Ole Christian Eidhammer

Ole Christian Eidhammer (fødd 15. april 1965) er ein norsk tidlegare skihoppar fødd i Molde. Han vann to internasjonale meisterskapsmedaljar, begge i lagtevlingar. Under Ski-VM 1987 i Oberstdorf var han på det norske firemannslaget som tok sølv. Hroar Stjernen, Ole Gunnar Fidjestøl og Vegard Opaas var dei andre på laget. Året etter, under Vinter-OL 1988 i Calgary, vart det bronsemedaljar på dei fire som hoppa for Noreg. Eidhammer og Fidjestøl hadde då selskap av Jon Inge Kjørum og Erik Johnsen. Eidhammer var medlem av Heimdal Idrettsforening.

Ole Christian Eidhammer
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. april 1965 (59 år)
Molde kommune
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1984, Skihopping under Vinter-OL 1988 – Laghopp

Karriere endre

Eidhammers beste plasseringar i verdscupen var to tredjeplassar. Den fyrste kom i Holmenkollrennet i 1984, bak Vladimír Podzimek og Pavel Ploc, begge frå Tsjekkoslovakia. I januar 1988 vart han nummer tre i Bischofshofen, bak den suverene vinnaren Matti Nykänen og Primoz Ulaga. I dei store meisterskapane hamna Eidhammer på 18. plass i storbakkerennet under Vinter-OL 1984 i Sarajevo, og på høvesvis 17. og 19. plass i dei to individuelle renna under Vinter-OL i Calgary i 1988. Frå NM-tevlingar fekk han med seg to sølvmedaljar, i normalbakken i 1984 og i storbakken i 1988. Nærast meisterskapstittelen var han i 1988, med sine 209,3 poeng var han 2,9 poeng bak vinnaren, Jon Inge Kjørum.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Bakgrunnsstoff endre