreas Barclay de Tolly at Russland skulle følgja ein brend jord-taktikk. Styrkane skulle trekkja seg bakover og øydeleggja alt, framfor å søkja avgjerande slag. Det var stor misnøye i hæren med denne strategien (t.d. hjå fyrst Pjotr Ivanovitsj Bagration). Kutuzov blei difor motteken med stor glede då han blei utnemnd til øvstkommanderande.

7. september 1812 gjekk Kutuzov til slag ved Borodino, ca. 12 mil vest for Moskva. Slaget involverte oppunder ein kvart million soldatar, og hadde 70 000-100 000 drepne og såra. Slaget hadde ingen klår vinnar, men etter ein konferanse med generalane sine i landsbyen Fili trekte Kutuzov den russiske hæren bakover og oppgav Moskva.

19. oktober 1812 såg Napoléon Bonaparte seg nøydd til å forlata Moskva. I slaget ved Malojaroslavets 24. oktober tvinga Kutuzov dei franske styrkane til å trekkja seg tilbake gjennom den same traseen som dei var komne – der alle potensielle forsyningar var heilt ribba.

MinnesmerkeEndra

Tidleg i 1813 blei Kutuzov sjuk, og han døydde 28. april 1813 ved Bunzlau. Det er reist minnesmerke for han der, ved Poklonnajahøgda i Moskva og framfor Kazan-katedralen i St. Petersburg, der han er gravlagd. Sidan han ikkje hadde mannleg avkom, gjekk eigedomane hans over til familien Tolstoj. Blant dei russiske generalane har Kutuzov berre blitt overgått av læraren sin Suvurov.

Aleksander Pusjkin vende seg til feltmarskalken i den berømte elegien på Kutuzov sitt sepulkra, og han opptrer òg som ein klok og populær leiar i Lev Tolstoj sitt romanverk Krig og fred. Under andre verdskrigen (1941–45) etablerte sovjetregjeringa Kutuzovordenen. Som mange andre dekorasjonar heldt Russland på denne etter oppløysinga av Sovjetunionen, slik at han enno er ei av dei høgaste militære utmerkingane i Russland.

KjelderEndra

  1. «Mikhail Kutuzov». Encyclopædia Britannica. Henta 4. november 2016. 

LitteraturEndra

  • Parkinson, Roger. The Fox of the North: The Life of Kutuzov, General of War and Peace. New York: David McKay, 1976 (ISBN 0-679-50704-3).

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Mikhail Kutuzov