Pål og Erlend Torfinnsson

(Omdirigert frå Pål Torfinnsson)

Pål Torfinnsson og broren Erlend Torfinnsson var sams jarlar over Orknøyane. Begge var fødde nokre år før 1064 og begge døydde i 1098, Pål i Nidaros og Erlend i Bergen.

Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Norrøne kjelder endre

Livet til dei to brørne er skildra mest detaljert i Orknøyingasoga[1] og dei er nemnde i soga om Harald Hardråde[2] og i soga om Magnus Berrføtt[3]. Dei norrøne sogene er rekna som usikre kjelder, då dei vart nedskrivne meir enn 100 år i ettertid. Ein trur likevel at Orknøyingasoga gir truverdige opplysningar om dei viktigaste hendingane i livet til orknøyjarlane i tida etter år 1000.

Familie endre

Far til Pål og Erlend var orknøyjarlen Torfinn Sigurdsson (Torfinn den mektige) og mor deira var Ingebjørg, dotter til Finn Arnesson. Gjennom mora var dei i slekt med dei norske kongane; syskenbarnet til Ingebjørg var Tora Torbergsdotter som var gift med Harald Hardråde og mor til kongane Magnus Haraldsson og Olav Kyrre. Gjennom faren var dei i slekt den skotske kongsætta; farmora Plantula[4] var dotter til den skotske kongen Malcolm II (Melkólms Skotakonungs)[5].

Erlend Torfinnsson vart gift med Tora Sumarlidedotter[Note 1] og dei hadde sønene Erling og Magnus og døtrene Gunnhild og Cecilia. Han hadde òg ei tredje dotter, Jatvor, med ei anna kvinne. Sonen Magnus er seinare nemnt i Orknøyingasoga som jarl, martyr og helgen (Magnus den heilage).

Pål Torfinnsson vart gift med ei av døtrene til Håkon Ivarsson jarl[Note 2] som på den tida var dansk jarl i Halland. Knytlingesoga[6] (kap.78) nemner at Håkon jarl si dotter Sunniva var farmor til den danske kongen Erik Lam. Dette er òg i samsvar med opplysningar i «Soga om Håkon Ivarsson»[7]. Den andre dottera, som vart gift med Pål Torfinnsson, heitte truleg Ragnhild. Dei hadde mange born, ein son var Håkon og fire døtre er nemnde: Tora, Ingerid, Herbjørg og Ragnhild.

Liv og lagnad endre

Etter at faren døydde i 1064 vart Erlend og Pål sams jarlar over Orknøyane. Truleg var dei særs unge då dei tok over riket, men likevel ikkje yngre enn at dei eit år eller to seinare var med på hærferd til England. Til å byrje med vart jarleriket ikkje delt opp, slik det hadde vore vanleg i tidlegare tider, til dømes då faren og halvbrørne hans styrte kvar sin lut av riket, og Orknøyingasoga understrekar at samstyret fungerte fredeleg og godt i lang tid. Men ein høyrer ikkje noko om at dei to jarlane aktivt gjorde noko for å sikre herredømet av heile det riket som faren hadde rådd over og ein får det inntrykket at nokre av dei skotske og irske områda fall i frå.

Slaget ved Stamford bru endre

Brørne er først nemnde i Orknøyingasoga[8] då dei følgde med kong Harald Hardråde på hærferda i 1066, for å erobre England. I soga blir det sagt at begge jarlane og mykje hærfolk frå Orknøyane var med i styrken til kong Harald. I september 1066 segla dei opp i elva Humber og vidare opp i elva Ouse i Yorkshire. Kong Harald heldt nokre slag i nærleiken av York (Jorvik) og han «la landet under seg». Til sist kom det til eit slag Stamford bru[Note 3] og der fall kong Harald Hardråde. Jarlane Erlend og Pål tok ikkje del i dette slaget, men saman med kongssonen Olav var dei blitt verande att for å vakte på skipa. I Orknøyingasoga blir det fortalt at Øystein Orre, saman med jarlane, leia eit nytt, hardt åtak mot engelskmennene (Orre-ria)[9], men der fall Øystein og mest alle nordmennene. Utan om i Orknøyingasoga, er slaget omtala i mange norrøne og engelske kjelder, mellom andre i den angelsaksiske krønika[10] for året 1066. Sigerherren, kong Harald Godwinson, gjorde avtale med kongssonen Olav, biskopen og orknøyjarlane, slik at dei fekk fare derifrå i fred. Med restane av hæren og 24 skip, returnerte dei til Orknøyane. Olav Haraldsson vart verande på Orknøyane om vinteren og vart framifrå til vens med Erlend og Pål. Om våren reiste han attende til Noreg og vart konge, seinare kjend under namnet Olav Kyrre, saman med broren Magnus.

Jarlesønene skaper splid endre

Då sønene til Erlend og Pål vaks til, vart det stor usemje mellom dei. Håkon Pålsson og Erling Erlendsson var store ustyringar medan Magnus Erlendsson var meir stillfarande. Håkon Pålsson tykte at han stod over dei to Erlendssønene, då han meinte seg meir ættestor[Note 4]. Erlend jarl og Pål jarl stemnde til møte for at dei skulle semjast, men dei skildest uforlikte. Godviljande menn megla seinare mellom brørne og det vart gjort avtale om å dele riket i to, og på det viset gjekk det ei tid. Men så vart dei usamde på nytt; Håkon Pålsson vart stendig meir villstyrig og kravstor og Erlend og sønene hans ville ikkje lenger gå med på noko semje. Det enda då med at Håkon Pålsson drog frå Orknøyane og i ei lang tid var han i Noreg hos kong Olav Kyrre, og seinare i Sverige hos kong Inge Stenkilsson.

