Lymfeknut

(Omdirigert frå Nodi lymphatici)

Lymfeknutar (av latin nodus lymphaticus) er bønneforma eller ovale organ i lymfesystemet som finst i store delar av kroppen, mellom anna i armhola og abdomen, og som er samankopla av lymfeårer.[1] Lymfeknutane er samansette av lymfatisk vev fylt med B-celler, T-celler og andre immunceller. Lymfeknutane er ein viktig del av immunsystemet, og jobbar med å filtrere framandpartiklar og kreftceller. Lymfeknutar jobbar ikkje med toksisitet; giftstoff blir i hovudsak handsama av levra og nyrene.

Diagram av ein lymfeknut som visar straumen av lymfe gjennom subkapsulær sinus

Lymfeknutar kan ofte ha klinisk relevans. Dei kan bli betente og svolne ved ulike infeksjonar og sjukdommar, frå trivielle halsinfeksjonar til livstrugande kreftformer. Tilstanden til lymfeknutane er viktig ved stadieinndeling av kreft, der dei bidreg til å finne behandlingar og setje diagnosar. Når dei er svolne eller betente er dei ofte harde, faste eller ømme.[2]

Struktur endre

 
1) Kapsel; 2) Subkapsulær sinus; 3) Germinalt senter; 4) Nodulus; 5) Trabeklar

Lymfeknutar er bønneforma og varierer i storleik frå eit par millimeter til om lag 1–2 cm i lengd.[3] Kvar lymfeknut er omgjeve av ein fibrøs kapsel som strekker seg inn i lymfeknuten for å danne trabeklar (små porer). Substansen i lymfeknutar er delt inn i ein ytre korteks og ein indre medulla. Korteks strekker seg kontinuerleg rundt medulla med unntak av ved hilum, der medulla har direkte kontakt med hilum.[3]

Tynne retikulære fibrar og elastin formar eit støtteverk kalla eit retikulært nettverk på innsida av knuten. Kvite blodlekamar (leukocyttar), i hovudsak lymfocyttar, er tettpakka inni folliklane (B-celler) og i korteks (T-celler). Elles i knuten er det sporadisk utbreidde leukocyttar. Retikkelverket gjev strukturell støtte og dannar ei festeflate for dendrittiske celler, makrofagar og lymfocyttar. Den opnar for vekslinga av stoff mellom blodet gjennom høgendotelvenylar og forsyner vekst- og regulasjonsfaktorar for aktivering og modning av immunceller.[4]

Talet på og samansetnaden av folliklar kan endre seg når dei utviklar germinale senter, særleg ved utfordring frå antigen.[3]

 
Histologien av ein lymfeknut

Lymfe strøymer inn i den konvekse sida av lymfeknuten gjennom fleire afferente lymfeårer og vidare til sinusane. Ein lymfesinus, inkludert subkapsulær sinus, er ein kanal inni knuten trekt med endotelceller og fibroblastiske retikulære celler som glattar kanalen slik at lymfe kan renne gjennom. Endotelet i den subkapsulære sinusen er kontinuerleg med endotelet i den afferente lymfeåra og med endotelet i liknande sinusar som flankerar trabeklane og innsida av korteks. Alle desse sinusane tappar filtrert lymfevæske inn i dei medullære sinusane, der lymfen flyt vidare til dei efferente lymfeårene og ut av lymfeknuten ved hilum på den konkave sida. Desse årene er mindre og hindrar makrofagar frå å tappast ut av knuten, sidan desse trengst på innsida. I laupet av lymfesirkulasjonen hendar det at lymfocyttar blir aktiverte som ein del av den tileigna immunresponsen.

