Let's Dance
Singel av David Bowie
frå albumet Let's Dance
B-side

Cat People (Putting Out Fire)

Språk engelsk
Utgjeve 14. mars 1983[1]
Innspelt Desember 1982
Studio Power Station, Manhattan, New York City
Sjanger
Lengd 4:08 (singel)
7:37 (album)
Selskap EMI AmericaEA152
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Nile Rodgers
David Bowie-kronologi 
«Peace on Earth/Little Drummer Boy»
(1982)
Let's Dance «China Girl»
(1983)


«Let's Dance» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut som tittelsporet på albumet Let's Dance i 1983. Han var skriven av Bowie og produsert av Nile Rodgers frå bandet Chic, og kom ut som den første singelen frå albumet i mars 1983. Songen vart ein av dei største hittane til Bowie. Han vart spelt inn seint i 1982 i Power StationManhattan og var den første songen spelt inn for albumet. Slutten av songen har ein gitarsolo av bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan.

Singelen var ein av dei raskast seljande singlane til Bowie. Han gjekk inn på UK Singles Chart på femteplassen den første veka og låg så på toppen av singellista dei tre neste vekene.[8] Kort tid etter toppa singelen òg Billboard Hot 100, og vart den første og einaste singelen til Bowie som toppa listene i både USA og Storbritannia. Det var òg den andre og siste singelen hans som toppa lista i USA. I Oseania missa han så vidt toppen av den australske lista og låg tre veker på andreplassen der[9] men toppa lista i fire veker i New Zealand. Singelen vart ein av dei bestseljande det året i Nord-Amerika, Sentral-Europa og Oseania. Det er ein av dei 300 bestseljande britiske singlane nokon gong.[10]

Utvikling

endre

Seint i 1982 møtte Nile Rodgers David Bowie i New York på klubben Continental, der to snakka om felles kjende i industrien og delte musikkinteresser.[11] Bowie inviterte så Rodgers heim til seg i Sveits, som Rodgers forstod ville vere ei prøvespeling.[12]

Bowie brukte ein 12-strengs akustisk gitar med berre seks strengar og spelte eit mønster med to akkordar for Rodgers, som Rodgers meinte høyrtest «mørk ut» og som ei «folkevise». Bowie ønskte å kalle han «Let's Dance» og meinte det kom til å bli ein hit.[12] Rodgers spurte om han kunne får arrangere musikken og flytta han til ein høgare skala, byta toneart til B♭, inverterte akkordane og la til oppslag.[12] Dei to spelte så inn ein demo den 19. og 20. desember 1982 i Mountain Studios med ei gruppe musikarar, mellom anna Erdal Kızılçay på bass. Kızılçay hadde ein liknande stil som Jaco Pastorius, men han og Rodgers kom etter kvart fram til ei enklare basslinje for songen.

I 2018 sa Rodgers «Denne demoinnspelinga var den første indikasjonen på kva me kunne gjere når eg tok 'folkevisa' hans og arrangerte han til noko som heile verda snart kom til å danse til og tilsynelatande ikkje har slutta å danse til for minst 35 år! Det vart ein blåkopi ikkje berre for songen 'Let’s Dance', men òg for heile albumet.»[13] Ein redigert versjon av demoinnspelinga, miksa av Rodgers, vart gjeve ut digitalt den 8. januar 2018, og heile demoen (7:34) kom ut som 12" vinylsingel den 21. april.[14] Gitarspelinga til Rodgers har ein markant funk-stil, men han var redd for at «disco sug»-rørsla kom til å hindre suksessen til songen. Versjonen av «Let's Dance» som kom med på albumet hadde gitarar spelt gjennom forseinkingar av lydteknikaren Bob Clearmountain og skild til notegrupper, markert av basslinja.[12]

Musikkvideo

endre

Musikkvideoen (som nyttar den kortare singelversjonen) vart laga i mars 1983 av David Mallet i Australia, mellom anna ein bar i Carinda i New South Wales og Warrumbungle National Park nær Coonabarabran. I byrjinga kan ein sjå Bowie med ein kontrabassist inne i ein liten pub i Carinda Hotel og eit aboriginar-par som dansar 'naturleg' «til songen dei spelar på radioen». Paret i denne scenen og i heile videoen er spelt av Terry Roberts og Joelene King, to studentar frå Aboriginal Islander Dance Theatre i Sydney. Sidan Bowie ønskte verkelege folk, er nokre av innbyggjarane frå den 194 mann store landsbyen Carinda òg på puben, og ser på og gjer narr av paret. Dei forståd ikkje kven Bowie er eller kva det handlar om, så oppførselen deira mot paret i videoen er verkeleg.[15][16][17]