På Orknøyane vart det då Erlend Torfinnsson jarl og sønene hans som rådde for det meste og Pål Torfinnsson brydde seg heller lite om styringa. Det var god fred i riket, og slik var det ei heil stund, så lenge Håkon Pålsson heldt seg borte.

Orknøyjarlen blir kongens jarl endre

I 1093 var Magnus Olavsson Berrføtt blitt norsk konge og nokre år seinare kom Håkon Pålsson attende til Noreg. Han visste at han ikkje var velkomen på Orknøyane, men han hadde ambisjonar om å ta over som ny orknøyjarl og tok den råda at han ville be kong Magnus om hjelp. Han freista å overtale kongen til å legge under seg øyane vest i havet og argumenterte med at derifrå kunne han herje i Irland og Skottland og seinare i England for å hemne farfaren, Harald Hardråde. Orknøyingasoga[11] fortel at kong Magnus fengde på ideen, og at han tok til å bu seg på hærferd. Men kong Magnus hadde nok gjort seg sine eigne tankar om tiltaket og det gjekk ikkje heilt slik som Håkon Pålsson hadde tenkt seg.

I 1098 kom kong Magnus Berrføtt med ei stor hær til Orknøyane, og noko av det først han gjorde var å ta til fange dei to brørne, Pål jarl og Erlend jarl. Dei vart same hausten sende til Noreg og ei stutt tid etter døydde dei, Pål jarl i Bergen og Erlend jarl i Nidaros. I Soga om Magnus Berrføtt[12] er òg dette fortalt, og der er det sagt at «Erlend døydde på sotteseng». Korleis Pål jarl døydde, er ikkje nemnt.

For første gong hende det at ein norsk konge greip direkte inn i styringa av jarledømet på Orknøyane. Aldri før hadde ein norsk konge avsett ein jarl og sett inn sin eigen representant i staden. Orknøyjarlen, som til no hadde styrt i kraft av arv og føderett, var i røynda blitt til "kongens jarl".

Når begge jarlane slik brådøydde i fangenskap i Noreg, vart det naturleg nok spekulasjonar om kva avferd dei eigentleg hadde fått. I Orknøyingasoga[13] blir det fortalt at kong Magnus Berrføtt betalte farsbot til Erlend si dotter Gunnhild, då ho i 1099 vart gift med Kol Kalesson[Note 5], og det kunne tyde på at i det minste Erlend ikkje hadde fått ein naturleg død.

Etterspel endre

Håkon Pålsson hadde misrekna seg, i alle høve i første omgang. Då kong Magnus Berrføtt drog på hærferd vidare sørover til Sudrøyane, sytte han for at sønene åt jarlane, Magnus Erlendsson, Erling Erlendsson og Håkon Pålsson, vart med i hærstyrkane. På Orknøyane sette kong Magnus sonen sin, den åtte år gamle Sigurd, til jarl. Han var jarl over øyriket til faren døydde i 1103; då drog han attende til Noreg og vart den nye kongen, seinare kjend som Sigurd Jorsalfare.

Erling Erlendsson fall på hærferda; det er usikkert om det skjedde i slaget i Ongulsøysund (Menai Straits sør for Anglesey), eller seinare, i 1103 ved Ulster, der kong Magnus òg fall.

Rett nok vart Håkon Pålsson jarl over Orknøyane etter nokre år, men då var det den norske kongen som gav han jarlsnamn og land å styre[14].

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Torfinn Sigurdsson
(Den mektige)
Pål Torfinnsson
Samstyre med:
Erlend Torfinnsson
Sigurd Magnusson Jorsalfare
- Håkon Pålsson
Magnus Berrføtt

Kjelder og utfyllande opplysningar endre

Notar endre

  1. Far til Tora var Sumarlide Uspaksson; mest truleg var far hans Uspak Tórdarson og mor hans var Torgerd (Tordis), som var dotter til den mektige hovdingen Sidu-Hall Torsteinsson på Island.
  2. Håkon Ivarsson jarl vart aldri jarl i Noreg. Ei tid (omkring 1063) var han kong Stenkil sin jarl i Götaland (Gautaland) og i Värmland, seinare vart han dansk jarl i Halland under kong Svein Estridsson.
  3. Stamford Bridge er i dag ein landsby i East Riding, Yorkshire, og ligg ved elva Derwent. Lokaliseringa av sjølve slagstaden er omdiskutert.
  4. Mormor til Håkon Pålsson var Ragnhild Magnusdotter som var sonedotter til Olav den heilage og morfaren, Håkon Ivarsson jarl, var etterkomar etter ladejarlen Håkon jarl den mektige.
  5. Gunnhild og Kol vart foreldra til orknøyjarlen Ragnvald Kale Kollson (ca 1100-1158).

Fotnotar endre

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga um Harald Hardråde Omsett av S. Schjött (1900) frå heimskringla.no
  3. Soga om Magnus Berrføtt Kongesoger III (Samlaget, Oslo 1965)
  4. Sutherland and Caithness in saga-time (Edinburgh 1922) side 37
  5. Malcolm II Scottish monarks
  6. Knytlinga Saga frå heimskringla.no
  7. Hákonar saga Ívarssonar av John Helgason og Jakob Benediktsson (København 1952) - sjå side XXV
  8. Orknøyingasoga - kapittel 34
  9. Orknøyingasoga - kapittel 34
  10. The Anglo-Saxon Chronicle Arkivert 2013-09-02 ved Wayback Machine. (Part 5) Online Medieval and Classical Library
  11. Orknøyingasoga - kapittel 38
  12. Soga om Magnus Berrføtt kap. 8 og 11
  13. Orknøyingasoga - kapittel 42
  14. Orknøyingasoga - kapittel 43

Bakgrunnsstoff endre