Eldstrupekolibri

(Omdirigert frå Panterpe)
Eldstrupekolibri
Eldstrupekolibri Foto: Joseph C Boone
Eldstrupekolibri
Foto: Joseph C Boone
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av eldstrupekolibri
Utbreiinga av eldstrupekolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Lampornithini
Slekt: Panterpe
Art: Eldstrupekolibri P. insignis
Vitskapleg namn
Panterpe insignis

Eldstrupekolibri (Panterpe insignis) er ein mellomstor kolibri som lever i fjella i Costa Rica og vestlege Panama. Han er den einaste medlemmen av den biologiske slekta Panterpe.

Skildring endre

 
Frå sida syner eldstrupekolibriar lite fargar
Foto: Joseph C Boone

Denne kolibriarten er rundt 10,5 til 11 cm i kroppslengd og veg ca. 5-6 gram. Han har eit rett svart nebb og mørke føter.

Fjørdrakta åt vaksne eldstrupekolibriar har skinande grøn kropp, ein mørk, blå hale, og ein kvit flekk bak auget. I feltet er dei ofte mørke og fargelause, men når lyset fangar dei i rett vinkel, viser fuglane ei strålande blå krone, gul til lys oransje hals, og blå brystflekk. Kjønna er like, men ungfuglar har raudbrune frynsar på hovudet og hannar er litt større enn hoer. Lætet er eit høgfrekvent kvitter.

Hofuglen av eldstrupekolibri syter for reirbygging og ruging åleine. Hoa legg to kvite egg i eit klumpa, koppforma reir av plantefiber. Reiret henger 2–4 m over bakken i toppen av ein bambusstilk eller etter anna feste. Rugetida er 15-19 dagar, og ungane er flygedyktige etter 20-26 dagar.

Leveområdet er i alpin skog, tåkeskog inkludert elfinskog, på skoggrensa opp mot subpáramo og på beiteland i høglandet der det òg finst tre. Oftast finn ein dei i trekrona, men ned til katt ved skogkantar og i opningar i skogen. Høgda er frå ca. 1400 moh. og over.

Føda er nektar, som dei tar frå ei rekkje planteartar med små blomar, inkludert epifyttiske lyng og ananasblomar. Som andre kolibriar fangar dei òg små insekt som ei viktig kjelde til protein. Hannar av eldstrupekolibri forsvarar eit territorium me blomar, og er dominerande over dei fleste andre kolibriar. Dei vil likevel tillata hoer å dele på matressursane.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og arten er klassifisert som livskraftig.[1]

Kjelder endre

Referansar
  1. BirdLife International (2016)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eldstrupekolibri