Mull of Kintyre (tidlegare Cantyre) er det sørvestlegaste neset på den lange Kintyrehalvøya sørvest i Skottland, om lag 15 km frå Campbeltown. Namnet er ei anglisering av det gæliske Maol Chinn Tìre som tyder «Det runde (eller berre) neset på Kintyre».

Mull of Kintyre i føregrunnen, Nord-Irland lenger bak

Det står eit fyr på neset, som er udøyeleggjort i songen «Mull of Kintyre» av Wings i 1977, som var bandet til Paul McCartney på denne tida.

Geografi endre

Neset ligg heilt sør på Kintyrehalvøya,. Det ligg om lag 13 km sør for den sørlegaste landsbyen på øya, Southend.[1]

Ein kan sjå både Ailsa Craig og Antrim-kysten i Nord-Irland og Rathlin Island frå neset, og på klåre dagar kan ein sjå Malin Head i Republikken Irland, County Donegal og kysten av Ayrshire på andre sida av Ailsa Craig. Andre øyar i Firth of Clyde er òg mogeleg å sjå mot aust. Straits of Moyle (del av North Channel) er ein av sjøvegane frå Irskesjøen til Atlanterhavet. Det er særs sterke straumar rundt neset. Neset ligg om lag 20 km frå Nord-Irland.

Neset er ein av berre to stader der det er mogeleg å sjå både Storbritannia og Irland samstundes. Den andre er fjellet SnaefellIsle of Man.

Historie endre

Neset har vore eit viktig landsamband gjennom historia. Ein trur at det vart nytta av tidlege menneske som reiste frå det europeiske fastlandet til Irland. I nyare tid har det vore nytta av skottar då dei reiste frå Irland og oppretta Kongedømet Dál Riata i dagens Argyll.

Fleire fly har styrta i området, mellom anna eit Chinook i juni 1994.

Fyret endre

Mull of Kintyre fyr var det andre fyret som Commissioners of the Northern Lights sette i drift i Skottland. Det vart teikna og bygd av Thomas Smith og stod ferdig i 1788. Smith hadde tidlegare teikna fyret på Kinnaird Head, men Mull of Kintyre var eit langt større prosjekt på ein langt meir aude stad.

Fyret vart ombygd i 1820-åra og elektrifisert i 1976. I 1995 vart det automatisert. Fyrvaktarbustaden vert i dag drive som feriebustad av National Trust for Scotland.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Kintyre.org, arkivert frå originalen 19. mars 2011, henta 21. januar 2010 

55°18′40″N 5°48′14″W / 55.311°N 5.804°W / 55.311; -5.804