Dei raude skoa nemnt i songen dukkar opp i fleire samanhengar. Paret vandrar høgtidleg gjennom utmarka med nokre andre aboriginar, når den unge kvinna finn eit par mystiske raude sko på eit ørkenfjell og med ein gong set i gang å danse. Linja 'put on your red shoes' som Bowie syng minner om Hans Christian Andersen-soga «De røde sko», der den vesle jenta forgjeves vart freista til å ta på seg skoa, berre for å finne ut at dei ikkje kunne tas av igjen, og skilde ho frå Guds nåde - som Bowie syng, «let's dance for fear your grace should fall» [18] Bowie sa «Dei raude skoa er eit funnen symbol. Dei er enkelheita i kapitalistsamfunnet og strevar på eit vis etter suksess – vart musikk handlar berre om å 'ta på deg dei raude skoa dine'».[19]

Like etter vitjar paret museum, har middagar med stearinlys og slepp tilfeldig ned kredittkortet, full på modernitet og forbrukerisme. Under ein spasertur gjennom ein butikkarkade oppdagar paret det same par raude skoa til sals i eit vindauge, deira personlege nøkkel til glede og fridom. Dei kastar bort dei magiske skoa i motvilje, stampar dei ned i støvet og vender tilbake til fjella, og tar ein siste kikk på byen dei har etterlate seg.

Bowie skildrar denne videoen (og videoen for den neste singelen, «China Girl») som «særs enkle, særs direkte» utsegner mot rasisme og undertrykking, men òg særs direkte utsegner mot integrasjon av ein kultur med ein annan.[15][16]

Mottaking

endre

«Let's Dance» vart av Ed Power i Irish Examiner skildra som «ganske bra funkrock».[7] BBC-skribenten David Quantick sa «kombinasjonen av Bowie og Rodgers var perfekt - den episke teksten til Bowie om å danse under 'det alvorlege månelyset' og det strålande crescendoet i byrjinga frå The Beatles-versjonen av The Isley Brothers sin 'Twist and Shout' var meisterslag, kvar smidde til ein høgydt, stadiumaktig tromme- og basslyd».[20] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic kalla songen, i lag med «Modern Love» og «China Girl», ein «fengande, lyttarvenleg song som akkurat er kvass nok til å gjere han særeigen».[2] Dave Thompson i AllMusic skreiv «songen er ein av dei mest tydeleg kommersielle songane til Bowie, som i tillegg har ein av ei enklaste tekstane hans. Det sosiologiske innhaldet som songen historisk sett er blitt kreditert for kjem heilt frå den tilhøyrande, i motsetnad til teksten som gjer lite anna enn å repetere tittelen rundt spreidde påkallingar av 'serious moonlight' og skarlagent fottøy.»[21]

Songen introduserte Bowie til eit nytt, yngre publikum som ikkje kjende til musikken hans frå 1970-åra. Sjølv om songen var den mest populære songen hans til då, hadde suksessen den upassande effekten av å distansere Bowie frå den nye fansen sin, og Bowie sa han ikkje visste kven dei var eller kva dei ønskte.[22] Dei neste to albuma hans, laga som eit forsøk på å imøtekome det nyoppdaga publikummet hans, leid kreativt som eit resultatet av dette og Bowie omtalte dei sidan som dei albuma han var minst nøgd med i karrieren sin.[23]

Frank Zappa-songen «Be In My Video» frå albumet Them Or Us i 1984 gjer narr av musikkvideoar generelt, og særskild videoen til «Let's Dance» – som pomoøse og full av klisjear.[24]

Ettermæle

endre

Den kortare singelversjonen av «Let's Dance» har kome ut på mange samlealbum, frå og med Changesbowie i 1990,[25] og vart ommastra, i lag med heile Let's Dance i 2018 for plateboksen Loving the Alien (1983–1988).[26]

I filmen Zoolander frå 2001 speler songen medan Bowie dukkar opp i filmen.