Kapsel endre

 
Lymfeknutevev med trabeklar

Lymfeknutekapselen er samansett av kompakt, uregelmessig bindevev blanda med noko muskelfiber, og frå den indre overflata oppstår det ei rekkje membranøse apofysar eller trabeklar samansett av bindevev blanda med muskelfiber. Dei går innover og strålar mot senteret av knuten, om lag ein tredel eller ein fjerdedel av rommet mellom omkrinsen og senteret av knuten. I nokre dyr er desse veldig markerte og visar skillet mellom dei perifere og kortikale delane av knuten som små kammer (folliklar), men dette er ikkje like synleg hjå menneske. Dei store trabeklane spirar frå kapselen og delar seg i fleire fine band som flettar seg for å danne eit nettverk i den sentrale eller medullære delen av knuten. I områda med fletta trabeklar finn ein det lymfatiske vevet. Pulpaen fyllar ikkje dette området i like stor grad, men forlét mellom den ytre marginen og den omsluttande trabekelen, ein kanal som er like brei heile vegen. Denne kanalen blir kalla subkapsulær sinus. Over denne kryssar fleire fine trabeklar av retikulært bindevev med fibrar dekt av forgreina celler.

 
Afferente og efferente lymfeårer

Subkapsulær sinus endre

Subkapsulær sinus («lymfevegen» eller lymfesinus) er rommet mellom kapselen og korteks.[5] Den opnar for fri rørsle av lymfevæske, og er difor fylt av lymfocyttar. Den er kontinuerleg med dei andre lymfesinusane som flankerar trabeklane.[3]

Lymfeknuten inneheld lymfatisk vev, eit nettverk av fiber kalla reticulum med innvikla kvite blodlekamar. Regionane med få celler blir kalla lymfesinus. Dei er trekt med retikulære celler, fibroblastar og urørlege makrofagar.[3]

Subkapsulær sinus har klinisk relevans fordi det oftast er her ein finn dei tidlege manifestasjonane på metastatisk karsinom i lymfeknutar.

Korteks endre

 
Diagram av ein lymfeknut

Korteks er den perifere delen under kapsen og subkapsulær sinus. Subkapsulær sinus tappar lymfe til trabekulære sinusar før lymfen renn inn i dei medullære sinusane.

Den ytre korteks er i hovudsak samansett av B-celler, arrangert som folliklar, som kan utvikle eit germinalt senter ved møte på eit antigen. Den djupe korteks er i hovudsak samansett av T-celler. Det finst òg eit område kjent som det subkortikale området, der T-celler (og andre raude celler) samhandlar med dendrittiske celler. Det retikulære nettverket er veldig kompakt i dette området. Området som hovudsakleg inneheld T-celler og aksessoriske celler er òg kjent som parakorteks.[6]

Medulla endre

Medulla inneheld store blodårer og sinusar som inneheld antistoff-utskiljande celler.

Dei medullære kordene er korder av lymfatisk vev som inneheld plasmaceller, makrofagar og B-celler. Dei medullære sinusane (eller sinusoidane) er åreliknande rom som skil kordene frå einannan. Lymfe strøymer inn i dei medullære sinusane frå kortikale sinusar og vidare inn i efferente lymfeårer. Medullære sinusar inneheld histiocyttar (urørlege makrofagar) og retikulære celler.

Funksjon endre

 
Ein finn klasar av lymfeknutar under armane, i lysken, nakken og magen

Utdjupande artikkel for dette emnet er Lymfesystem.

Lymfevæska inni lymfeknutane inneheld lymfocyttar, eit slag av kvite blodlekamar, som heile tida sirkulerar gjennom lymfeknutane og blodstraumen. Molekyl som finst på celleveggen hjå bakteriar, eller stoff som dei skil ut, kalla antigen, kan bli tekne inn i lymfesystemet av dediserte antigenpresenterande celler som til dømes dendrittiske celler og vidare inn i lymfeknutane. I respons til antigena vil lymfocyttar i lymfeknuten danne antistoff som går ut av lymfeknuten og vidare ut i sirkulasjonen for å søke og merke patogenet som dannar antigena. Når dei er merkte vil andre celler og komplement destruere patogenet.

Lymfe sirkulerar til lymfeknuten gjennom afferente lymfeårer og blir tappa inn i knuten under kapselen i eit rom kalla subkapsulær sinus. Subkapsulær sinus tappar den vidare inn i dei trabekulære sinusane og vidare inn i dei medullære sinusane. Sinusrommet er forma på kryss og tvers av pseudopodiar av makrofagar, som verkar ved å fange framandpartiklar og filtrere lymfen. Dei medullære sinusane konvergerar ved hilum, der lymfen går ut av lymfeknuten gjennom den efferente lymfeåra mot ein meir sentral lymfeknut, eller for å tappast gjennom ei sentral kragebeinsvene, i hovudsak gjennom postkapillære venylar, der den kryssar veggen i ein prosess kalla diapedese.

