Loch Ness
Loch Ness (skotsk gælisk Loch Nis) er ein stor og djup innsjø (loch) i det skotske høglandet, kring 37 km sørvest for Inverness. Loch Ness er mest kjend for ein sjøorm som skal halda til der, populært kalla «Nessie» etter namnet på sjøen. Mange hevdar å ha sett eit stort monster symjande i innsjøen, men det er ikkje prova at eit slikt vesen verkeleg finst. Det har vore organisert fleire store leiteaksjonar etter monsteret, men ingen har lukkast i å finna det. Frå ulike stader kring Loch Ness går det båtar, slik at turistar får høve til å sjå etter ormen.
Loch Ness | |||
innsjø | |||
Utsyn over Loch Ness med Urquhart-borga i framgrunnen. (Foto: Sam Fentress)
| |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | oligtrofisk innsjø, dimiktisk | ||
Tilsig | River Oich/ Den kaledonske kanalen, River Moriston, River Foyers, River Enrick, River Coilte | ||
Utløp | River Ness/ Den kaledonske kanalen | ||
Nedslagsfelt | 1 775 km² | ||
Høgd over havet | 15.8 moh. | ||
Lengd | 40 km | ||
Breidd | 2,4 km | ||
Areal | 56,4 km² | ||
Middeldjupn | 132 m | ||
Største djupn | 247,5 m | ||
Volum | 7,4 km³ | ||
Koordinatar | 57°18′N 4°27′W / 57.300°N 4.450°W | ||
Øyar | 1 (Cherry Island) | ||
Byar | Fort augustus, Invermoriston, Drumnadrochit, Abriachan, Lochend; Whitebridge, Foyers, Inverfarigaig, Dores. | ||
Loch Ness 57°18′N 4°27′W / 57.3°N 4.45°W | |||
Wikimedia Commons: Loch Ness |
Geografi
endreLoch Ness er ein av fleire skotske sjøar som blei skorne ut av brear under tidlegare istider. I flatevidd er han den andre største sjøen i Storbritannia, etter Loch Lomond, og den største sjøen i den geologiske forkastinga Great Glen. I vassmasse har Loch Ness meir vatn enn alle innsjøar i England og Wales til saman. I tillegg til å vera ein stor og djup loch har Ness særs dårleg sikt på grunn av mykje torv i jordsmonnet rundt.
Sørvest i sjøen, nær Fort Augustus, ligg øya Cherry, ein crannog (menneskeskapt øy) frå jernalderen.
På breidda av Loch Ness ligg ruinane av Urquhart Castle. I landsbyen Drumnadrochit ligg eit utstillingssenter om sjøormen i Loch Ness.
Bruk av sjøen
endreSjøen utgjer ein del av Den kaledonske kanalen. Han blir også brukt som lågare reservoar for vasskraftutbygginga Foyers, eitt av dei første av sitt slag i Storbritannia.