Mjølkeproteinallergi

type matallergi som blir valda av mjølk
(Omdirigert frå Mjølkeallergi)

Mjølkeproteinallergi, ofte berre kalla mjølkeallergi, er ein matallergi med uønskt immunreaksjon mot ein eller fleire mjølkekomponentar frå dyr (oftast alfa S1-kasein, eit protein i kumjølk).[1] Den mjølkeinduserte allergiske reaksjonen kan føre til anafylaksi, ein potensielt livstrugande tilstand.

Mjølkeproteinallergi

Eit glas med pasteurisert kumjølk
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:995.3, V15.02
MeSHD016269

Vanlege akutte symptom ved mjølkeproteinallergi er magesmerte, vesing, oppkast og utslett. Seinreagerande symptom kan vere laus avføring, diaré (kan vere blodig), kvalme, oppblåstheit, veksthemming hjå små barn, hoste, rhinoré, utslett og kløe.[2]

Mjølkeproteinallergi skil seg frå laktoseintoleranse.[1]

Allergi endre

Personar med mjølkeproteinallergi kan reagere på eit eller fleire av proteina som finst i mjølk. Det vanlegaste proteinet er alfa S1-kasein.[3]

Alfa S1-kasein varierer mellom ulike artar; nesten alle kommersielle produksjonsdyr lagar mjølk med antigene likskapar. Dette kan forklare kvifor personar med allergiske reaksjonar mot kumjølk, heller ikkje kan drikke saue- eller geitemjølk. Personen kan likevel drikke brystmjølk utan å reagere.[4]

Allergien kan skuldast nærværet av spesifikke antistoff eller mjølkefølsame lymfocyttar. Dette gjev opphav til to ulike formar for mjølkeproteinallergi: antistoffmediert allergi og ikkje-antistoffmediert allergi.

Antistoffmediert allergi endre

Verknadane av antistoffmediert allergi plar å vere snøgge, og oppstår innan få minutt eller sekund. Desse allergiane oppstår alltid innan ein time etter inntak av mjølk, men kan stundom sinkast lenger viss ein ét mat med mjølkeingrediensar.

Symptoma er hovudsakleg gastrointestinale, dermatologiske og respiratoriske. Det kan oppstå utslett, elveblest, oppkast og magebry som til dømes diaré, rhinitt, magesmerte, vesing og fullutvikla anafylaktiske reaksjonar.

Ikkje-antistoffmediert allergi endre

Kumjølkproteinallergi (CMPA) er ein forseinka reaksjon på mjølkeprotein som vanlegvis er harmlaus for ikkje-allergiske, tolerante personar. CMPA blir mediert av T-lymfocyttar, og kan ikkje sjåast på allergitestar eller blodprøvar. Sidan det ikkje skuldast antistoff, kan det ta frå nokre få eller opp til 72 timar før ein ser kliniske verknader. Dette gjer at den er vanskelegare å diagnostisere, men den kan heller ikkje gje oppgav til anafylakse, sidan det ikkje finst antistoff som kan utløyse mastcellene.

CMPA fører til mange symptom; hovudsymptoma er gastrointestinale og dermatologiske. Desse kan vere: atopisk eksem, oppkast og magebry som til dømes spedbarnskolikk, gastroøsofageal refluks, øsofagitt, diaré (oftast i dei veldig unge), obstipasjon (oftast i dei eldre), magesmerte og tarmgass. Hjå spedbarn kan det stundom vere førekomst av blod og/eller mukus i avføringa.

Behandlinga av CMPA har likskapar med behandlinga av antistoffmediert mjølkeproteinallergi. Nokre personar er også allergiske mot soyaprotein, ein kombinasjon kjent som mjølke- og soyaproteinallergi.

Ulikskapar mellom mjølkeproteinallergi og laktoseintoleranse endre

Mjølkeproteinallergi er ein matallergi med unormale immunreaksjonar på ulike protein som vanlegvis er harmlause for ikkje-allergiske personar. Laktoseintoleranse er ein ikkje-allergisk matsensitivitet, og skuldast produksjonsmangel av enzymet laktase, som trengst for å bryte den hovudsukkeret i mjølk. Uønskte reaksjonar på laktoseintoleranse plar å oppstå etter mykje høgare mjølkeinntak enn ved mjølkeproteinallergi.

Laktoseintoleranse vert på verdsbasis vanlegvis rekna som ein normal tilstand for vaksne menneske, og vert oftast ikkje rekna som ein sjukdom.[5]

Epidemiologi endre

Mjølkeproteinallergi er den vanlegaste matallergien i tidleg barndom. Den rammar mellom 2% og 3% av nyfødde i utvikla land, men så mykje som 85%—90% av barna mistar den kliniske følsemda til mjølk etter fylte tre år. Førekomsten av mjølkeproteinallergi hjå vaksne er mellom 0,1% og 0,5%.

Mellom 13% og 20% av barn som er allergiske mot mjølk, er òg allergiske mot storfekjøt.

Hospitaliseringsrate endre

Mjølkeproteinallergi er assosiert med auka hospitaliseringsratar og auka steroidebruk blant barn med astma.

Prognose endre

Tidleg identifisering av dei støytande agensa er tilrådd, særleg hjå pasientar med høg risiko, og dei må prøve å unngå agensa for å betre langtidsprognosen.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Melkeallergi: Hva er melkeallergi?». Norsk helseinformatikk, nhi.no. 28. juli 2014. Arkivert frå originalen 13. januar 2015. Henta 12. januar 2015. 
  2. «Melkeallergi: Symptomer». Norsk helseinformatikk, nhi.no. 28. juli 2014. Arkivert frå originalen 12. januar 2015. Henta 12. januar 2015. 
  3. «Goat's Milk: A Natural Alternative for Milk Sensitive Patients». Dynamic Chiropractic 15 (25). 1. desember 1997. Henta 16. februar 2013. 
  4. Allergy information for: Milk, cow (Bos taurus) Tje University of Manchester. Henta 12. januar 2015.
  5. «Lactose intolerance». Genetics Home Reference. U.S. National Library of Medicine. Henta 20. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff endre