I 2007 gav Bowie R&B-songaren Craig David løyve til å sample songen for singelen hans «Hot Stuff (Let's Dance)».[27]

Let's Dance: Bowie Down Under, er ein kort dokumentar av Rubika Shah og Ed Gibbs, som omhandlar filminga av musikkvideoen i den australske villmarka. Han hadde premiere på Berlin International Film Festival i februar 2015.[28]

Jimmy Fallon spelte songen som ein hyllest til Bowie i ein episode av Saturday Night Live i 2017.[29] Episoden var den første nokon gong som gjekk live over heile USA. Nile Rodgers spelte òg songen på gitar.

2. januar 2021 vart «Let's Dance» rangert på 139. plassen på Topp 300-lista til lyttarar på SiriusXM's Big 80s On 8.

Konsertversjonar

endre

Songen vart mykje framført på Serious Moonlight-turneen (namnet på turneen kjem frå teksten på «Let's Dance»), og kom ut i 1983 på konsertvideoen Serious Moonlight. Songen vart òg framført på Glass Spider-turneen i 1987 (og kom ut i 1988 på Glass Spider), og igjen i 1990 på Sound+Vision-turneen. Han vart spelt akustisk i 1996 og så omarbeidd til ein dels akustisk versjon for turenane i 2000 og seinare. 25. juni 2000 framførte Bowie songen på Glastonburyfestivalen og dette opptaket kom ut i 2018 på Glastonbury 2000. Eit konsertopptak frå 27. juni 2000 kom ut på BBC Radio Theatre, London, 27. juni 2000, ei bonusplate som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb i 2000. Nile Rodgers spelte òg ofte songen, og han var ein del av settet hans under verdsturneen hans i 2017-2018 med Chic. I 206 nådde eit konsertopptak av «Let's Dance» med Tina Turner 31. plassen i Frankrike.[30]

Innhald

endre

7": EMI America / EA 152 (Storbritannia)

endre
  1. «Let's Dance» (singel) (David Bowie) – 4:07
  2. «Cat People (Putting Out Fire)» (Bowie, Giorgio Moroder) – 5:09

12": EMI America / 12EA 152 (Storbritannia)

endre
  1. «Let's Dance» (Bowie) – 7:38
  2. «Cat People (Putting Out Fire)» (Bowie, Moroder) – 5:09

Kassett

endre
  1. «Let's Dance» (Bowie) – 7:38
  2. «Cat People (Putting Out Fire)» (Bowie, Moroder) – 5:09

Medverkande

endre
Production
  • Nile Rodgers – produsent

Salslister

endre

Vekeslister

endre

Liste (1983) Plassering
Australia (Kent Music Report)[32] 2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[33] 2
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[34] 1
Canada Top Singles (RPM)[35] 1
Europa (Eurochart Hot 100)[36] 1
Finland (Suomen virallinen lista)[37] 1
Frankrike (IFOP)[38] 2
Tyskland (Media Control AG)[39] 2
Irland (IRMA)[40] 1
Israel (IBA)[41] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[42] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[43] 1
New Zealand (RIANZ)[44] 1
Noreg (VG-lista)[45] 1
Polen (LP3)[46] 5
Spania (AFYVE)[47] 4
Spania (Los 40 Principales)[48] 1
Sør-Afrika (Springbok Radio)[49] 2
Sverige (Sverigetopplistan)[50] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[51] 1
UK Singles (Official Charts Company)[52] 1
US Billboard Hot 100[53] 1
US Billboard Hot Dance/Disco[54] 1
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[55] 14

Liste (2016) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[33] 54
Canada (Canadian Digital Songs)[56] 44
Frankrike (SNEP)[57] 21
Tyskland (Media Control AG)[39] 73
Italia (FIMI)[58] 50
Japan (Japan Hot 100)[59] 53
Nederland (Mega Single Top 100)[43] 67
New Zealand (RIANZ)[44] 40
Portugal (Hung Medien)[60] 37
Spania (PROMUSICAE)[61] 77
Sverige (Sverigetopplistan)[50] 64
Sveits (Schweizer Hitparade)[51] 25
UK Singles (Official Charts Company)[62] 23
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[63] 7
US Digital Songs (Billboard)[64] 35

