Peter Elliott (fødd 9. oktober 1962) er ein britisk tidlegare mellomdistanseløpar som vann sølvmedaljen på 800 meter i VM 1987 og på 1500 meter i Sommar-OL 1988.

Peter Elliott


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 9. oktober 1962 (61 år)
Rawmarsh
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984

Frå 1983 var Elliott ein av dei beste 800-meterløparane i verda. Under verdsmeisterskapen i Helsinki enda han på fjerdeplass på distansen. Året etter rauk han ut i kvartfinalen ved dei olympiske sommarleikane i Los Angeles. I 1986 la han beslag på tredjeplassen i samveldeleikane, bakom Steve Cram og skotske Tom McKean. I VM i friidrett 1987 i Roma tok han sølvmedaljen på 800 meter, eit løp der Billy Konchellah frå Kenya triumferte. Under dei olympiske leikane i Seoul deltok Elliott på både 800 meter og 1500 m. På 800 m missa kom han 6 hundredels sekund for seint til å ta bronsen. Derimot lukkast han sikre seg sølvmedaljen på 1500 meter, tett bak kenyanske Peter Rono og like framom Jens-Peter Herold og Steve Cram. Vinteren 1990 sigra Elliott på 1500 meter i samveldeleikane i Auckland. 30. mai 1990 sprang han sitt livs beste løp då han vann ein 800 meter i Sevilla på tida 1.42,97. Han var ein av favorittane på 1500 meter ved EM i friidrett 1990 i Split, men måtte nøye seg med ein fjerdeplass i finalen. To veker seinare, 16. september i Sheffield, sette han personleg rekord på 1500 m med 3.32,6.

Kjelder endre