Nimm von uns, Herr, du treuer Gott

Nimm von uns, Herr, du treuer Gott, BWV 101, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Nimm von uns, Herr, du treuer Gott
BWV 101
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1724
Urframføring13. august 1724
Publiseringsdato1876
Typisk lengd25:09
Satsar/akter7

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den tiande sundagen etter treeiningssundag, som dette året var den 13. august.

Teksten er henta frå Martin Moller (sats 1, 3, 5, 7), og ein ukjend forfattar, truleg Christian Friedrich Henrici (Picander), i følgje A. Schweitzer. Koraltemaet er basert på salmen «Vater unser im Himmelreich», først trykt i Geistliche lieder som vart publisert av Valentin Schumann (Leipzig, 1539). Melodien er frå mellomalderen.

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for tverrfløyte, to oboar, engelsk horn, to fiolinar, bratsj og basso continuo med valthorn, tre trombonar og strykarar, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av sjusatsar:

  1. «Nimm von uns Herr, du treuer Gott», Koral
  2. «Handle nicht nach deinen Rechten», Arie for tenor
  3. «Ach! Herr Gott, durch die Treue dein», Resitativ & koral
  4. «Warum willst du so zornig sein», Arie for bass
  5. «Die Sünd hat uns verderbet sehr», Resitativ & koral
  6. «Gedenk an Jesu bittern Tod», Duett for sopran & alt
  7. «Leit uns mit deiner rechten Hand», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre