Olaug Bollestad

norsk politikar
(Omdirigert frå Olaug Vervik Bollestad)

Olaug Vervik Bollestad (fødd 4. november 1961) er ein norsk politikar og tidlegare leiar for Kristeleg Folkeparti 2021–2024. Ho var landbruks- og matminister i regjeringa Solberg frå 2019 til 2021.[1]

Olaug Bollestad

Foto: Gunnhild Sørås
Fødd4. november 1961 (63 år)
Strand kommune
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
YrkeSjukepleiar, politikar
VervLandbruks- og matminister 22. januar 2019–14. oktober 2021
FøregangarBård Hoksrud
EtterfylgjarSandra Borch
VervBarne og familieminister 20. september 2021–14.oktober 2021
FøregangarKjell Ingolf Ropstad
EtterfylgjarKjersti Toppe
VervOrdførar i Gjesdal kommune 2007–2013
Alle verv

Bakgrunn

endre

Bollestad er utdanna sjukepleiar og var tilsett ved Stavanger universitetssjukehus frå 1987 til 2007.

Bollestad var medlem av Gjesdal kommunestyre i 2003–2015 og ordførar i 2007–2013. I perioden mellom 2008 og 2014 var ho leiar av Kristeleg Folkeparti i Rogaland. Ho var 2. nestleiar i Kristeleg Folkeparti i 2015–2017, fyrste nestleiar i 2017–2019 og konstituert partileiar frå januar 2019.

Olaug Bollestad var vararepresentant til Stortinget for Rogaland frå 2009 til 2013, og blei vald inn som representant frå 2013. Frå 2017 til 2019 var ho leiar av Stortingets helse- og omsorgskomité.[2]

KrF-leiar

endre

Bollestad blei vald til leiar for KrF den 13. november 2021 etter at Ropstad trakk seg,[3] denne stillinga hadde ho fram til 22. august 2024 då ho sjølv gjekk av etter ein turbulent periode prega av ei lengre sjukemelding og eit varsel mot leiarstilen hennar.[4] Før Bollestad trakk seg, klandra ho nestleiarane og generalsekretæren i KrF for kupp.[5]

Kjelder

endre
  1. «Endringar i regjeringa». Regjeringa.no. 22. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 
  2. «Olaug Bollestad». Store norske leksikon. 23. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 
  3. Sofie Prestegård & Selma Joner. «Olaug Bollestad (60) valgt til ny leder av KrF» (på norsk bokmål). TV2. Henta 23. august 2024. 
  4. Anna Tørmoen, Henrik Thorsnes Lefdal & Lars Joakim Skarvøy. «Olaug Bollestad trekker seg som KrF-leder» (på norsk bokmål). TV2. Henta 23. august 2024. 
  5. Simon Elias Bogen & Ingvild Stuedal Taranger. «Bollestad anklaget nestledere og generalsekretær for kupp» (på norsk bokmål). NRK. Henta 23. august 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Olaug Bollestad