Månane til Neptun
Neptunmånane er dei tretten kjende naturlege satellittane til Neptun. Den desidert største er Triton, oppdaga av William Lassell fire dagar etter oppdaginga av Neptun. Triton er den einaste av neptunmånane som er massiv nok til å ha oppnådd hydrostatisk likevekt. Det tok omtrent eitt hundre år før måne nummer to, Nereid, blei oppdaga.
Uvanlege banar
endreTriton går i bane rundt Neptun i ein sirkulær men retrograd bane.
To naturlege satellittar oppdaga i 2002 og 2003, Psamanthe og Neso, har dei største banane til nokon naturleg satellitt oppdaga i solsystemet så langt. Dei bruker 25 år på eitt omløp rundt Neptun og har ein snittavstand til Neptun på 125 gongar avstanden mellom Jorda og månen.
Danningsteoriar
endreSannsynlegvis er dei indre satellittane til Neptun ikkje dei opphavlege lekamane som blei danna ilag med Neptun, men akrerte lausmassar ifrå kaoset som oppstod etter at Triton blei fanga inn av Neptuns gravitasjon. Banen til Triton like etter innfanging ville ha vore særs eksentrisk og ha forårsaka kaotiske tilstandar for dei opphavlege indre neptunmånane, slik at dei kolliderte og blei redusert til ei skive av lausmassar. Då banen til Triton blei sirkulær kunne skiva samla seg til dagens satellittar. [1]
Mekanismen til Triton-innfanginga har vore emnet for fleire teoriar. Dei mest nylege føreslår at Triton blei innfanga i eit scenario med tre lekamar. I dette scenarioet er Triton den overlevande medlemen av eit binærobjekt1 som blei skilde ifrå kvarandre under passeringa av Neptun. [2]
Simulasjonar viser at det er stort sannsyn for at ein måne oppdaga i 2002, Halimede, kjem til å kollidera med Nereid under levetida til systemet. [3] Sidan begge månar ser ut til å har dei same grå fargane er kanskje satellitten eit fragment av Nereid. [4]
1Binære objekt er svært vanleg blant transneptunske-objekt. Meir enn 10 % av alle TNOar er binære, og Pluto og Charon dei mest kjende av desse. Ikkje like mange hovubelteasteroidar er binære (t.d. 243 Ida og Dactyl).
Tabell over månane
endreNeptunmånane er lista opp etter omløpstid, ifrå kortast til lengst. Triton er massiv noko til kollapsa til ein sfæroide står på blå bakgrunn. Triton har omtrent same størrelse som Jordas måne. Irregulære (dvs. innfanga; Triton er sannsynlegvis òg innfanga) månar står på grått; prograd på lysegrått og retrograd på mørkegrått.
Rangering | Namn (runde (sfæriske) månar i feit skrift) |
Bilete | Diameter (km) | Masse (×1016 kg) |
Store halvakse(km) | Omløpstid‡ (d) | Banehelling (°) i forhold til Neptun sitt ekvator | Oppdaga | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Neptun III | Naiad | 67 (96×60×52) | ~19 | 48,227 | 0,294 | 4,7° | 1989 | |
2 | Neptun IV | Thalassa | 83 (108×100×52) | ~35 | 50,075 | 0,311 | 0,2° | 1989 | |
3 | Neptun V | Despina | 152 (180×150×130) | ~210 | 52,526 | 0,335 | 0,1° | 1989 | |
4 | Neptun VI | Galatea | 175 (204×184×144) | 212 | 61,953 | 0,429 | 0,1° | 1989 | |
5 | Neptun VII | Larissa | 195 (216×204×164) | ~420 | 73,548 | 0,555 | 0,2° | 1981 | |
6 | Neptun VIII | Proteus | 418 (436 × 416 × 402) | ~4,400 | 117,647 | 1,122 | 0,6° | 1989 | |
7 | Neptun I | Triton | 2707 | 2,140,000 | 354,800 | −5,877 | 156,8° | 1846 | |
8 | Neptun II | Nereid | 340 | ~2,200 | 5,513,400 | 360,14 | 27,6° | 1949 | |
