Evangeline av Emmylou Harris

Evangeline
Studioalbum av Emmylou Harris
Språk engelsk
Utgjeve Januar 1981
Innspelt 1978–1980
Studio Enactron Studios
NashvilleNashville
Sjanger Country
Lengd 33:35
Selskap Warner Bros. Nashville
Produsent Brian Ahern
Emmylou Harris-kronologi 
Roses in the Snow
(1980)
Evangeline Cimarron
(1981)


Evangeline er det niande studioalbumet til Emmylou Harris, gjeve ut i januar 1981. Det bestod hovudsakleg av songar som var til overs frå tidlegare innspelignar, og som ikkje hadde passa inn på dei andre albuma hennar. Av desse finn ein versjonar av «Mister Sandman» (frå Trio-innspelingane med Dolly Parton og Linda Ronstadt), «Evangeline» (òg med vokal av Parton og Ronstadt), som ho tidlegare hadde spelt i lag med The Band, Rodney Crowell sin «Ashes By Now», og ein versjon av John Fogerty sin «Bad Moon Rising». Sjølv om det fekk blanda kritikk då det kom ut, vart det nok ein kommersiell suksess for Harris. Det selde til gullplate mindre enn eit år etter det kom ut.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]

Ei singelutgåve av «Mister Sandman» gjorde det godt på listene og nådde topp 10 på countrylista og topp 40 på poplista i USA. Men sidan verken selskapet til Ronstadt og Parton godtok at vokalen til artistane deira vart nytta på singelen, valde Harris å spele inn songen på ny, og song alle tre partane for singelen. Rodney Crowell sin «I Don't Have to Crawl» vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet. Det vart laga musikkvideoar til begge singlane.

Albumet er ein av to Harris album som aldri før er gjevne ut på separate CD-plater (men i 2011 vart albumet gjort tilgjengeleg digitalt. Albumet er i dag på CD i ei samling kalla Emmylou Harris Original Album Series Vol. 2 frå 2013.

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Don't Have to Crawl»Rodney Crowell3:46
2.«How High the Moon»Morgan Lewis, Nancy Hamilton3:21
3.«Spanish Johnny» (med Waylon Jennings)Paul Siebel3:50
4.«Bad Moon Rising»John Fogerty2:40
5.«Evangeline» (harmonivokal av Dolly Parton og Linda Ronstadt)Robbie Robertson3:09
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Hot Burrito #2»Gram Parsons, Chris Ethridge3:04
7.«Millworker»James Taylor4:03
8.«Oh Atlanta»Bill Payne2:58
9.«Mr. Sandman» (harmonivokal av Dolly Parton og Linda Ronstadt)Pat Ballard2:20
10.«Ashes by Now»Rodney Crowell4:24

Medverkande

endre

Teknisk

  • Brian Ahern – produsent, lydteknikar
  • Donivan Cowart – lydteknikar
  • Bradley Hartman – lydteknikar
  • Stuart Taylor – lydteknikar


Salslister

endre
Liste (1981) Plassering
U.S. Billboard Top Country Albums 5
U.S. Billboard 200 22

Kjelder

endre