Murmansk oblast
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Murmansk | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 29. 144 900 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 61. | ||||
Føderalt distrikt | Nordvestlege | ||||
Økonomisk region | Nordlege | ||||
Regionsnummer | 51 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Andrey Chibis | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Murmansk oblast (Му́рманская о́бласть) er ein oblast (fylke) i den nordvestre delen av Russland, og eit russisk føderasjonssubjekt. Administrativt senter er Murmansk. Arealet er 144 900 km²,[2] og innbyggjartalet er 795 400 der (2010).
GeografiEndra
Geografisk ligg Murmansk oblast nesten utelukkande på Kolahalvøya, og ein del av Sápmi. Murmansk oblast har grense til Republikken Karelia i Russland, Finnmark i Noreg og Lapplands län i Finland.
TidssoneEndra
Murmansk oblast bruker Moskva-tid. Sett frå Sør-Varanger står dei altså opp to timar tidlegare på andre sida av Pasvikelva, mens dei står opp ein time tidlegare rundt Enaresjøen, der elva kjem frå.
HistorieEndra
DemografiEndra
Det store fleirtalet av folket i Murmansk oblast er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var dei største folkegruppene:[1]
- Russarar: 80,8 %
- Ukrainarar: 4,3 %
- Kviterussarar: 1,5 %
Urfolk og finsk-ugriske folkeslag som budde i området før russarane kom, er no små minoritetar:
I tillegg til dette kjem det at 9,2 % ikkje oppgav etnisitet ved folketeljinga.
Den einaste større byen er Murmansk (307 300 ibuarar).[1]
Administrativ inndelingEndra
Rajonar («kommunar»)Endra
Murmansk oblast består av desse kommunane, eller rajonane (russ.: районы):
- Kolskij (Кольский)
- Kovdorskij (Ковдорский)
- Lovozerskij (Ловозерский)
- Petsjengskij (Печенгский)
- Terskij (Терский)
Lukka områdeEndra
Sjølv om den kalde krigen er over er det framleis ein del område som er lukka for utlendingar, og også lukka for russiske statsborgarar utan spesiell løyve til å dra dit.
- Ostrovnoj (Островной)
- Poljarnyj (Полярный)
- Severomorsk (Североморск)
- Skalistyj (Скалистый)
- Snezjnogorsk (Снежногорск)
- Vidjajevo (Видяево)
- Zaoziorsk (Заозёрск)
Sjå ogsåEndra
FotnotarEndra
- ↑ 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010
- ↑ «Murmansk – fylke». Store norske leksikon (på norsk). 22. februar 2017.