9 | Neptun IX | Halimede | 60 | ~9 | 15,728,000 | −1879,71 | 2002 | ||
10 | Neptun XI | Sao | 38 | ~9 | 22,422,000 | 2914,07 | 2002 | ||
11 | Neptun XII | Laomedeia | 38 | ~9 | 23,571,000 | 3167,85 | 2002 | ||
12 | Neptun X | Psamathe | 28 | ~1,5 | 46,695,000 | −9115,91 | 2003 | ||
13 | Neptun XIII | Neso | 60 | ~9 | 48,387,000 (0,32 AE) |
−9373,99 | 2002 |
‡ Negative omløpstider indikerer eit retrograd omløp rundt Neptun (motsett av planetens rotasjon),
Irregulære månar
endreDiagrammet illustrerer banane til Neptun sine irregulære månar som så langt er oppdaga. Eksentrisiteten til banane er representerte ved dei gule linestykka (strekkjer seg ifrå perisenter til aposenter) og inklinasjonen (banehellinga) representert ved Y-aksen. Satellittane over X-aksen er prograde medan satellittane under er retrograde. X-aksen står oppført i gigameter (millionar kilometer) i tillegg til kor stor prosent av Neptuns si hill-sfære (området ein himmellekam sin gravitasjon rekk over; 116 mill. km. for Neptun)) avstanden utgjer.
På grunna av likskapane mellom banane til Neso og Psamanthe er det føreslege at dei begge har opphav i ein større måne som blei delt opp i bitar. [5] Triton, den største månen som følgjer ein retrograd men kvasisirkulær bane er og som òg forventa å vera ein innfanga måne, er ikkje vist. Nereid, som har ein prograd men veldig eksentrisk bane, trur ein blei splitta under innfanginga av Triton. [6]
Namna
endreNokre asteroidar har same namn som eit par av neptunmånane: 74 Galatea og 1162 Larissa.
Triton fekk ikkje eit namn før det tjuande hundreåret. Namnet Triton blei føreslege i 1880 av Camille Flammarion men blei ikkje teke i vanleg bruk før på 1930-talet. Vanlegvis refererte ein til Triton som «satellitten til Neptun», då den andre satellitten ikkje blei oppdaga før 1949.
Sjå òg
endre- Dei naturlege satellittane til Jorda · Mars · Saturn · Jupiter · Uranus · Pluto
- Namnekonfliktar i solsystemet
- Namngjeving av naturlege satellittar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Moons of Neptune» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2008.
Fotnotar
endre- ↑ D. Banfield and N. Murray (1992). «A dynamical history of the inner Neptunian satellites». Icarus 99: 390.
- ↑ C.B. Agnor & D.P. Hamilton «Neptune's capture of its moon Triton in a binary-planet gravitational encounter», Nature, 441 (2006), s. 192. (pdf)
- ↑ M.Holman, JJ Kavelaars, B.Gladman, T.Grav, W.Fraser, D.Milisavljevic, P.Nicholson, J.Burns, V.Carruba, J-M.Petit, P.Rousselot, O.Mousis, B.Marsden, R.Jacobson «Discovery of five irregular moons of Neptune», Nature, 430 (2004), s. 865-867. Introduksjon (pdf)
- ↑ T.Grav, M.Holman og W.Fraser, «Photometry of Irregular Satellites of Uranus and Neptune», The Astrophysical Journal, 613 (2004), s.L77–L80 (introduksjon)
- ↑ Scott S. Sheppard, David C. Jewitt, Jan Kleyna, «A Survey for "Normal" Irregular Satellites Around Neptune: Limits to Completeness» (introduksjon)
- ↑ Goldreich, P.; Murray, N.; Longaretti, P. Y.; Banfield, D. «Neptune's story», Science, 245, (1989), s. 500-504.
Solsystemet |
---|
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris |
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen |
smålekamar: meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya) |
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet |