Kjøttmeis

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Parus major)
Kjøttmeis
Kjøttmeis Foto: Marek Szczepanek
Kjøttmeis
Foto: Marek Szczepanek
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kjøttmeis
Utbreiinga av kjøttmeis
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Meisefamilien Paridae
Slekt: Parus
Art: Kjøttmeis P. major
Vitskapleg namn
Parus major

Kjøttmeis eller kjøtmeis (Parus major) er ein fugl i meisefamilien. Med ei lengd på ca 15 cm og vekt frå 14 til 20 gram er ho den største fuglen i familien som finst i Noreg.

Kjøttmeis set framanfrå.
Foto: Adam Kumiszcza

Utsjånad endre

Fuglen har svart hovud, kvite kinn og ei svart stripe langs undersida, men merker seg ut ved det sterkt gulfarga brystet. Ryggen er grønleg medan stjerten og vengene er blåaktige. Unge fuglar har ofte litt mattare fargar enn dei eldre.

Ved å strekka hals og nebb oppover, slik at ein ser det gule brystet med stripa, og røra hovudet slik at dei kvite flekkane liknar store auge, kan kjøttmeisa truga andre fuglar.

Levemåte endre

 
Kjøttmeisegg.
 
Kjøttmeisreir med ungar.

Insekt, larvar, frø og frukter er typisk kost for meisa, som set stor pris på vintermating med feitt og liknande. Ho er sjølv byttedyr for tårnfalk, hønsehauk, sporvehauk, sporveugle mm.

Kjøttmeisa held seg gjerne saman med andre fuglar. Om vinteren leitar ho ofte etter mat saman med blåmeiser eller andre skogsfuglar i såkalla meisetog.

Hekking endre

Fuglen hekkar frå april til juli, og har ofte to kull same året. Ofte brukte hekkeplassar er gamle hole tre, men er og ein ivrig kassarugar. Reiret lagar ho ved å fylle opp kassen med ca 8–10 cm mose, på toppen lagar ho ei grop som ho fôrar med det ho finn i området. Oftast er det ull, hår og fjør. Kjøttmeisa legg 6–12 egg, og rugetida er 12–14 dagar. Ungane dreg frå reiret etter 15–20 dagar. Kjøttmeisepara er trufaste.

Utbreiing endre

I Noreg finst kjøttmeisa over heile landet, bortsett frå nord i Finnmark. Ho held gjerne til i lauv- og blandingsskog.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kjøttmeis