Uksenøya

(Omdirigert frå Oksnøya)

Uksenøya eller Oksenøya, ligg i Ålesund kommuneSunnmøre, og har eit flatemål på om lag 108 kvadratkilometer. Den er den største av dei øyane som utgjer Ålesund.

Uksenøya
øy
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Stad Sunnmøre
Høgaste punkt Meraftafjellet
 •  høgd 576 moh.
Areal 108 km²
Folketal 30 333
Folketettleik 281 / km²
Kart
Uksenøya
62°27′48″N 6°30′15″E / 62.4632°N 6.5042°E / 62.4632; 6.5042
Kart som viser Uksenøya.
Kart som viser Uksenøya.
Kart som viser Uksenøya.

Øya er relativt lang og smal, om lag 26 km lang, frå Nørvasundet i vest til Dragsundet i aust.

Det om lag 7,48 km² store Brusdalsvatnet ligg om lag midt på øya. Brusdalsvatnet er langt og smalt, knapt 10 km langt og om lag 1,3 km breitt på det breiaste. Brusdalsvatnet er drikkevasskjelda til Ålesund kommune.

Øya har brusamband med fastlandet i Dragsundet, der E39 som går saman med E136 går over til fastlandet. E39 og E136 skil lag på Moa i Ålesund, der E136 går vidare vestover til Ålesund sentrum, med bru over Nørvasundet til Nørvøya. På Moa går E39 sørover til Vegsundbrua over til Sula kommune, og med vidare samband sørover med ferje til Ørsta kommune. Frå Blindheim går Riksveg til Magerholm med ferjesamband til Ørsneset i Sykkylven kommune. Riksveg går vidare til Valle nær Dragsundet, der det er kryss med E39/E136.


Frå 1849 til 1968 var øya delt mellom Borgund kommune og Skodje kommune. I 1968 vart Borgund-delen av øya innlemma i Ålesund kommmune og i 2020 følgde Skodje kommune etter. Det har skjedd ei svært stor utbygging på øya, både når det gjeld bustader og næringsliv. Eit av dei største kjøpesentera i landet ligg på Moa.

Tre av dei 7 bydelane i Ålesund ligg på øya:

Folketalsutvikling:

1801[2] 1900[3][4] 2000[5] 2024[5]
607 2056 22 491 30 333

Namnet

endre

Mange mindre øyar med namn som Usksnøya, Yksnøya eller Oksøy, har fått namnet fordi dei har vorte brukte til oksebeite.[6] Denne øya er så stor at namnet må eit anna opphav. Hans Strøm skriv i Søndmørs Beskrivelsebeskrivelse at på garden Hesseberg «sees 3 store, runde og jevnsidesliggende stene, kaldt Øksne, av hvilke den store halvø hvorpaa gaarden ligger, har i gamle dage vært kaldt Øksenø, fordi den da blev anset som en ø.»[7]

Kjelder

endre
  1. Folketalskart for Ålesund kommune frå 2008, vitja 27. januar 2010[daud lenkje]
  2. Folketeljing 1801 for Borgund prestegjeld, frå Digitalarkivet
  3. Folketeljing 1900 for Borgund herred, frå Digitalarkivet
  4. Folketeljing 1900 for Skodje herred, frå Digitalarkivet
  5. 5,0 5,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå
  6. Kristian Bugge: Om namnet "Yksnøy" (Oksenøen)
  7. Hans Strøm. Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør. II
  • Kristian Bugge: Om namnet "Yksnøy" (Oksenøen). Tidskrift for Sunnmøre historiske lag 1916 - 1917. 8-9de aargang.