Miss World

Miss World-konkurransen er den eldste internasjonale venleikskonkurransen som enno blir arrangert. Han vart starta av Eric Morley i Storbritannia i 1951 som ein del av Festival of Britain-feiringa. Sidan Eric Morley døydde i 2000 har kona hans, Julia Morley, vore styreformann i Miss World Organization og arrangør av konkurransen.

Ved sida av rivalkonkurransene Miss Universe er Miss World ein av missekonkurransane som får mest merksemd i media. Miss World-finalen er verdas mest sedde venleikskonkurranse på TV verda over.

Vinnaren av konkurransen, som blir halde årleg vanlegvis i fjerde kvartal, reiser rundt i verda for å representere Miss World Organization og dens veldedighetsarbeid. Vanlegvis bur vinnaren i London den tida ho er regjerande Miss World.

Noreg har aldri vunne konkurransen, men dei som har vore nærast er Ingeborg Sørensen som kom på andreplass i 1972, Kathrine Sørland som kom på fjerdeplass i 2002 og Mariann Birkedal som kom på sjetteplass i 2010.

Vinnarar av Miss WorldEndra

År Miss World Vertsby
1951   Kicki Håkansson   London
1952   May-Louise Flodin   London
1953   Denise Perrier   London
1954   Antigone Costanda   London
1955   Susana Duijm   London
1956   Petra Schürmann   London
1957   Marita Lindahl   London
1958   Penelope Coelen   London
1959   Corine Rottschäfer   London
1960   Norma Gladys Cappagli   London
1961   Rosemarie Frankland   London
1962   Catharina Lodders   London
1963   Carole Crawford   London
1964   Ann Sidney   London
1965   Lesley Langley   London
1966   Reita Faria   London
1967   Madeline Hartog-Bel   London
1968   Penelope Plummer   London
1969   Eva Rueber-Staier   London
1970   Jennifer Hosten   London
1971   Lúcia Petterle   London
1972   Belinda Green   London
1973   Marjorie Wallace   London
1974   Anneline Kriel[a]   London
1975   Wilnelia Merced   London
1976   Cindy Breakspeare   London
1977   Mary Stävin   London
1978   Silvana Suárez   London
1979   Gina Swainson   London
1980   Kimberley Santos[b]   London
1981   Pilín León   London
1982   Mariasela Álvarez   London
1983   Sarah-Jane Hutt   London
1984   Astrid Carolina Herrera   London
1985   Hólmfríður Karlsdóttir   London
1986   Giselle Laronde   London
1987   Ulla Weigerstorfer   London
1988   Linda Pétursdóttir   London
1989   Aneta Kręglicka   Hongkong
1990   Gina Tolleson   London
1991   Ninibeth Leal   Atlanta
1992   Julia Kourotchkina   Sun City
1993   Lisa Hanna   Sun City
1994   Aishwarya Rai   Sun City
1995   Jacqueline Aguilera   Sun City
1996   Irene Skliva   Bangalore
1997   Diana Hayden   Victoria
1998   Linor Abargil   Victoria
1999   Yukta Mookhey   London
2000   Priyanka Chopra   London
2001   Agbani Darego   Sun City
2002   Azra Akın   London
2003   Rosanna Davison   Sanya
2004   María Julia Mantilla   Sanya
2005   Unnur Birna Vilhjálmsdóttir   Sanya
2006   Taťána Kuchařová   Warszawa
2007   Zhang Zilin   Sanya
2008   Ksenia Sukhinova   Johannesburg
2009   Kaiane Aldorino   Johannesburg
2010   Alexandria Mills   Sanya
2011

MerknadarEndra

  1. Tok over for britiske Helen Morgan, som vart fråteken tittelen fire dagar etter ho vart krona til Miss World fordi ho hadde ein 18 månader gammal son.
  2. Tok over for vest-tyske Gabriella Brum, som gav frå seg tittelen dagen etter ho vart krona til Miss World. Grunnen var det ho hevda var press frå media, men nokre meiner det var fordi ho hadde posert naken i eit herremagasin.