Nicola Vizzoni

Nicola Vizzoni (fødd 4. november 1973) er ein italiensk tidlegare sleggjekastar frå Pietrasanta som vann sølvmedaljen i øvinga under Sommar-OL 2000 og ved europameisterskapen 2010.

Vizzoni under Moskva-VM 2013

AktivEndra

Vizzoni sette personleg rekord i OL-finalen 2000 med eit kast på 79,64 meter og sikra seg ein noko overraskande sølvmedalje, 38 centimeter bakk gullvinnar Szymon Ziółkowski frå Polen. Den 14. juli 2001 gjorde Vizzoni sitt livs lengste sleggjekast på 80,50 meter då han sigra ved eit stemne i Formia. Same året vann han øvinga ved universiaden i Beijing så vel som i mellomhavsleikane i Tunis. Under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton vart han fjerdemann med eit bestekast på 80,13 m, 14 cm bak bronsemedaljøren.

Ved EM 2010 i Barcelona kneip Vizzoni sølvmedaljen med sine 79,12 meter, 6 cm framom Krisztián Pars frå Ungarn, begge ein liten meter bakom europameisteren Libor Charfreitag.

Vizzoni vart italiensk meister i sleggjekasting elleve gongar: 1998, 2000–2007 og 2009–2010.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra