Nobelstiftinga (svensk Nobelstiftelsen) er ein privat institusjon som vart grunnlagt den 29. juni 1900 for å forvalta det økonomiske og administrative arbeidet rundt Nobelprisverksemda.[1] Stiftinga er basert på testamentet til Alfred Nobel, oppfinnaren av dynamitt.[2]

Nobelstiftinga

Typestifting
Skipa29. juni 1900, 1900
HovudkontorStockholm
Nettstadhttp://www.nobelprize.org/nobel_organizations/nobelfoundation/ Sjå dette på Wikidata

Stiftinga held òg Nobel Symposium om viktige gjennombrot i vitskapen og tema av kulturell eller sosial tyding.

Soge endre

Alfred Nobel endre

Alfred Nobel var ein kjemikar, ingeniør, innovatør, våpenprodusent og oppfinnaren av dynamitt. Han åtte Bofors, ein stor våpenprodusent, som han hadde gjord om frå si opphavlege verksemd som jarn- og stålverk. Nobel hadde 355 ulike patent, der dynamitt er det mest kjende. Igjennom livet tente Nobel opp ein enorm formue, mest på grunn av dynamitt-oppfinninga.[3] I 1896 døydde Nobel av eit slag i villaen sin i San Remo, Italia, der han levde dei siste åra sine.[4][5][6][7]

 
Testamentet til Alfred Nobel frå 25. november 1895.

Testament endre

Før Alfred Nobel døydde laga han eit testament. I testamentet kom han med eit ynske som overraska mange, ettersom pengane hans skulle brukast til å gjeva ut prisar innan fysikk, kjemi, fred, fysiologi eller medisin og litteratur.[6][7][8] Sjølv om Nobel skreiv fleire testament igjennom livet sitt, vart det siste skrive litt over eit år før han døydde, og underteikna det ved den svensk-norsk klubben i Paris den 27. november 1895.[9] Nobel etterlét 94% av heile eigedomen sin, tilsvarande 31 millionar svenske kronor, for å stifta og gjeva ut dei fem nobelprisane.[10] (I 2008 svara dette til 186 millionar amerikanske dollar.)

Testamenteksekutorane, Ragnar Sohlman og Rudolf Lilljequist, skipa Nobelstiftinga for å taka vare på formuen til Nobel og organisera prisutgjevingane.[11] Sjølv om Nobel-testamenta etablerte prisane, var planen hans ikkje fullkomen og på grunn av andre ulike hinder tok det fem år før Nobelstiftinga kunne verta etablert og dei fyrste prisane kunne verta delt ut den 10. desember 1901 til blant anna Wilhelm Conrad Röntgen.[6][12][13] Den 31. desember 2020 var kapitalen kontrollert av Nobelfondet og verdset til 5,176 milliard svenske kronor.[5][14]

Nobelstiftinga endre

 
Portrett av Alfred Nobel av Gösta Florman.

Nobelstiftinga vart grunnlagd som ei privat organisasjon den 29. juni 1900, særskilt for å styra det økonomiske og administrative ved Nobelprisane.[15] Det er basert på det siste testamentet til Nobel.[2] På den tida førte ynske til Nobel stor skepsis og klander, og ikkje før den 26. april 1897 vart ynsket hans godkjend av Stortinget.[16] Kort tid etter utnemnde dei medlemene i den norske Nobelkomitéen som skulle gjeva fredsprisen. Kort tid dernest fylgde dei andre prisutdelande organisasjonane etter; Karolinska Institutet den 7. juni, Svenska akademien den 9. juni og Kungliga Vetenskapsakademien den 11. juni.[17][18] I 1900 vart vedtekta til Nobelstiftinga kunngjord av kong Oscar II.[6][11]

I 1905 vart unionen mellom Sverige og Noreg oppløyst, og ansvaret for å gjeva Nobelprisen vart delt mellom dei to landa. Nobelkomitéen i Noreg vart ansvarleg for utdelinga av fredsprisen, medan Sverige vart ansvarleg alle dei andre prisane.[11][16]

I samsvar med testamentet til Nobel er den primære oppgåva til Nobelstiftinga å forvalta formuen som Nobel etterlét seg i eit fond.[5][11] Nobelfondet representerer òg Nobelprisen og tek ansvar for uformelle aktivitetar og spørsmål relaterte til tildeling av Nobelprisen. Nobelfondet er ikkje involvert i prosessen med å kjosa nobelprisvinnarar.[11][19][treng kjelde] Nobelfondet investerer pengar til å halda ein finansieringsbase for prisane og administrative aktivitetane. Nobelfondet er fria frå all skatt i Sverige (sidan 1946) og frå investeringsskatt i USA (sidan 1953).[20] I byrjinga av 1980-talet var prisbeløpet 1 million SEK, men i 2008 auka prisbeløpet til 10 millionar SEK.[16][21]

Styret endre

I samsvar med vedtekene skal stiftinga bestå av eit styre av sju medlemer og to daglege leiarar, med sete i Stockholm. Styre skal sjølv utnemna ein styreleiar, ein nestleiar og ein administrerande direktør. Medlemene vert i fyrste omgang kosne av forvaltarane ved dei prisutdelingsinstitusjonane.[22]

Organisasjon endre

I tillegg til styret femner Nobelstiftinga prisutdelingsinstitusjonane (Kungliga Vetenskapsakademien, Nobelforsamlinga, Svenska Akademien og Den Norske Nobelkomité), forvaltarane ved prisutdelingsinstitusjonane og revisorane.[16][22]

Symposieprogrammet endre

I 1965 vart symposieprogrammet oppretta, eit program som held symposium «viet til spesielt dynamiske forskningsområder eller tema av stor kulturell eller sosial betydning.»[23] Symposiet har dekt tema som prostaglandiner, kjemisk kinetikk, diabetes mellitus, strengteori, kosmologi og den kalde krigen i 1980-talet.[24][25] Nobelkomitéen består av medlemer frå Nobelkomitéane i kjemi, litteratur, fred, fysikk og fysiologi eller medisin; Priskomitéen for økonomi; den svenske Riksbankens Jubileumsfond; og Wallenbergs stiftelse.[24]

Andre nobelsprisar endre

I 2007 kunngjorde Nobel Charitable Trust, grunnlagd av Michael Nobel, Gustaf Nobel, Peter Nobel og Philip Nobel, at dei ville oppretta ein ny Nobelpris – Michael Nobel Energy Award – som ville prisa innovasjonar innan alternativ energiteknologi. Det vil vera den fyrste nye nobelprisen som vert skipa av familien Nobel sidan Alfred Nobel etablerte dei. Men den vil verta delt ut av Nobel Charitable Trust og ikkje av Nobel Foundation, sjølv om begge organisasjonane er stifta av Nobel-familien.[26][27]

Planen vart kunngjord på nanoTX 07. Nobelstiftinga trua snøgt med å taka saka til retten for «klar misbruk av omdømet og velviljen til Nobelprisen».[28] Regissøren, Michael Sohlman, av Nobelstiftinga og den utvalde leiaren for Nobel-familien, godkjende ikkje den såkalla "Dr. Michael Nobel Award", og Nobel Charitable Trust (NCT) og Nobel Family Benevolent society.[29]

Kjelder endre

  1. Lemmel, Birgitta. «The Nobel Foundation: A Century of Growth and Change». Nobel Foundation. Henta 19. desember 2010. 
  2. 2,0 2,1 «The Nobel Foundation». Nobel Foundation. Henta 19. desember 2010. «The Nobel Foundation is a private institution established in 1900 based on the will of Alfred Nobel. The Foundation manages the assets made available through the will for the awarding of the Nobel Prize in Physics, Chemistry, Physiology or Medicine, Literature and Peace. It represents the Nobel Institutions externally and administers informational activities and arrangements surrounding the presentation of the Nobel Prize.» 
  3. «Biography of Alfred Nobel – Succeed through Studying Biographies». School for Champions. Arkivert frå originalen 14 March 2012. Henta 15. januar 2010. 
  4. «Alfred Nobel's final years in Sanremo» (på engelsk). Henta 29. juni 2021. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «Si-Facts_FS15b_ENG.bak» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 31 August 2010. Henta 15. januar 2010. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 AFP, "Alfred Nobel's last will and testament" Arkivert 9. oktober 2009 ved Wayback Machine., The Local. (5. oktober 2009): henta 14. januar 2009.
  7. 7,0 7,1 «History – Historic Figures: Alfred Nobel (1833–1896)». BBC. Henta 15. januar 2010. 
  8. «Guide to Nobel Prize». Encyclopædia Britannica. Henta 15. januar 2010. 
  9. «The Nobel Foundation and its Role for Modern Day Science». Arkivert frå originalen 14. juli 2011. Henta 12. juli 2010. 
  10. «Alfred Nobels testamente», NobelPrize.org (på svensk), henta 6. oktober 2023 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 "Nobel Prize" (2007), in Encyclopædia Britannica.
  12. «All Nobel Laureates». Nobel Foundation. Arkivert frå originalen 6. oktober 2012. Henta 15. januar 2010. 
  13. "First Nobel Prizes: December 10, 1901", This Day in History[daud lenkje], The History Channel.
  14. «Financial Management» (PDF). Henta 14. juli 2021. 
  15. Lemmel, Birgitta. «The Nobel Foundation: A Century of Growth and Change». Nobel Foundation. Arkivert frå originalen 26. oktober 2007. Henta 30. oktober 2007. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 «The Nobel Foundation – History». Nobel Foundation. Arkivert frå originalen 12. juni 2008. Henta 15. januar 2010. 
  17. «Nobel Prize History –». Infoplease.com. Henta 15. januar 2010. 
  18. «Nobel Foundation (Scandinavian organization) – Britannica Online Encyclopedia». Encyclopædia Britannica. Henta 15. januar 2010. 
  19. Feldman, Burton (2000). The Nobel prize: a history of genius ... – Google Böcker. ISBN 9781559705929. Henta 15. januar 2010. 
  20. «The Nobel Foundation – Financial Management». Nobel Foundation. Arkivert frå originalen 16. juli 2008. Henta 15. januar 2010. 
  21. [1] Arkivert 25 June 2009 ved Wayback Machine.
  22. 22,0 22,1 «Statutes of the Nobel Foundation», NobelPrize.org (på engelsk), henta 7. oktober 2023 
  23. «Nobelsymposier - Nobel Peace Prize», www.nobelpeaceprize.org (på norsk), 26. august 2021, henta 7. oktober 2023 
  24. 24,0 24,1 «Nobel Symposia». Nobel Foundation. Arkivert frå originalen 12. oktober 2007. Henta 28. oktober 2007. 
  25. «Complete List of Nobel Symposia from 1965 – present». Nobel Foundation. Arkivert frå originalen 14. mai 2007. Henta 30. oktober 2007. 
  26. Nobel, Philip (9. oktober 2007). «Michael Nobel Energy Award». PRBuzz.com. Arkivert frå originalen 9. november 2007. Henta 18. oktober 2007. 
  27. Nobel, Philip (9. oktober 2007). «Statement from the Nobel Charitable Trust Foundation regarding the Michael Nobel Energy Award». I-Newswire.com. Arkivert frå originalen 3. januar 2013. Henta 18. oktober 2007. 
  28. nanoPRwire. «Michael Nobel Relieved of nanoTX'07 Activities After Protest from Nobel Foundation and Family Society». Nano Science and Technology Institute. Arkivert frå originalen 15 April 2008. Henta 18. oktober 2007. 
  29. Feder, Barnaby J. (18. oktober 2007). «The Nobel Prize That Wasn't». The New York Times. Henta 18. oktober 2007. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nobelstiftinga