Auripigment

(Omdirigert frå Orpiment)

Auripigment eller orpiment, tidlegare også operment, er eit perlemorglinsande mineral (arsentrisulfid, kjemisk formel As2S3). Det opptrer på enkelte malmgangar saman med sølv- og blymineral, ofte assosiert med realgar.

Auripigment

Auripigment frå Nevada.
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formelAs2S3
Strunz-klassifisering02.FA.30
KrystallsymmetriMonoklint 2/m
Einingscellea = 11.475(5) Å, b = 9.577(4) Å, c = 4.256(2) Å, β = 90.45(5)°; Z=4
Identifikasjon
FargeSitrongult, oransjegult, brungult
KrystallsystemMonoklint prismatisk
Kløyv(010)perfekt
BrotBøyeleg, skjerbart
Mohs hardleiksskala1,5-2
GlansGjennomsiktig, gjennomskinneleg, harpiks, perle
TransparensTransparent
Tettleik3,49-3,49 g/cm3
Optiske eigenskapar
2V-vinkelMålt 30° til 76°, utrekna 62°

Auripigment kjem frå latin auripigmentum som er sett saman av aurum, 'gull', og pigmentum, 'pigment'. Det er typisk gulfarga og noko sjeldnare raudt. Det er eit tradisjonelt pigment i måling.

Stoffet er giftig.

Biletdøme endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Auripigment