Ole Thomesen (22. november 18178. oktober 1905) var ein norsk sakførar og stortingsmann frå Kragerø. Han melde seg inn i Venstre si partiforeining då denne vart danna i 1883.

Ole Thomesen
Fødd 12. november 1817
Kragerø kommune
Død

8. oktober 1905
Sandvika

Yrke politikar, jurist

Far til Thomesen var kjøpmann, og han tenkte sjølv å verte handelsmann. Han vart student i 1837 og cand. jur. i 1843. Sidan var han sakførar i Vågå og fullmektig hos ein prokuratorLillehammer. Han kjøpte ein gard på Fåberg som han på ti år dreiv mykje opp i salsverdi. På slutten av 1850-talet danna han eit dampskipsselskap som tok opp konkurransen på Mjøsa med «Det oplandske dampskibsselskab». Frå 1868 var han assessor (dommar) ved byretten i Christiania. Thomesen var sorenskrivar i Nedre Telemarken frå 1874 til -92. Han var då busett på Gvarv.

Thomesen representerte Bratsbergs amtStortinget frå 1877 til 1891. Han var medlem av næringskomite nr 2 i 1877-78, formann i same 1883-88 og atter medlem 1889-91. Elles var han medlem av valkomiteen 1879-88, av fullmaktskomiteen 1880-88, formann i protokollkomiteen 1880-82. Thomesen var medlem av Lagtinget i dei to bolkane 1883-85 og 1886-88, under riksretten mot Selmer-ministeriet i 1883-84 vart han skoten ut. På eit folkemøte i Telemark i 1888 kom han med ytringar om statsministeren, Johan Sverdrup, som kongen fann æreskjellande. Protokollkomiteen handsama saka i 1889, og kritiserte Thomesen, men utan det kom til åtgjerder.

Thomesen busette seg etter 1892 i Sandvika i Bærum, der han døydde i 1905.

KjelderEndra