Årslister

endre

Liste (1983) Plassering
Australia (Kent Music Report)[65] 24
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[66] 16
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[67] 2
Canada Top Singles (RPM)[68] 3
Frankrike (IFOP)[69] 10
Tyskland (Official German Charts)[70] 19
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[71] 10
Nederland (Single Top 100)[72] 14
New Zealand (Recorded Music NZ)[73] 2
Sveits (Schweizer Hitparade)[74] 10
UK Singles (Official Charts Company)[75] 4
US Billboard Hot 100[76] 18
US Cash Box[77] 4
Liste (2016) Plassering
US Hot Rock Songs (Billboard)[78] 99
Liste (2019) Plassering
Portugal (AFP)[79] 1641

Gjennom alle tider

endre
Liste (1958-2018) Plassering
US Billboard Hot 100[80] 583

Salstrofé

endre
Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[81] Platina 10 000^
Frankrike (SNEP)[82] Gull 873,000[83]
Italia (FIMI)[84] Gull 25 000*
Japan 100,000[85]
Storbritannia (BPI)[86] Platina 1,064,227[87]
USA (RIAA)[88] Gull 0^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre versjonar

endre

Kjelder

endre
  1. «Bowie said Let's Dance on this day in 1983». David Bowie Official Website. Arkivert frå originalen 3. september 2021. Henta 3. september 2021. 
  2. 2,0 2,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Let's Dance – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 2. september 2021. Henta 3. september 2021. 
  3. 3,0 3,1 «21. mai 1983: David Bowie Hits #1 with 'Let's Dance'». 26. juli 2015. 
  4. «Nile Rodgers Tells the Story of How He Turned David Bowie's «Let's Dance» from Folk to New Wave Funk». 26. juni 2020. 
  5. Anderman, Joan (2. mars 2004). «Indie rockers revel in reinvention». The Boston Globe. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 3. september 2021. 
  6. Champan, Ian (2015). Experiencing David Bowie: A Listener's Companion. Rowman & Littlefield. s. 159. ISBN 9781442237520. Arkivert frå originalen 6. mai 2016. Henta 3. september 2021. 
  7. 7,0 7,1 Power, Ed (1. mars 2013). «David Bowie's return to the golden years?». Irish Examiner. Arkivert frå originalen 23. mars 2016. Henta 1. september 2021. 
  8. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 421–2. ISBN 978-1-904994-10-7. 
  9. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – 1983». Australian-charts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 14. mai 2017. 
  10. «The UK's Official Chart 'millionaires' revealed» (på engelsk). Arkivert frå originalen 19. september 2017. Henta 3. september 2021. 
  11. Rodgers, Nile (2. september 2021). «'David Bowie Changed My Life': Nile Rodgers Remembers His 'Let's Dance' Collaborator». Yahoo!. as told to Lori Majewski. Arkivert frå originalen 3. september 2021. Henta 3. september 2021. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Rodgers, Nile (3. februar 2015). Foredrag med gitarakkompagnement. The Recording Academy Producers & Engineers Wing's 8th Annual Grammy Week. The Village, Los Angeles.
  13. «David Bowie's 'Let's Dance' demo released». ThinWhiteDuke.net. 8. januar 2018. Arkivert frå originalen 12. januar 2018. Henta 11. januar 2018. 
  14. «Three Bowie discs for RSD 2018». Davidbowie.com. 28. februar 2018. Arkivert frå originalen 3. september 2021. Henta 3. september 2021. 
  15. 15,0 15,1 Loder, Kurt (12. mai 1983). «David Bowie: Straight Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 12. juni 2016. Henta 13. september 2021. 
  16. 16,0 16,1 Newman, Jason (14. april 2016). «Bowie in the Outback: Inside Making of Groundbreaking 'Let's Dance' Video». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 3. september 2021. Henta 13. september 2021. 
  17. Gibbs, Ed (18. mars 2014). «Let's Dance: How Bowie played the outback». BBC News Online. Arkivert frå originalen 27. april 2016. Henta 13. september 2021. 
  18. Toija Cinque; Christopher Moore; Sean Redmond (18. juni 2015). Enchanting David Bowie: Space/Time/Body/Memory. Bloomsbury Academic. s. 63, 225 et sqq. ISBN 978-1-62892-304-9. Arkivert frå originalen 3. september 2021. Henta 27. august 2016. 
  19. Pegg, Nicholas (2. desember 2011). The Complete David Bowie. Titan Books. ISBN 978-0-85768-719-7. 
