Peter-John Vettese
Peter-John Vettese (fødd 15. august 1956)[1] er ein skotsk klaverspelar, låtskrivar, arrangør og plateprodusent.
Peter-John Vettese | |||
Fødd | 15. august 1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Skottland | ||
Fødenamn | Peter-John Vettese | ||
Alias | Peter Vettese | ||
Opphav | Skottland, Storbritannia | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Progressiv rock, pop | ||
Instrument | Tangentinstrument | ||
Tilknytte artistar | Jethro Tull | ||
Plateselskap | Kobalt Music | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, arrangør, produsent |
Vettese vart medlem av Jethro Tull i 1982 for innspelinga av albumet deira Broadsword and the Beast,[1][2][3] og turnerte mykje med bandet dei neste åra,[4][5] og er med på albumet Live at Hammersmith '84. Vettese medverka i stor grad på det tungt elektroniske albumet Under Wraps, (1984)[1] og turnerte igjen med bandet i 1986. Han var òg gjestemusikar på albumet Rock Island (1989).
Vettese samarbeidde med frontmannen i Tull, Ian Anderson på soloalbumet hans Walk Into Light i 1983.[1][3][6][7] Vettese var medlåtskrivar på halvparten av songane der han nyttar mykje elektroniske tangentinstrument.[6][7]
Etter dette starta Vettese karrieren sin som låtskrivar, arrangør og produsent. I 1980-åra arbeidde han med og prorduserte artistar som Frankie Goes to Hollywood, Go West, Pet Shop Boys, Bee Gees, Cher, Foreigner, Carly Simon og Clannad. I 1987 spelte han i studio med Paul McCartney, men avslo eit tilbod om å verte medlem av det gjenforeinte bandet til McCartney, Wings.
I nyare tid har han arbeidd med Simple Minds, Annie Lennox (vann Grammy for arrangementet på Walking on Broken Glass), Zucchero, Peter Cox, Heather Small, Dido, Sophie B. Hawkins, Andy Leek, Beverley Knight, Gary Barlow, Mark Owen, Geri Halliwell, Melanie C, Nate James, Alex Parks, Darren Hayes, Robin Gibb, Laura Critchley, Peter Heppner og Spark.[8]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Peter-John Vettese» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Peter Vettese». The Official Jethro Tull Website. Henta 15. september 2012.[daud lenkje]
- ↑ «Peter-John Vettese - Biography». AllMusic. Henta 15. september 2012.
- ↑ 3,0 3,1 «Jethro Tull - Biography». AllMusic. Henta 15. september 2012.
- ↑ «There's More To Jethro Tull Than Ian Anderson». Pittsburgh Press - Google News Archive. 23. oktober 1984. Henta 15. september 2012.[daud lenkje]
- ↑ «Jethro Tull Delights Loyal, But Few, Fans». Pittsburgh Press - Google News Archive. 1. november 1984. Henta 15. september 2012.
- ↑ 6,0 6,1 «Ground and Sky review - Ian Anderson - Walk Into Light». Ground and Sky. 28. desember 2003. Arkivert frå originalen 5. januar 2011. Henta 15. september 2012.
- ↑ 7,0 7,1 «Ian Anderson - Walk Into Light reviews». Progarchives. Henta 15. september 2012.[daud lenkje]
- ↑ «Keyboard star returns to festival to bury demons». Herald Scotland. 2. august 2010.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2012-10-30 ved Wayback Machine.
- Biografi på den offisielle nettsida til Jethro Tull Arkivert 2011-08-31 ved Wayback Machine.