Pål Bang-Hansen
Pål Helge Bang-Hansen (fødd 29. juli 1937 i Oslo, død 25. mars 2010)[1] var ein prisløna norsk skodespelar, regissør, journalist, forfattar og filmkritikar.[2][3]
Pål Bang-Hansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. juli 1937 Oslo |
Død |
25. mars 2010 (72 år) |
Yrke | filmregissør, filmmeldar, programleiar, manusforfattar, TV-regissør, skodespelar |
Far | Odd Bang-Hansen |
Prisar | Amandakomiteens ærespris, Gullrutens hederspris, Den Spillende Faun |
I meir enn 30 år spela han, ved sidan av arbeidet som filmregissør, ei viktig rolle som formidlar av film gjennom fjernsynet.
Biografi
endreSaman med familien budde han i Hammarbyhöjden i Stockholm frå 1943, der han gjekk på barneskule. Då han var busett i Husebygrenda, vart han barnestjerne og opptredde mellom anna mykje med Sverre Udnæs i høyrespela i Barnetimen, med hovudrolla i Mesterdetektiven Blomkvist. Bang-Hansen debuterte på film i Gategutter av Arne Skouen (1949). Etter eit opphald i Italia i åra 1950–1952 fekk han hovudrolla i bokfilmen til faren, Odd Bang-Hansen, Tom og Mette på sporet i 1952. På gymnaset studerte han språk samtidig med Gro Harlem Brundtland og Rolf Presthus, var leiar for Studentersamfundets Teater i 1959, før filmstudiar på regilinja ved Centro Sperimentaledi Cinematografia i Roma frå 1960 til 1962.
Frå 1962 rapporterte han årleg frå Filmfestivalen i Cannes, ofte saman med Arne Hestenes, frå 1968 med base i bustaden hans ved Tovo ved Villa Faraldi i Liguria. Derifrå skreiv han også reise- og matbøker. Som faren vart han kulturjournalist i Arbeiderbladet, og var det frå 1961 til 1967, men er mest kjend frå NRK, der han vart tilsett i 1965 og leidde Filmmagasinet heilt frå 1967 til 1993.
I 1966 gifta han seg og regisserte den fyrste av seks filmar for EMI Produksjon, Skrift i sne (1966) med manus av faren og broren Kjetil Bang-Hansen mellom skodespelarane. Komedien Norske byggeklosser selde bra i 1972. Dei to borna hans, Simen og Bent, var med i Kanarifuglen (1973). Den siste filmen han regisserte, var Kronprinsen, der Bjørn Sundquist vann Filmkritikerprisen 1980.
Andre NRK-program med Bang-Hansen var spørjeleiken Zoom i 1985 og også Lørdagsbilaget same år. I tillegg leidde han På kino i kveld (1990–1992),Oscarfest i Hollywood (1992),[4] og han har hatt innslag i Kulturoperatørene i 1994 og Cinemaskopet med Anne Hoff i 1996. Han leidde Påls briller i 1997, var innom Gydas vei i 1998, og var filmmeldar i Frokost-TV mellom 2003 og 2007. I 2002 laga NRK dokumentaren Pål sine stjerner om han.[5] Dessutan opptredde han sjølvparodisk i Uti vår hage i 2003. Bang-Hansen pensjonerte seg frå NRK i 2007, men heldt fram å skrive manuskript, det siste om XU-jenter frå den andre verdskrigen.[6]
Filmografi
endreSom regissør
endre- Spøkelsesbussen (1981)
- Kronprinsen (1979, inspirert av lagnaden til Ola Teigen)
- Farlig yrke (1976, fjernsynsserie, del 1)
- Bortreist på ubestemt tid (1974, frå det prisvinnande manuset til Sigrun Krokvik)
- Kanarifuglen (1973)
- Norske byggeklosser (1972)
- Filmen Douglas (1970, etter Haavard Haavardsholm-romanen De skjulte tjenester)
- Skrift i sne (1966)
Som skodespelar
endre- De blå ulvene (1993) .... skuffa mann
- Kvinnens plass (1956)
- Trost i taklampa (1955) .... Arne Barnhemmet
- Tom og Mette på sporet (1952) ...Tom
- Gategutter (1949) .... Sofus
- Uti vår hage (2003) .... Seg sjølv
Bibliografi
endre- Dager med Douglas (1970)
- 24 ganger i sekundet (Cappelen, 1988)
- Norske filmplakater 1911-1988 (Samlaget, 1988)
- Villa Faraldi (1986, saman med Jon Lie)
- Rivieraen (Cappelen, 2003)
- Toscana og litt om Umbria (Cappelen, 2003)
- Toscana, kultur og historie (Cappelen, 2004)
- Roma (Cappelen, 2005)
- Roma, historie og kultur i den evige stad (2005)
Prisar
endre- Gullruten 2001, heidersprisen
- Amanda-prisen 2002, heidersprisen
- Haugesund by sitt æresteikn «De fykende måker», utdelt ved Filmfestivalen i Haugesund der han har vore kvart år
- Aamotstatuetten 2009, saman med med-kritikar Per Haddal.
- Den Hvide Knap 2010 Storkors, Det Norske Studentersamfunds Teaters Orden.[7]
Kjelder
endre- «Pål Bang Hansen» på Wikipedia på bokmål, innhenta 25. mars 2010.
Referansar
endre- ↑ «Pål Bang Hansen er død» på NRK.no (25.10.2010).
- ↑ «Pål_Bang-Hansen» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Pål Bang-Hansen på IMDb
- ↑ Fiasko-lørdag med Pål i VG (06.04.1992).
- ↑ Pål sine skrøner (14.8.2002).
- ↑ Filmplan om motstandskvinner. Bang-Hansen har manus klart i VG (13.4.2009).
- ↑ Universitas.no Nasjonalheltenes fødeplass i
Bakgrunnsstoff
endre- Sigitaliserte bøker av Pål Bang-Hansen hjå Nasjonalbiblioteket