Hallingen Rotneims-Knut

Hallingen Rotneims-Knut er ein av dei mest kjende lausslåttane i landet, svært populær i kappleikssamanhang, både som tevlingsslått og som danseslått. Slåtten er svært utbreidd, og opningstaket i slåtten var lenge nytta som kjenningssignal for Buskerudsendinga i NRK. Slik sett er slåtten nærast eit ikon for Hallingdal. Slåtteformene er i dag for meste kalla opp etter kjempekaren Rotneims-Knut frå Gol, som lika å nytte denne slåtten til dans. Talet på former knyt slåtten til Vestlandet, der kjerneområdet ser ut til å ha vore Voss, Sogn og Sunnfjord. (for det meste under andre slåttenamn). Variantgruppa i Hardingfeleverket har nummer 154/168, med 14 nedskrivne former i alt. Av desse er heile ni frå Vestlandet. I Hallingdal ser det ut til at slåtten har spreidd seg med Gudbrand Skjellerud, til Krødsherad og moglegvis heilt til Tinn.

Edvard Grieg sette ut stevet til slåtten for mannskor i 1870-åra, og nytta slåtten i op.72, under nemninga Røtnamsknut (etter Knut Dale).

Slåtteformer endre

  • i: Akerten etter Per Straume, Solund, Sogn[9]. Nedskrift Arne Bjørndal 1942 (B 1936). Straume hadde slåtten etter Arne Vikja, Solund. ”Dette er ein gamal dans, eit slag kontradans”. Forma er den stuttaste nedskrifta, åtte takter lang, og kan spelast på to strenger (kvart og ters).

Supplementsnedskrifter:

Fotnotar endre

  1. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  2. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  3. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  4. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  5. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  6. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  7. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  8. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  9. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  10. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  11. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  12. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  13. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]
  14. Insitutt for musikkvitenskap ved Universitetet i Oslo: Feleverkene: Slåtter for hardingfele og vanlig fele[daud lenkje]