  • B-cellene migrerar til nodulær korteks og medulla.
  • T-cellene migrerar til den djupe korteks. Dette er ein region i lymfeknuten kalla parakorteks som omgjev medulla. Til skilnad frå korteks, som i hovudsak inneheld umodne T-celler, eller thymocyttar, så har parakorteks ei blanding av umodne og modne T-celler. Lymfocyttar kjem inn i lymfeknutar gjennom spesialiserte høgendotelvenylar som finst i parakorteks.

Når ein lymfocytt kjennar att eit antigen, blir B-celler aktiverte og reiser til dei germinale sentra (per definisjon finn ein germinale senter i «sekundære nodular», men ikkje i «primære nudlar»). Når antistoffproduserande plasmaceller blir danna, reiser dei til dei medullære kordene. Antigen si stimulering av lymfocyttar kan akselerera migrasjonsprosessen 10 gangar over normalt, noko som fører til hovne lymfeknutar.

Milten og mandlane er store lymfoide organ som verkar på same måte som lymfeknutar, men milten filtrerar blod i staden for lymfe.

Klinisk relevans endre

 
Mikroskopibilete av ein mesenterisk lymfeknut med adenokarsinom

Utdjupande artiklar for dette emnet er Lymfadenopati og Lymfødem.

Lymfeknutar kan bli svolne som følgje av infeksjon eller svulst, og betente som følgje av leukemi. Den auka storleiken skuldast i hovudsak auka trafikk av lymfocyttar som kjem inn i knuten frå blodet, som overstig utstrauminga. Dei kan òg bli forstørra som følgje av aktivering og proliferasjon av antigenspesifikke T- og B-celler (klonal ekspansjon). Av og til kan dei vere svolne ved fråvær av infeksjon, ofte grunna ein tidlegare infeksjon.

Lymfadenopati er eit omgrep som tydar «sjukdom i lymfeknutane». Det er likevel nesten synonymt med «hovne eller forstørra lymfeknutar». I desse tilfella er lymfeknutane lette å kjenne ved berøring (palpable; dette er eit teikn på ulike infeksjonar og sjukdommar.

Lymfødem er ein nokså omfattande tilstand som fører til lokalisert væskeretensjon og vevsheving. Dei påverka veva står i fare for å bli infiserte. Primær lymfødem skuldast vanlegvis dårleg utvikla eller manglande lymfeknutar. Sekundær lymfødem skuldast vanlegvis disseksjon av lymfeknutar som følgje av brystkreftsoperasjon eller andre strålingsbehandlingar.

Fleire bilete endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Fossum, Sigbjørn (13. februar 2009). «lymfeknute». Store medisinske leksikon. Henta 23. februar 2015. 
  2. «Swollen Glands and Other Lumps Under the Skin-Topic Overview». Children.webmd.com. 14. april 2011. Henta 28. februar 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Warwick, Roger; Peter L. Williams (1973) [1858]. «Angiology (Chapter 6)». Gray's anatomy. illustrated by Richard E. M. Moore (35. utg.). London: Longman. s. 588–785. 
  4. Kaldjian, Eric P.; J. Elizabeth Gretz; Arthur O. Anderson; Yinghui Shi; Stephen Shaw (Oktober 2001). «Spatial and molecular organization of lymph node T cell cortex: a labyrinthine cavity bounded by an epithelium-like monolayer of fibroblastic reticular cells anchored to basement membrane-like extracellular matrix». International Immunology (Oxford Journals) 13 (10): 1243–1253. Henta 11. juli 2008. 
  5. «Definition: cortex of lymph node from Online Medical Dictionary». Henta 19. oktober 2008. 
  6. Katakai, Tomoya; Takahiro Hara; Hiroyuki Gonda1; Manabu Sugai; Akira Shimizu (5. juli 2004). «A novel reticular stromal structure in lymph node cortex: an immuno-platform for interactions among dendritic cells, T cells and B cells». International Immunology 16 (8): 1133–1142. Henta 11. juli 2008. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lymfeknut