Mr. Sandman

(Omdirigert frå Mister Sandman)
Mr. Sandman
Singel av The Chordettes
B-side

I Don't Wanna See You Cryin'

Språk engelsk
Utgjeve 1954
Innspelt 1954
Sjanger
Lengd 2:22
Selskap Cadence
Låtskrivar(ar) Pat Ballard
Produsent Archie Bleyer
The Chordettes-kronologi 
«Moonlight on the Ganges»
(1951)
Mr. Sandman «Lonely Lips»
(1955)


«Mr. Sandman» (eller «Mister Sandman») er ein popsong skriven av Pat Ballard og publisert i 1954. Han vart først spelt inn i mai same året av Vaughn Monroe & His Orchestra og seinare same året av The Chordettes og The Four Aces. Emmylou Harris si innspeling av songen vart ein hit i fleire land i 1981.

Bakgrunn

endre

Vaughn Monroe og orkesteret hans var den første til å spele inn songen i 1954.[1] Han vart gjeven ut med B-sida «They Were Doin' the Mambo»,[1][2]RCA Victor.[3]

I desember 1954 gjekk songen til topps på Cash Box Top 50 i USA, i ei felles rangering av versjonar av The Chordettes, The Four Aces, Buddy Morrow, Vaughn Monroe, Les Elgart, The Lancers og The Song Singers, med The Chordettes og The Four Aces sine versjonar markerte som bestseljarar.[3] Han nådde òg toppen av Cash Box-lista «The Nation's Top Ten Juke Box Tunes» i ei liknande felles rangering,[4] og toppen av Cash Box-lista «The Ten Records Disk Jockeys Played Most This Week», først med berre The Chordettes-utgåva,[5] og seinare i ei felles rangering med The Chordettes og The Four Aces.[6]

Songen gjekk òg til topps på Billboard «Honor Roll of Hits», med The Chordettes og The Four Aces sine versjonar oppførte som bestseljarar,[7] og vart rangert på 12. plassen på Billboard si rangering for 1955.[8]

The Chordettes-versjonen

endre

The Chordettes si innspeling av songen vart gjeven ut på Cadence Records. Cadence-grunnleggjaren Archie Bleyer var dirigent for orkesteret på innspelinga og gav rytmen på innspelinga ved å klase seg sjølv på knea.[1][9] Ein kan høyre røysta til Bleyer på tredjeverset når han seier «Yes?» Pianoet vert spelt av Moe Wechsler.

I USA nådde The Chordettes-singelen toppen av alle dei tre listene til Billboard,[10] og vart rangert på niandeplassen på lista til Cash Box for heile 1955.[11]

Salslister

endre
Liste (1954-1955) Plassering
UK New Musical Express[12] 11
US Billboard Best Sellers in Stores[10] 1
US Billboard Most Played by Jockeys[10] 1
US Billboard Most Played in Juke Boxes[10] 1

The Four Aces-versjonen

endre
Mister Sandman
Singel av The Four Aces med Al Alberts
B-side

(I'll Be with You) In Apple Blossom Time

Språk engelsk
Utgjeve 1954
Sjanger Tradisjonell pop
Lengd 2:35
Selskap Decca
Låtskrivar(ar) Pat Ballard

I 1954 gav The Four Aces ut ein versjon av songen, akkompagnert av Jack Pleis Orchestra.[13] The Four Aces-utgåva vart ein topp 10-hit i USA, Storbritannia og Flandern. The Four Aces-versjonen vart nytta i filmen Tilbake til fremtiden, når Marty først forstår han er i 1955.[14]

Salslister

endre
Liste (1954-1955) Plassering
Flandern[15] 2
UK New Musical Express[16] 9
US Billboard Best Sellers in Stores[10] 9
US Billboard Most Played by Jockeys[17] 5
US Billboard Most Played in Juke Boxes[18] 6

Chet Atkins-versjonen

endre

17. november 1954 spelte Chet Atkins inn ein instrumental versjon av songen under ei innspeling av fire songar i RCA Victor-studioet i Nashville.[19] Atkins brukte ein Ray Butts EchoSonic-gitarforsterkar og vart akkompagnert av celeste, piano, bass og trommer.[19] Atkins-versjonen kom ut på singel i januar 1955.[19] Det var den første singelen til Atkins som gjekk inn på Billboard si countryliste,[20] og nådde 15. plassen på Billboard si Country & Western Records-liste over «Best Sellers in Stores» og 13. plassen på lista over «Most Played by Jockeys».[21]

Atkins spelte inn att «Mister Sandman» på ny i 1990 på albumet The Magic of Chet Atkins.[19]

Bert Kaempfert-versjonen

endre

I 1968 gav Bert Kaempfert and His Orchestra ut ein instrumental versjon av songen som ein singel og på albumet My Way of Life.[22] Versjonen nådde 12. plassen på Billboard Easy Listening-lista,[23][24] 14. plassen på Record World si «Top Non-Rock»-liste,[25] tredjeplassen på Record World-lista «Singles Coming Up»,[26] og toppen av Cash Box-lista «Looking Ahead» for singlar som potensielt kunne nå Cash Box Top 100.[27]