  20. Quantick, David. «David Bowie Let's Dance Review». BBC. Arkivert frå originalen 9. januar 2016. Henta 1. september 2021. 
  21. Thompson, Dave. ««Let's Dance» – David Bowie Song Review». AllMusic. Arkivert frå originalen 4. juli 2019. Henta 2. september 2021. 
  22. Pond, Steve (March 1997), «Beyond Bowie», Live! Magazine: 38–41, 93 
  23. Interview with David Bowie. Friday Night with Jonathan Ross. BBC. 5. juli 2002.
  24. Kelly Fisher Lowe. The Words and Music of Frank Zappa. University of Nebraska Press, 2007, p. 186
  25. Erlewine, Stephen Thomas. «Changesbowie – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 28. juli 2019. Henta 2. september 2021. 
  26. Loving the Alien (1983–1988) (Box set booklet). David Bowie. UK, Europe & US: Parlophone. 2018. 0190295693534. 
  27. «Craig David Thanks David Bowie For Sample». Gigwise. 22. september 2007. Arkivert frå originalen 23. september 2021. Henta 14. februar 2016. 
  28. «Let's Dance: Bowie Down Under at 65th Berlinale – BIFF». DavidBowie.com. 8. februar 2015. Arkivert frå originalen 14. august 2017. Henta 11. januar 2018. 
  29. «Jimmy Fallon Let's Dance Monologue – SNL». Arkivert frå originalen 20. juni 2017. Henta 22. juni 2017. 
  30. «Tina Turner & David Bowie - Let's Dance (Live) (Chanson)». lescharts.com. Henta 20. august 2021. 
  31. Sarner, Lauren. «David Bowie's Back-Up Singer: We Were on a Yacht with the 'Mad Max' Models». Inverse. 
  32. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 978-0-646-11917-5. 
  33. 33,0 33,1 "David Bowie – Let's Dance – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  34. "Ultratop.be – David Bowie – Let's Dance" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  35. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  36. «MusicSeek.info – UK, Eurochart, Billboard & Cashbox No.1 Hits». Arkivert frå originalen 3. september 2021. Henta 3. september 2021. . Cash Box magazine.
  37. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. 
  38. «Le Détail par Artiste». InfoDisc (på fransk). Select «David Bowie» from the artist drop-down menu. Arkivert frå originalen 12. august 2016. Henta 3. september 2021. 
  39. 39,0 39,1 "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  40. "The Irish Charts – Search Results – Let's Dance". Irish Singles Chart.
  41. «Israel Singles Charts 1987-1995». UKMIX Forums. 
  42. "Nederlandse Top 40 – week 17, 1983" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40.
  43. 43,0 43,1 "Dutchcharts.nl – David Bowie – Let's Dance" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  44. 44,0 44,1 "Charts.org.nz – David Bowie – Let's Dance". Top 40 Singles. Hung Medien.
  45. "Topp 20 Single uke 15, 1983 – VG-lista. Offisielle hitlister fra og med 1958". VG-lista. Verdens Gang AS.
  46. «LET'S DANCE – David Bowie» (på polsk). LP3. Arkivert frå originalen 2. februar 2017. Henta 29. januar 2017. 
  47. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  48. «LOS 40 PRINCIPALES Y M80 RADIO OFRECEN HOY UNA PROGRAMACIÓN ESPECIAL EN HOMENAJE A DAVID BOWIE». Los 40 Principales (på spansk). 2. september 2021. Arkivert frå originalen 32. september 2021. Henta 17. mars 2018. 
  49. «South African Rock Lists Website SA Charts 1969 – 1989 Acts (B)». The South African Rock Encyclopedia. Arkivert frå originalen 16. august 2012. Henta 3. september 2021. 
  50. 50,0 50,1 "Swedishcharts.com – David Bowie – Let's Dance". Topp 60. Hung Medien.
  51. 51,0 51,1 "David Bowie – Let's Dance – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  52. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  53. "Bowie?f=379&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  54. Whitburn, Joel (10. juni 2004). Billboard's Hot Dance/Disco 1974–2003. Record Research Inc. ISBN 978-0-89820-156-7. 
  55. "Bowie?f=367&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard R&B/Hip-Hop Songs for David Bowie. Prometheus Global Media.
  56. «David Bowie – Chart History». Billboard Charts. for David Bowie. Arkivert frå originalen 30. juli 2016. Henta 3. september 2021. 
