Per-Kristian Foss
Per-Kristian Foss (fødd 19. juli 1950) i Oslo er ein norsk politikar frå Høgre. Han har vore leiar for Unge Høgre 1973-1977, vore statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) 2001-2005, og har sete på Stortinget samanhengande frå 1981 til 2013.
Per-Kristian Foss | |||
Per-Kristian Foss i september 2009 Foto: Hans A. Rosbach | |||
Fødd | 19. juli 1950 (74 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, redaktør | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Jan Erik Knarbakk | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Verv | 1. nestleiar i Høgre 9. mai 2004–27. april 2008 | ||
Føregangar | Erna Solberg | ||
Etterfylgjar | Jan Tore Sanner | ||
Verv | 2. nestleiar i Høgre 5. mai 2002–9. mai 2004 | ||
Føregangar | Anne Berit Andersen | ||
Etterfylgjar | Jan Tore Sanner | ||
Verv | Norsk finansminister 19. oktober 2001–17. oktober 2005 | ||
Føregangar | Karl Eirik Schjøtt-Pedersen | ||
Etterfylgjar | Kristin Halvorsen | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1. oktober 1981–30. september 2013 | ||
Verv | Unge Høgre-leiar 1973–1977 | ||
Føregangar | Jan Petersen | ||
Etterfylgjar | Kaci Kullmann Five | ||
Alle verv |
|
I perioden 2014–2018 er han riksrevisor.
Utdanning og karriere
endreFoss har examen artium frå 1969, og er utdanna cand.mag. frå 1977 med faga statsvitskap, offentleg rett og kriminologi. Han dreiv journalistpraksis i 1971-1973, og var i perioden 1980-1981 konsulent i Norsk Rederiforbund. Han har elles vore fulltids politikar heile sitt vaksne liv.
Partiverv
endrePer-Kristian Foss kom med i sentralstyret i Unge Høgre i perioden 1971-1973, og var leiar for Unge Høgre i perioden 1973-1977. Han var dermed også med i Høgre sitt sentralstyre 1973-1977, der han heldt fram i åra fram til 1986, frå 1978 også som medlem av arbeidsutvalet. Han var formann i Høgre sin programkomité 1983-1985, 2. nestleiar Oslo Høgre 1988-1992, og leiar for Oslo Høgre 2000-2004. Han var 2. nestleiar i Høgre 2002-2004, og 1. nestleiar 2004-2008.
Stortinget
endrePer-Kristian Foss møtte som vararepresentant allereie i stortingsperioden 1977-1981, og har møtt fast som stortingsrepresentant for Oslo på alle Storting frå 1981. Han var medlem i Presidentskapen for perioden 2009-2013, som andre visepresident i Stortinget.
Medlemskap i stortingskomitear
endre- 1981-85: Medlem, Energi- og industrikomiteen, 21.10.1981 - 30.09.1985
- 1985-89: Sekretær, Energi- og industrikomiteen, 23.10.1985 - 30.09.1989
- 1981-89: Varamedlem, Valkomiteen, 09.10.1985 - 30.09.1989
- 1989-93: Leiar, Finanskomiteen, 23.10.1989 - 30.09.1993
- 1993-97: Sekretær, Finanskomiteen, 21.10.1993 - 30.09.1997
- 1993-97: Varamedlem, Den utvida utenrikskomitéen, 21.10.1993 - 30.09.1997
- 1993-97: Medlem, Valkomiteen, 11.10.1993 - 30.09.1997
- 1997-2001: Medlem, Den utvida utenrikskomitéen, 21.10.1997 - 30.09.2001
- 1997-2001: Medlem, Finanskomiteen, 21.10.1997 - 30.09.2001
- 1997-2001: Medlem, Valkomiteen, 08.10.1997 - 30.09.2001
- 2001-2005: Medlem, Valkomiteen, 09.10.2001 - 19.10.2001
- 2005-2009: Medlem, Kontroll- og konstitusjonskomiteen, 19.10.2005 - 30.09.2009
- 2009-2013: Medlem, Kontroll- og konstitusjonskomiteen, 20.10.2009 - 30.09.2013
Medlemskap i gruppestyre
endrePer-Kristian Foss har sidan 1989 vore medlem i gruppestyret til Høgre si stortingsgruppe, med unntak av dei 4 åra han var statsråd, 2001-2005. I periodane 1993-1997 og 1997-2001 var han nestleiar i gruppestyret.
Medlemskap i regjering
endre- Statsråd i Finansdepartementet 19. oktober 2001–17. oktober 2005 (Regjeringa Bondevik II).
Heider
endreI 2005 vart han Kommandør av St. Olavs Orden.