Montreal 1983

Montreal 1983
Konsertalbum av David Bowie
Utgjeve 1984, 3. august 2018
Innspelt 13. juli 1983
Spelestad Forum de Montréal i Montreal i Canada
Sjanger Rock
Lengd 1:56:02

Montreal 1983 er eit uoffisielt konsertalbum av David Bowie, først gjeve ut i 1984. Konserten vart teken opp under Serious Moonlight-turneen til Bowie i Montreal i Canada den 13. juli 1983 og sendt direkte på FM radio.

Dette er den same konserten som konsertopptaket av «Modern Love», som vart nytta som B-sida til studioversjonen av den same songen då denne kom ut på singel.

Konserten kom ut på ulike pirakopiplater i 1983 og 1984. I 2018 vart det gjeve ut på ein dobbel-CD på selskapet Golden Rain, og vart samstundes tilgjengeleg digitalt på plattformer som Spotify.

Spelelista er omtrent identisk til innhaldet på konsertalbum-utgåva av Serious Moonlight.

InnhaldEndra

Alle songane er skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.


CD-innhaldEndra

Plate 1
Nr.TittelLengd
1.«Look Back in Anger»3:13
2.«Breaking Glass»2:55
3.«Scary Monsters (and Super Creeps)»3:30
4.«Rebel Rebel»2:16
5.«"Heroes"»5:03
6.«What in the World»3:47
7.«Life on Mars?»4:08
8.«Sorrow»2:46
9.«Golden Years»3:25
10.«Fashion»2:37
11.«Let's Dance»4:44
12.«Red Sails»3:38
13.«China Girl»5:12
14.«White Light/White Heat»4:44
Plate 2
Nr.TittelLengd
1.«Station to Station»8:55
2.«Cracked Actor»3:20
3.«Ashes to Ashes»3:50
4.«Space Oddity»5:24
5.«Band Introductions»1:20
6.«Young Americans»5:21
7.«Cat People (Putting Out Fire)»4:11
8.«TVC15»3:45
9.«Fame»4:33
10.«Star»2:39
11.«Stay»8:20
12.«The Jean Genie»6:18
13.«I Can't Explain»2:53
14.«Modern Love»3:43

KjelderEndra