  57. "Lescharts.com – David Bowie – Let's Dance" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  58. "Italiancharts.com – David Bowie – Let's Dance". Top Digital Download. Hung Medien.
  59. "Bowie?f=848&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Japan Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.
  60. «Portuguesecharts – David Bowie – Let's dance». portuguesecharts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 12. april 2016. Henta 3. september 2021. 
  61. "Spanishcharts.com – David Bowie – Let's Dance" Canciones Top 50. Hung Medien.
  62. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  63. "David Bowie Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 3. september 2021.
  64. "Bowie?f=395&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Digital Songs for David Bowie. Prometheus Global Media.
  65. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1980s». Australian-charts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 28. august 2014. Henta 15. juni 2016. 
  66. «JAHRESHITPARADE SINGLES 1983». Ö3 Austria Top 40 (på tysk). Arkivert frå originalen 17. mai 2015. Henta 3. september 2021. 
  67. «Ultratop Jaaroverzichten 1983». Ultratop 50 (på nederlandsk). Arkivert frå originalen 26. januar 2014. Henta 3. september 2021. 
  68. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  69. «TOP – 1983». top-france.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 6. januar 2014. Henta 3. september 2021. 
  70. «Top 100 Single-Jahrescharts 1983». GfK Entertainment Charts (på tysk). Arkivert frå originalen 9. mai 2015. Henta 3. september 2021. 
  71. «Top 100-Jaaroverzicht van 1983». Nederlandsk Topp 40 (på nederlandsk). Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 3. september 2021. 
  72. «Dutch Jaaroverzichten Single 1983». Single Top 100 (på nederlandsk). Arkivert frå originalen 14. april 2016. Henta 3. september 2021. 
  73. «Official New Zealand Music Chart – End of Year Charts 1983». Recorded Music NZ. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 3. september 2021. 
  74. «Schweizer Jahreshitparade 1983». Den sveitsiske singellista (på tysk). Arkivert frå originalen 5. august 2016. Henta 3. september 2021. 
  75. «Chart Archive – 1980s Singles». everyHit.com. Arkivert frå originalen 12. september 2012. Henta 25. februar 2017. 
  76. «Billboard Top 100 – 1983». longboredsurfer.com. Arkivert frå originalen 30. august 2013. Henta 15. juni 2016. 
  77. «The CASH BOX Year-End Charts: 1983». Arkivert frå originalen 11. september 2012. Henta 11. september 2012. . Cash Box magazine.
  78. «Hot Rock Songs – Year-End 2016». Billboard. Henta 22. mai 2020. 
  79. «Top AFP - Audiogest - Top 3000 Singles + EPs Digitais» (PDF) (på portugisisk). Associação Fonográfica Portuguesa. Henta 16. august 2020. 
  80. «Billboard Hot 100 60th Anniversary Interactive Chart». Billboard. Henta 10. desember 2018. 
  81. «Canadian single salstrofé – David Bowie – Let's Dance». Music Canada. 
  82. «French single salstrofé – David Bowie – Let's Dance» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  83. «Les Singles en Or» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 10. januar 2014. Henta 12. juni 2013. 
  84. «Italian single salstrofé – David Bowie – Let's Dance» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter David Bowie in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  85. Fujita, Shig (21. januar 1984). «International Repertoire Explosion Keys Upturn in Japanese Market» (PDF). Billboard. s. 9. Henta 3. september 2021. 
  86. «British single salstrofé – David Bowie – Let's Dance». British Phonographic Industry.  Enter Let's Dance in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  87. Copsey, Rob (19. september 2017). «The UK's Official Chart 'millionaires' revealed». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 19. september 2017. Henta 2. september 2021. 
  88. «American single salstrofé – David Bowie – Let's Dance». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff

endre


Føregangar
«Save Your Love»
Renée & Renato
Toppen av VG-lista
David Bowie

6 veker, veke 15–20, 1983
Etterfylgjar
«Främling»
Carola Häggkvist