Bisam
pattedyrart
(Omdirigert frå Moskusrotte)
Bisam (Ondatra zibethicus) er eit pattedyr i hamsterfamilien. Bisamen høyrer opphavleg heime i Nord-Amerika.[1] Eksemplar vart sett ut i Finland og Russland for å auka talet på pelsviltartar, og arten har derfrå òg spreidd seg til Noreg.[2] Han er ført opp på Norsk svarteliste 2007 som ein framand art som utgjer ein ukjend risiko mot det stadeigne biologiske mangfaldet. Han er òg sett ut i mellom anna Tsjekkia og Argentina og er no vanleg i store delar av Eurasia. Levemåten kan minna om beveren. Han lever i nærleiken av vatn, der han bur anten i holer eller i hus han byggjer av plantematerial, der inngangen ligg under vassoverflata.[1] Pelsen deira er ettertrakta, og det blir difor drive mykje jakt på bisamen.
Bisam | |
Bisam | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Framandart med svært høg risiko Utbreiinga av bisam | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Gnagarar Rodentia |
Familie: | Hamsterfamilien Cricetidae |
Slekt: | Ondatra |
Art: | Bisam O. zibethicus |
Vitskapleg namn | |
Ondatra zibethicus |
Kjelder
endre- IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
- ↑ Norsk svarteliste 2007 Arkivert 2007-06-11 ved Wayback Machine. s. 42