Norsk morfologi
Norsk morfologi er morfologien, dvs. bøyingslæra og avleiingslæra til norsk.
Bøying
endreNorsk er eit språk med relativt lite bøying.
Substantiv
endreNorske substantiv blir bøygd i bestemtheit og numerus.
Som i dei fleste andre indoeuropeiske språka er substantiva i norsk delt inn i bøyingsklasser.
Adjektiv
endreNorske adjektiv blir bøygd i grad (fin – finare – finast) og genus. Med unntak av liten (lita, lite) er opposisjonen mellom maskulinum og femininum nøytralisert, og berre nøytrumsforma er avvikande. Dette gjeld berre for adjektiv i positiv ubestemt eintal, gradbøygde adjektiv, og adjektiv i fleirtal og/eller bestemt form (finare, finast, finaste, fine) har ikkje genusbøying.
Adjektiva blir bøygd i bestemtheit og numerus, som substantiv. Dei skil seg likevel frå kvarandre ved at dei ved substantiva er inherente kategoriar, der adjektiva rettar seg etter substantivet. Eksponentane for dei ulike trekka i kvar kategori er også heilt ulike dei eksponentane vi finn innanfor substantivbøyinga. Fleirtal blir uttrykt med -e for adjektiva men med m.a. -ar/er for substantiva (gule bilar).
Verb
endreRegelmessige norske verb har sju bøyingsformer, med verbet leve som døme er det formene i tabellen nedanfor:
Finitte former | Infinitte former | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
Indikativ | Optativ | Imperativ | Substantivisk | Adjektiviske (partisipp) | ||
Presens | Preteritum | Infinitiv | Imperfektiv | Perfektiv | ||
lever | levde | leve | lev | leve | levande | levd |
Dei infinitte formene opptrer på same måten som substantiv og verb i setningar:
- Livet/Å sykle er lett. (substantiv/infinitiv)
- Det var ein tung/rullande/kasta stein (adjektiv/partisipp)
I skolegrammatikken blir den imperfektive partisippen kalla «presens partisipp», men setningar som Han kom syklande viser at karakteristisk for dei heller er at dei karakteriserer ei uavslutta handling.
Presens- og preteritumsformene kan kombinerast med dei infinitte verbformene infinitiv og/eller partisipp for å lage samansette verbal. Nokre døme går fram av tabellen nedanfor.
Tyding | Indikativformer | (Infinitiv) | (Partisipp) |
---|---|---|---|
Notid | går | ||
Fortid | gjekk | ||
Framtid | skal | gå | |
Førframtid | skulle | gå | |
Avslutta framtid | har | gått | |
Avslutta førframtid | skulle | ha | gått |
Verb kan delast i ulike bøyingstypar, i svake og sterke, etter om dei dannar preteritum med suffiks eller ikkje. Svake verb dannar preteritum med suffiksa -a eller -te/-(d)de, fordelinga dei i mellom er avhengig av fonologiske eigenskapar ved stammen. Einstava stammar (å nå) har suffikset -dde, stammar med trykk på siste staving og tonelag 1 (å reparere) har suffikset -te, det same har stammar med visse fonologiske strukturar. Alle andre verb dannar preteritum med -a.
Eldre versjonar av skolegrammatikken sette opp eit anna system. Samanliknar vi dei to systema, får vi dette biletet:
Namn |
Døme |
FØR NO |
FRAMOVER |
ATTENDE |
Eldre termar |
Presens |
reiser |
- |
- |
- |
|
Preteritum |
reiste |
+ |
- |
- |
|
Presens perfektum |
har reist |
- |
- |
+ |
Perfektum |
Preteritum perfektum |
hadde reist |
+ |
- |
+ |
pluskvamperfektum |
Presens futurum |
skal reise |
- |
+ |
- |
1. Futurum |
Preteritum futurum |
skulle reise |
+ |
+ |
- |
1. kondisjonalis |
Presens futurum perfektum |
skal ha reist |
- |
+ |
+ |
2. Futurum |
Preteritum futurum perfektum |
skulle ha reist |
+ |
+ |
+ |
2. kondisjonalis |
Språkrådet tilrår bruk av dei nye termane i kolonnen til venstre i staden for dei tradisjonelle i skolesamanheng, jf. Språkrådets framlegg til grammatiske termar.
Norske verb kan også delast inn i hovudverb og hjelpeverb. Hjelpeverba er ei lukka klasse av verb som blir brukt dels til å lage samansette tidsformer som i tabellen ovanfor (skulle og ha er hjelpeverba der), og dels til å markere talaren si innstilling til innhaldet i setninga (Vi må gå no). Syntaktisk skil hjelpeverba seg frå andre verb ved at dei tar infinitivar kom komplement utan infinitivsmerke, jf. Vi prøver å gå no, der prøver, til skilnad frå må, ikkje er eit hjelpeverb.
Lukka ordklasser i norsk
endreArtiklane adverb, determinativ, interjeksjon, konjunksjon, preposisjon, pronomen, subjunksjon inneheld alle drøftingar av desse ordklassene i norsk.
Litteratur
endre- Rønhovd, Jarle (1993). Norsk morfologi. Ad Notam Gyldendal.