Emmylou Harris-versjonen

endre
Mister Sandman
Singel av Emmylou Harris
B-side

Rose of Cimarron

Språk engelsk
Utgjeve 1981
Innspelt 1980
Sjanger Countrypop
Lengd 2:20
Selskap Warner Bros. Nashville
Låtskrivar(ar) Pat Ballard
Produsent Brian Ahern
Emmylou Harris-kronologi 
«The Boxer»
(1980)
Mister Sandman «I Don't Have to Crawl»
(1981)


I januar 1978[28] spelte Emmylou Harris, Dolly Parton og Linda Ronstadt inn ein versjon av songen for eit planlagt av album av trioen, som det ikkje vart noko av før i 1987. Harris tok med innspelinga die hadde gjort av «Mr. Sandman» i 1981 på albumet hennar Evangeline.[28] Sidan Parton og Ronstadt var bunden til andre plateselskap kunne ikkje denne versjonen kome ut på singel, så Harris spelte inn vokalen på ny og song alle dei tre vokalpartane sjølv for singelen. Singelen åndde topp 10 på Billboard Hot Country Singles-lista og 37. plassen på Billboard Hot 100. Det vart slik den einaste singelen til Harris som nådde topp 40 på denne lista.

Medverkande

endre
Evangeline-versjonen

Salslister

endre
Liste (1981) Plassering
Austerrike (Ö3 Hit wähl mit)[29] 15
Canada RPM 50 Singles[30] 42
Canada RPM Country 50 Singles[31] 1
Flandern[32] 8
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[33] 8
Nederland (Nationale Hitparade)[34] 9
New Zealand Singles Chart[35] 16
Swiss Hitparade[36] 5
US Billboard Hot 100[37] 37
US Billboard Adult Contemporary[38] 8
US Billboard Hot Country Singles[39][40] 10
US Cash Box Top 100 Singles[41] 37
US Cash Box Top 100 Country[42] 9
US Record World Singles[43] 40
US Record World A/C Chart[44] 12
US Record World Country Singles[45] 9
Vest-Tyskland (Media Control)[29] 14

Andre versjonar

endre

Buddy Morrow and His Orchestra gav ut ein versjon i 1954 som nådde tjuandeplassen på Billboard-lista «Most Played by Jockeys».[46]

I januar 1955 nådde ein versjon av Max Bygraves 16. plassen på den britiske New Musical Express-lista.[47]

Den mest suksessrike innspelinga av songen i Storbritannia var av Dickie Valentine, som nådde femteplassen på New Musical Express-lista i februar 1955.[48]

The Fleetwoods gav ut ein versjon i 1964 som singel og på albumet Before and After.[49] Versjonen deira nådde 113. plassen på Billboard-lista Bubbling Under the Hot 100[50] og 19. plassen på Cash Box-lista «Looking Ahead».[51]

Tommy O'Day gav ut ein versjon i 1978, som nådde 96. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista.[52][53]

I 1996 gav det tyske powermetal-bandet Blind Guardian ut ein maxi-singel med ein coverversjon av «Mr. Sandman.»[54]

