Fresvik
- For bygda med same namn i Hardanger, sjå Fresvik i Ullensvang
Fresvik er ei bygd i Vik kommune i Vestland og eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Bygda ligg på sørsida av Sognefjorden, ved ei bukt like vestom innlaupet til Aurlandsfjorden. Sørom Fresvik ligg Fresvikbreen. Største arbeidsplassen er kjøleisolasjonsprodusenten Fresvik produkt, men jordbruk er framleis ein viktig leveveg.
Fresvik | |||
stad | |||
Fresvik frå fjorden.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Vik | ||
Postnummer | 6896 FRESVIK | ||
Preposisjon | i Fresvik | ||
Ferdselsårer | Fv182 Fv183 | ||
Fresvik 61°04′21″N 6°56′04″E / 61.0725°N 6.9344444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Fresvik |
Historie
endreDet er gjord funn i Fresvik frå jarnalderen, og gardsnamnet Hov tyder på at det har stått eit gudshov der i førkristen tid. Frå rundt år 1400 kom dei fleste av dei til då sjølveigande gardane inn under Fresvik gods. Godset bestod fram til midten av 1800-talet då det vart oppdeld og seld ut.[1]
Ingeborg Olsdotter Grønlien frå Grønlid på Fresvikåsen vart i 1845 avretta, som den nest siste i Sogn og Fjordane, ved halshogging. Ho hadde drepe faren sin.[2]
Andre kjende personar frå bygda er løparkongen Mensen Ernst og poeten Jon O. Bøtun.
Kommunesoge
endreFram til og med 1991 høyrde Fresvik til Leikanger kommune. Ved ei regulering av kommunegrensene vart Fresvik, saman med Feios, overført til Vik kommune 1. januar 1992.[3]
Fresvik sokn
endreFresvik er eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Fresvik kyrkje frå 1881.[4] Dagens kyrkje erstatta ei stavkyrkje frå 1100-talet. Fleire kunstverk frå gamlekyrkja er i museumssamlingar i Bergen og Oslo.[5]
Fresvik sokn høyrde til Leikanger prestegjeld i Indre Sogn prosti, men vart overført til Vik prestegjeld i Ytre Sogn prosti 1. august 1999.[6]
Samferdsle og utdanning
endreFresvik fekk vegutløysing i 1976. Då vart vegen mellom Feios og Fresvik opna.[7]
Bygda har kyrkje, barnehage og den fådelte Fresvik skule.[8] Ungdomsskulen vart vedteken nedlagt i 2009 som fylgje av pengemangelen Vik kommune kom i etter at dei tapte pengar i Terra-skandalen, og frå skuleåret 2010/2011 må ungdomsskuleelvane frå Fresvik difor bussast til Feios skule.
Kvar sommar frå 2005 har Fres festival vorte halden i Fresvik.
Aktivitetar
endreFresvik er eit utgangspunkt for turar i friluft sommer som vinter, då bygda er omringa av fjell. Bygda ligg i umiddelbar nærleik til 5 toppar: Mulakamben (613 moh.), Middagshaugen (721 moh.), Nonhaugen (1459 moh.), Lauvhoggskallen (1224 moh.) og Hovsfjellet (1389 moh.). Dei fleste toppane kan ein også koma seg opp på om vinteren; Nonhaugen er kanskje den mest kjente med ski på beina. Andre kjente turar i Fresvik er blant anna Fresvikbreen (1642 moh.), Huldafossen (378), Huldabotn (873), Huldakyrkja (1379), Tundalen, Helgedalen, Holten (470), Bjørnstigen (1043), Kolåsen (800), Rjupeskard (1340), Lægdaskard (902), Jordalskard (1100), Skomakarnipa (920), Fysseholten (724) og Storesåta (955).
Rett aust for Fresvik ligg Nærøyfjorden, som står på UNESCO si verdsarvsliste.
I tillegg har bygda:
- Kafé
- Badeplass
- Utleie av Kajakk
- Utleie av teltplass med tilhørende servicerom (dusj, toalett, vaskemaskin)
- Onsdagsturar
- Stisykling
- Skytebane
- Fotballbane (gress)
- Løpebane (grus)
- Sandvolleyballbane
- Ballbinge
- Bibliotek
- Treningsrom
- Spinning
- Trimmen
- Dametrim
- Korps
- 4H
- Grillhytte
- Utleige av skihytte i Skard
- Langrennsløype/lysløype
- Småbåthamn
- Gymsal
Fresvik kan også by på uorganiserte aktiviteter som:
- Stisykling
- Toppturar sommar
- Toppturar vinter
- Padling kano/kajakk
- Friklatring
- Blåbær- og tyttebærplukking
- Paragliding
Referansar
endre- ↑ NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon: «Fresvik-godset»
- ↑ NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon: «Farsmordet i Fresvik»
- ↑ Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 56
- ↑ Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Fresvik kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon: «Fresvik kyrkje»
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- ↑ Kristin Ese: «Vegutløysing for Fresvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ Nettstaden til Vik kommune: «Fresvik skule»[daud lenkje]