Olaf Fjalstad

Olaf Fjalstad (2. april 188822. februar 1971) var ein norsk jurist og politikar, fødd i ¨Bamble. Han representerte byane i Nord-Noreg og partiet HøgreStortinget frå 1928 til -45.

Olaf Fjalstad
Fødd 2. april 1888
Bamble
Død

22. februar 1971 (82 år)

Yrke politikar, jurist

Fjalstad var son til ein prest. Etter å ha vorte student i Stavanger i 1906, studerte han til cand.jur. og tok eksamen i 1911. Åra 1911-15 praktiserte han kunnskapane sine hos Riksadvokaten i Oslo, og på sorenskriveri i Valdres og Nordre Helgeland. I 1916 flytta han til Tromsø og var fullmektig hos statsadvokaten i fem år, og deretter statsadvokat 1921-37 i Troms og Finnmark lagsokn. Samstundes var han 1930-37 styrar av Noregs Bank si avdeling i Tromsø. Frå 1937 var han lagdommar i Nedenes til han gjekk for aldersgrensa, budde då i Arendal.

Fjalstad var med i Tromsø bystyre frå 1922 til han forlet byen i 1937. Han var varaordførar 1926 og 1929-30, ordførar 1927. Hausten 1927 vart Høgre-mannen vald til å representere byane i Nord Noreg; Bodø, Narvik, Tromsø, Hammerfest, Vardø, Vadsø, på Stortinget. Med attval dei tre neste stortingsvala, vart han verande stortingsmann til 1945. Månadene fram til 21. juni 1928 var han med i Sosialkomiteen, då han vart flytta over i Justiskomiteen, der han vart verande medlem til han gjekk ut av Stortinget.

KjelderEndra