Bette Midler spelte inn songen i 2014 til albumet It's the Girls!.[55]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Sullivan, Steve (2017). Encyclopedia of Great Popular Song Recordings, Volume 3, Rowman & Littlefield. p. 261. Henta 6. mai 2018.
  2. «Reviews of New Pop Records», Billboard, 19. juni 1954. p. 38. Henta 6. mai 2018.
  3. 3,0 3,1 «The Cash Box Top 50», Cash Box, 11. desember 1954. p. 26. Henta 16. november 2020.
  4. «The Nation's Top Ten Juke Box Tunes», Cash Box, 25. desember 1954. p. 4. Henta 16. november 2020.
  5. «The Ten Records Disk Jockeys Played Most This Week», Cash Box, 4. desember 1954. p. 14. Henta 16. november 2020.
  6. «The Ten Records Disk Jockeys Played Most This Week», Cash Box, 25. desember 1954. p. 12. Henta 16. november 2020.
  7. «Honor Roll of Hits», Billboard, 4. desember 1954. p. 34. Henta 7. mai 2018.
  8. «1955's Top Tunes based on the Honor Roll of Hits», Billboard, 31. desember 1955. p. 29. Henta 7. mai 2018.
  9. «Reviews of New Pop Records», Billboard, 2. oktober 1954. p. 39. Henta 11. mai 2018.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 «The Billboard Music Popularity Charts - Popular Records», Billboard, 18. desember 1954. p. 26. Henta 16. november 2020.
  11. «1955's Top Pop Records as Voted in the Cash Box Poll», Cash Box, 24. desember 1955. p. 16. Henta 8. mai 2018.
  12. Chordettes - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 16. november 2020.
  13. Recordings by 'The Four Aces (Jack Pleis Orch)', arkivert frå originalen 24. oktober 2020, henta 16. november 2020 
  14. Krims, Adam (2012). Music and Urban Geography, Routledge. p. 103. Henta 16. november 2020.
  15. The Four Aces – Mister Sandman, Ultratop. Henta 16. november 2020.
  16. Four Aces - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 16. november 2020.
  17. «The Billboard Music Popularity Charts - Popular Records», Billboard, 1. januar 1955. p. 20. Henta 16. november 2020.
  18. «The Billboard Music Popularity Charts - Popular Records», Billboard, 22. januar 1955. p. 30. Henta 16. november 2020.
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 Reinhart, Mark S. (2014). Chet Atkins: The Greatest Songs of Mister Guitar, McFarland & Company. Henta 14. mai 2018.
  20. Jessen, Wade. «Chet Atkins Remembered as a 'Country Gentleman'», Billboard, 14. juli 2001. p. 104. Henta 11. mai 2018.
  21. «The Billboard Music Popularity Charts - Country & Western Records», Billboard, 5. februar 1955. p. 42. Henta 16. november 2020.
  22. «Billboard Album Reviews», Billboard, 12. oktober 1968. Henta 16. november 2020.
  23. Adult Contemporary - Bert Kaempfert and His Orchestra Mister Sandman Chart History, Billboard.com. Henta 16. november 2020.
  24. «Easy Listening», Billboard, 27. juli 1968. p. 39. Henta 16. november 2020.
  25. «Record World's Top Non-Rock», Record World, 6. juli 1968. p. 24. Henta 16. november 2020.
  26. «Singles Coming Up», Record World, 22. juni 1968. p. 22. Henta 16. november 2020.
  27. «Looking Ahead», Cash Box, 22. juni 1968. p. 12. Henta 16. november 2020.
  28. 28,0 28,1 Holland, Bill. «'Supertrio' Cutting for Autumn Release», Billboard, 8. mars 1986. p. 56. Henta 8. mai 2018.
  29. 29,0 29,1 Emmylou Harris – Mister Sandman, austriancharts.at. Henta 5. mai 2018.
  30. «RPM 50 Singles», RPM Weekly, Volume 34, No. 21. 02. mai 1981. Henta 5. mai 2018.
  31. «RPM Country 50 Singles», RPM Weekly, Volume 34, No. 23. 16. mai 1981. Henta 5. mai 2018.
  32. Emmylou Harris – Mister Sandman, Ultratop. Henta 4. mai 2018.
  33. Emmylou Harris – Mister Sandman, Media Markt Top 40. Henta 16. november 2020.
  34. Emmylou Harris – Mister Sandman, Dutch Charts. Henta 4. mai 2018.
  35. Emmylou Harris – Mister Sandman, charts.org.nz. Henta 4. mai 2018.
  36. Emmylou Harris – Mister Sandman, hitparade.ch. Henta 5. mai 2018.
  37. Hot 100 - Emmylou Harris Mister Sandman Chart History, Billboard.com. Henta 4. mai 2018.
  38. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 106. 
  39. Hot Country Songs - Emmylou Harris Mister Sandman Chart History, Billboard.com. Henta 4. mai 2018.
  40. «Billboard Hot Country Singles», Billboard, 2. mai 1981. p. 62. Henta 4. mai 2018.
  41. «Cash Box Top 100 Singles», Cash Box, 18. april 1981. p. 4. Henta 5. mai 2018.
  42. «Cash Box Top 100 Country», Cash Box, 9. mai 1981. p. 28. Henta 5. mai 2018.
  43. «Record World Singles», Record World, 25. april 1981. Henta 5. mai 2018.
  44. «Record World A/C Chart», Record World, 11. april 1981. p. 30. Henta 5. mai 2018.
  45. «Record World Country Singles», Record World, 2. mai 1981. Henta 5. mai 2018.
  46. «The Billboard Music Popularity Charts - Popular Records», Billboard, 4. desember 1954. p. 36. Henta 16. november 2020.
  47. Max Bygraves - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 16. november 2020.
  48. Dickie Valentine - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 16. november 2020.
  49. The Fleetwoods - Mr. Sandman, norwegiancharts.com. Henta 11. mai 2018.
  50. «Bubbling Under the Hot 100», Billboard, 5. september 1964. Henta 16. november 2020.
  51. «Looking Ahead», Cash Box, 5. september 1964. p. 10. Henta 16. november 2020.
  52. Hot Country Songs - Tommy O'Day Mr. Sandman Chart History, Billboard.com. Henta 16. november 2020.
  53. «Hot Country Singles», Billboard, 4. februar 1978. Henta 16. november 2020.
  54. «Review of Blind Guardian version on Encyclopaedia Metallum». Henta 16. desember 2012. 
  55. «It's the Girls! – Bette Midler». AllMusic. Henta 5. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre