Levkosía
Lévkosía[a] eller Nikosia[b] er hovudstaden og den største byen på Kypros. Han ligg ved elva Pediéos om lag midt på øya. Levkosía er ein kommune i distriktet Levkosía i Republikken Kypros.[2]
Nikosia | |||
Λευκωσία • Levkosía Lefkoşa | |||
hovudstad | |||
Land | Kypros, Nord-Kypros | ||
---|---|---|---|
Distrikt | • Levkosía (Kypros) • Lefkoşa (Nord-Kypros) | ||
Del av | Distriktet Levkosía | ||
Areal | 51,06 km² | ||
Folketal | 330 000 (2015)[1] | ||
Nikosia 35°10′21″N 33°21′54″E / 35.1725°N 33.365°E | |||
Lévkosía innafor distriktet Levkosía.
| |||
Wikimedia Commons: Nicosia |
Den tyrkiske invasjonen i 1974 okkuperte 36 % av øya og delte hovudstaden i to. Etter det har den nordlege delen av busetnaden vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som kommunen Lefkoşa (Nord-Levkosía) i distriktet Lefkoşa.[3] Dei tyrkiske kypriotane nyttar byen som hovudstad i Nord-Kypros, som ikkje er internasjonalt anerkjend av andre land enn Tyrkia.
Levkosía er ein moderne, dynamisk hovudstad med mange butikkar, restaurantar og underhaldning. Byen er eit handelssentrum og produserer tekstilar, lêr, keramikk, plastikk og andre produkt. I nærleiken ligg kopargruver. I den sørlege forstaden Latsiá ligg Kypros universitet.
Administrasjon og folketal
endreLevkosía, republikken Kypros
endreVed folketeljinga i 2011 hadde den delen av kommunen Levkosía som er under kontroll av styresmaktene, 55 014 innbyggjarar, fordelt på bydelane:[4]
- Ájos Andréas (5 767 innbyggjarar)
- Trypiótis (2 158 innbyggjarar)
- Nembetkhané (1) (189 innbyggjarar)
- Tambakkhané (2) (299 innbyggjarar)
- Faneroméni (F.) (512 innbyggjarar)
- Ájos Sávvas (Á.S.) (581 innbyggjarar)
- Omerié (O.) (206 innbyggjarar)
- Ájos Andónios (5 801 innbyggjarar)
- Ájos Ioánnis (Á.I.) (221 innbyggjarar)
- Taktelkalé (Tak.) (826 innbyggjarar)
- Khrysalinótissa (3) (124 innbyggjarar)
- Ájos Kassianós (4) (82 innbyggjarar)
- Kaimaklí (11 564 innbyggjarar)
- Panajía (12 398 innbyggjarar)
- Áji Konstandínos ke Eléni (Á.K.&E.) (3 209 innbyggjarar)
- Áji Omologités (10 528 innbyggjarar)
- Aráp Akhmét (50 innbyggjarar)
- Jéni Tzamí (215 innbyggjarar)
- Omorfíta (284 innbyggjarar)
Storbyområdet til Levkosía omfattar òg kommunane Aglandziá, Ájos Dométios, Éngomi, Jéri, Lakatámia, Latsiá, Stróvolos og Tséri og hadde i 2011 i alt 244 556 innbyggjarar.
Lefkoşa, Nord-Kypros
endreVed folketeljinga i 2011 hadde den nord-kypriotiske kommunen Lefkoşa 61 738 innbyggjarar, fordelt på bydelane:[3]
- Abdi Çavuş (Abdí Tsaoús) (9) (568 innbyggjarar)
- Akkavuk (Amboú Kavoúk) (7) (793 innbyggjarar)
- Arabahmet (Aráp Akhmét) (561 innbyggjarar)
- Aydemet (Ájos Dométios) (2 314 innbyggjarar)
- Ayyildiz (Ájos Loukás) (8) (489 innbyggjarar)
- Çağlayan (1 307 innbyggjarar)
- Göçmenköy (3 003 innbyggjarar)
- Hamitköy (Mándres) (5 338 innbyggjarar)
- Haspolat (Mía Miliá) (4 208 innbyggjarar)
- Haydarpaşa (Khaidár Pasá) (12) (155 innbyggjarar)
- İbrahimpaşa (Ibrakhím Pasá) (5) (566 innbyggjarar)
- İplikpazari (Iplík-Pazár-Korkoút Eféndi) (10) (229 innbyggjarar)
- Kafesli (Ájos Kassianós) (233 innbyggjarar)
- Karamanzade (Karamanzandé) (13) (351 innbyggjarar)
- Kızılay (Trákhonas) (3 535 innbyggjarar)
- Köşklüçiftlik (2 939 innbyggjarar)
- Kumsal (1 855 innbyggjarar)
- Küçük Kaymakli (Omorfíta) (10 572 innbyggjarar)
- Mahmutpaşa (Makhmoút Pasá) (6) (314 innbyggjarar)
- Marmara (3 081 innbyggjarar)
- Ortaköy (Ortákioi) (9 868 innbyggjarar)
- Selimiye (Ajía Sofía) (11) (878 innbyggjarar)
- Taşkınköy (3 847 innbyggjarar)
- Yenicami (Jéni Tzamí) (1 663 innbyggjarar)
- Yenişehir (Neápoli) (3 715 innbyggjarar)
Storbyområdet til Lefkoşa (Nord-Levkosía) omfattar òg kommunane Alayköy (Jerólakkos) og Gönyeli (Kióneli) og hadde i 2011 i alt 82 539 innbyggjarar.[5][3]
Kart
endreHistorie
endreByen vart grunnlagd av egyptarar på 300-talet. I antikken vart byen kalla Ledrae. Det greske namnet Levkosía kjem frå Ptolemaios I av Egypt sin son, som grunnla byen. På 1000-talet vart byen hovudstad på Kypros. Under namnet Ledrea kom Levkosía inn under Venezia i 1489. Namnet Nikosia byrja ein å bruke på 1100-talet. Då osmanarane erobra byen i 1570 vart om lag 20 000 menneske skada. Rundt 1960, då Kypros fekk sjølvstende av Storbritannia, starta ein valdeleg periode mellom dei greske og tyrkiske kypriotane, og i 1974 invaderte Tyrkia øya. Sidan den gong har det byen har vore delt av ei SN-sone i byen, «den grøne linja».
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.mof.gov.cy/mof/cystat/statistics.nsf/populationcondition_21main_gr/populationcondition_21main_gr?OpenForm&sub=1&sel=2.
- ↑ «Municipalities» (på engelsk). Union of Cyprus Municipalities – Unionen av kypriotiske kommunar. Arkivert frå originalen 29. januar 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Başkent Lefkoşa İmar Planı – Utviklingsplan for hovudstaden Lefkoşa» (PDF) (på tyrkisk). Şehir Planlama Dairesi – Byplanavdelingen. Arkivert frå originalen (PDF) 10. august 2023. Henta 17. september 2023. Notat 2012